Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'forøy'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Det er mange år sidan eg freista komplettera biografien til Hans Andersson som på 1860-talet flytte frå Rønnei i Luster til Bø i Vesterålen. Noko har eg greidd å få tak i,men eg manglar framleis ein god del detaljar. og det hadde vore so kjekt å fått dei fleste av desse «på plass». Kanskje finn eg ein spesialist på Bø, som sit med svari? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Hans Andersson {Rønnei}, f. {i Luster} 26.4.1837, Hans Andersen flytte i 1855 til Bergen og budde framleis der i 1859, men fekk i 1863 ny flytteattest til Bø i Vesterålen der han 7.8.1864 gifte seg første gongen med Ingeborg Johanne Mikkelsdotter frå Søberg i Bø. Ho var dotter av husmann Mikkel Henrikson på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Søberg, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Elen Bergitte Hansdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Bø 27.8.1831. Hans og Ingeborg pakta ei tid eit bruk på Spjelkvåg i Bø, men vart sidan gardbrukarar på Toften, Forøy i Bø der Ingeborg d. som gardbrukarkone 4.6.1884. Hans gifte seg 8.12.1887 att i Bø med Ida Sofie Hansdotter Baade frå Gimstad i Bø. Ho var dotter av gardbrukar Hans Baade Petterson på Gimstad, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og andre kona Lavina Isaksdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Bø 13.2.1865. Hans og Ida vart buande levetidi ut på Toften, Forøy der Hans d. 19.5.1928. Ida Andersen d. som enkje same staden 17.6.1955. Hans Andersen fekk visstnok seks born, fire frå første ekteskapet og to frå det andre: ##### (sjekka at alle borni er medkomne?) a. Helmer Joakim Hansen, f. i Bø 24.10.1863, sette livet til på sjøen ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kring 1915?) Han gifte seg i Dverberg 7.9.1891 med Bergitte Kristine Olsen, f. på Stave i Dverberg 12.9.1868. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Helmer Hansen var sjømann, og han og Bergitte budde på Andøya. ##### (nøyaktig bustad? – Bergitte vart attgift – oppl.? – båe døtrene budde nær Harstad!) Helmer og Bergitte fekk to døtrer i lag. b. Rikard Johan Hansen, f. i Bø 13.5.1866, ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – skal vera d. i Haugesund!?) ugift. c. Andreas Johan Berg Hansen, f. i Bø 7.11.1867, d. på Toften, Forøy i Bø 4.10.1954. ##### (yrke og bustad?) likeins ugift. d. Nikoline Kristine Hansen, f. i Bø 25.5.1870, d. på Haugen i Bø 3.12.1928. Nikoline gifte seg i Malnes, Bø 17.10.1892 med Martin Edvard Johannessen, f. på Møkland i Øksnes 30.3.1872. Han d. på Haugen 1.11.1948. Martin og Nikoline var gardbrukarar på Haugen i Bø og fekk fire born i lag. e. Alfred Nikolai Hansen, f. i Bø 9.4.1889, d. på Forøy i Bø 1.10.1974. Alfred gifte seg i Bø 4.2.1917 med Karoline Petrine Gabrielsen, f. på Fjærevoll i Bø 28.10.1894. Ho d. på Forøy i Bø 14.3.1976. Alfred var fiskar, og han og Karoline tok over heimebruket hans på Toften, Forøy i Bø. Dei fekk ei dotter i lag. f. Helge Ingemann Hansen, f. i Bø 13.11.1891, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – i ung alder!?) ugift. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.