Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'cimber'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Ivar Moe har i dag sendt ut ei etterlysing etter ervingar etter sokneprest Fredrik Cimber i Luster 11. maj 1770 og dette etterlysingi har inspirert meg til følgjande nye tema: I 1744 fekk Luster ny sokneprest, Fredrik Cimber frå Ørlandet, som i mellomtidi hadde vore skipsprest i det ostindiske kompaniet. Det er påfallande å sjå korleis føringi av kyrkjebøkene gradvis endra seg etter at Cimber kom til Luster, og når me høyrer at det endå på 1900-talet vart snakka om korleis «presten drakk og klokkaren drakk», kan ein til dels forstå korleis dette måtte enda... Det er heller ikkje so mykje me får vita om Fredrik Cimber og kona hans, sjølv Lampe er sparsommeleg med detaljar, men kanskje det i dag ligg føre meir kjeldemateriale som kan bidra til komplettering av denne biografien? Her følgjer min siste versjon av dette manuskriptet: ~~~~~~~~~~~~~~ Fredrik Nilsson Cimber, opphavleg frå Storfosna på Ørlandet, var son av futen Nils ##### (farsnamnet hans?) Cimber på Storfosna, opphavleg frå ##### (kvar fødd og oppvaksen?) og kona Ida Margretha ##### (farsnamnet hennar?) Finkenhagen frå Christiania. Fredrik var f. på Ørlandet 10.10.1710. Fredrik Cimber reiste ei tid som skipsprest for det ostindiske kompaniet. ##### (fleire detaljar om dette? - cand.theol??) Men 11.10.1744 vart Fredrik Cimber utnemnd til sokneprest i Luster og flytte hit. Her vart han gravlagd 18.2.1770. Fredrik gifte seg i Luster 8.12.1755 med Elisabeth Maria ##### (farsnamnet hennar?) Meenholdt frå ##### (kvar fødd og oppvaksi?) Ho var dotter av ##### (fcoreldri? - fulle namn, yrke og bustad samt opphav?) og f. ##### (dato og stad for fødsli hennar?) .10.1714. Ho vart gravlagd her i Luster 11.10.1780. Fredrik Cimber synte seg som ein heller dårleg prest, og av helsemessige òrsaker søkte han alt i 1760 avskil frå embetet. Fr 1761 fekk han pensjon, og kring 1762 flytte Fredrik og kona til enkjesetet Kvale der dei vart buande levetidi ut. Dei fekk ikkje born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.