Denne utfordringi har eg jobba med i mange år, men aldri har eg greidd finna ut kvar det vart av denne guten!
Torsten Nilsson, son av Nils Torgerson (1769-1829) og Kari Olsdotter (1771-1842), husmannsfolk i Dvergsdalen ved Marifjøra, men plass under Prestegard i Luster, vart døypt i Hafslo 30.10.1808 og vart konfirmert i Hafslo i 1823. Han er nemnd i live då faren døydde i 1829, men det er òg siste livsteikn me ser etter han!
Er det mogeleg å finna ut kvar det vart av denne guten? Det hadde vore svært so kjekt!
Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips!