George H. Cook, oppgjeven fødd i Danmark 10.9.1849 skal ifølgje FT1900, 1910 og 1920 ha utvandra til Amerika i 1870, medan det i FT1930 er oppgjeve 1967 som utvandringsår- Han gifte seg i Lincoln Co., SD 29.10.1881 med Anna Marie Olson, fødd i Luster 10.7.1860 og utvandra i 1862 med mor si til Wisconsin.
Dei busette seg i Emerson, Dakota Co., NE der George Cook døydde anten 28.3.1935 eller 28.3.1939 (båe datoar har vore oppgjevne!)
Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å identifisera denne dansken?
** Dato og stad for fødsli hans?
** Utvandringsåret?
** Kven var foreldri hans, yrke,bustad og opphav?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!