Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'fimreite'.
Fant 2 resultater
-
Torkild Andersson , fødd på Alsmo i Luster 26.5.1830, var gift med Randi Olsdotter, fødd på Fimreite i Sogndal 6.12.1832. Dei busette seg som plassafolk i Haugaviki under Fimreite der Torkild d. 3.3.1902. Randi døydde i Vik i Sogn 26.7.1926. Dei fekk i alt sju born som alle busette seg på Fimreite eller i nabobygdene i Sogn, bortsett ifrå denne jenta: Ingeborg Torkildsdotter, fødd i Sogndal 1.8.1872. Slekti hennar fortél at Ingeborg skal ha utvandra til Amerika i ung alder, men at ho aldri hadde kontakt med korkje foreldri eller søskeni i Noreg! Og ganske riktig: Her finn me utvandringi hennar i 1897: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000694293 Det hadde vore svært so kjekt å finna ho att i Amerika og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
FT1701 for garden Fimreite i Sogndal syner mellom anna denne huslyden: 14830 Niels Rasmusen 53 o FimmerEid Sogndals 14831 Elling Nielsen 11 s FimmerEid Sogndals 14832 Rasmus Nielsen 8 s FimmerEid Sogndals 14833 Peder Nielsen 3 s FimmerEid Sogndals Sonen Peder Nilsson gifte seg første gongen med Gjertrud Eriksdotter, enkja etter Anders Ellendson på Stedje i Sogndal (1663-1716), men ho vart gravlagd frå Stedje 3.1.1727, og Peder gifte seg att i Hafslo 2.7.1727 med Gjertrud Atlesdotter frå Urnes, fødd i Hafslo kring 1705. Desse vart buande nokre år på Stedje, men vart sidan gardbrukarar på Bjørkum i Lærdal der Peder døydde 28.4.1763. Gjertrud døydde same staden 22.6.1788. Dei har ei kjempestor etterslekt. Kven kan denne Nils Rasmusson ha vore? Og kven var han gift med? Eg finn ingen av borni hans døypte i Sogndal, men me ser at det i 1669 vart halde skifte etter Rasmus Olson på Elvagjeng i Sogndal, og han let etter seg mellom anna enkja Martha og borni Nils og Kirsti. Kanskje er det denne Nils som sidan dukkar opp på Fimreite? Men dette er kanskje tvilsamt, for Nils Rasmusson på Elvagjeng er 33 år gamal i 1666: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=SDAL1666&gardpostnr=285&merk=285#ovre Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive