Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'gimstad'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 2 results

  1. Det er mange år sidan eg freista komplettera biografien til Hans Andersson som på 1860-talet flytte frå Rønnei i Luster til Bø i Vesterålen. Noko har eg greidd å få tak i,men eg manglar framleis ein god del detaljar. og det hadde vore so kjekt å fått dei fleste av desse «på plass». Kanskje finn eg ein spesialist på Bø, som sit med svari? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Hans Andersson {Rønnei}, f. {i Luster} 26.4.1837, Hans Andersen flytte i 1855 til Bergen og budde framleis der i 1859, men fekk i 1863 ny flytteattest til Bø i Vesterålen der han 7.8.1864 gifte seg første gongen med Ingeborg Johanne Mikkelsdotter frå Søberg i Bø. Ho var dotter av husmann Mikkel Henrikson på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Søberg, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Elen Bergitte Hansdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Bø 27.8.1831. Hans og Ingeborg pakta ei tid eit bruk på Spjelkvåg i Bø, men vart sidan gardbrukarar på Toften, Forøy i Bø der Ingeborg d. som gardbrukarkone 4.6.1884. Hans gifte seg 8.12.1887 att i Bø med Ida Sofie Hansdotter Baade frå Gimstad i Bø. Ho var dotter av gardbrukar Hans Baade Petterson på Gimstad, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og andre kona Lavina Isaksdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Bø 13.2.1865. Hans og Ida vart buande levetidi ut på Toften, Forøy der Hans d. 19.5.1928. Ida Andersen d. som enkje same staden 17.6.1955. Hans Andersen fekk visstnok seks born, fire frå første ekteskapet og to frå det andre: ##### (sjekka at alle borni er medkomne?) a. Helmer Joakim Hansen, f. i Bø 24.10.1863, sette livet til på sjøen ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kring 1915?) Han gifte seg i Dverberg 7.9.1891 med Bergitte Kristine Olsen, f. på Stave i Dverberg 12.9.1868. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Helmer Hansen var sjømann, og han og Bergitte budde på Andøya. ##### (nøyaktig bustad? – Bergitte vart attgift – oppl.? – båe døtrene budde nær Harstad!) Helmer og Bergitte fekk to døtrer i lag. b. Rikard Johan Hansen, f. i Bø 13.5.1866, ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – skal vera d. i Haugesund!?) ugift. c. Andreas Johan Berg Hansen, f. i Bø 7.11.1867, d. på Toften, Forøy i Bø 4.10.1954. ##### (yrke og bustad?) likeins ugift. d. Nikoline Kristine Hansen, f. i Bø 25.5.1870, d. på Haugen i Bø 3.12.1928. Nikoline gifte seg i Malnes, Bø 17.10.1892 med Martin Edvard Johannessen, f. på Møkland i Øksnes 30.3.1872. Han d. på Haugen 1.11.1948. Martin og Nikoline var gardbrukarar på Haugen i Bø og fekk fire born i lag. e. Alfred Nikolai Hansen, f. i Bø 9.4.1889, d. på Forøy i Bø 1.10.1974. Alfred gifte seg i Bø 4.2.1917 med Karoline Petrine Gabrielsen, f. på Fjærevoll i Bø 28.10.1894. Ho d. på Forøy i Bø 14.3.1976. Alfred var fiskar, og han og Karoline tok over heimebruket hans på Toften, Forøy i Bø. Dei fekk ei dotter i lag. f. Helge Ingemann Hansen, f. i Bø 13.11.1891, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – i ung alder!?) ugift. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Bertha Hansdotter var fødd på husmannsplassen Brunane under Leri i Luster og flytte i ung alder til Bø i Vesterålen der ho vart gift og budde levetidi ut. Opplysningane mine om denne huslyden vart samla på 1980-talet, og den gongen var det vanskeleg å finna kjelder til vidare oppfølgjing. No har eg finne att dei fleste borni i FT1910, so då burde det vera mogeleg å komma lenger... Slik ser eit oppdatert manuskript ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~~ Bertha Hansdotter {Lerum}, f. {i Luster} 28.1.1835, Bertha Hansdotter flytte til Bø i Vesterålen der ho 31.8.1860 gifte seg med Peder Cornelius Pederson frå Gimstad i Bø. Han var son av ##### (yrkestitel?) Peder Mikkelson på Gimstad, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Metta Marie Corneliusdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Bø 31.8.1834. Bertha og Peder vart husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein plass?) under Gimstad i Bø der Bertha d. 22.11.1886. Peder Pederson d. same staden 27.1.1915. Dei fekk seks born i lag: a. John Andreas Pedersen, f. i Bø 29.11.1860, d. på Vinje i Bø 18.5.1935. Han gifte seg i Bø 14.8.1890 med søskenbarnet Pauline Marie Kristine Tygersdotter frå Føre i Bø, ei stedotter av husmannssonen Sjur Nilsson frå Kvalen under Urnes i Hafslo (1829-1856). Pauline var f. i Bø 25.8.1864 og d. ##### (dødsstaden hennar i Bø?) 18.9.1950. John og Pauline var gardbrukarar på Vinje i Bø og fekk tre born i lag. b. Petra Maria Hansine Pedersdotter, f. i Bø 26.6.1863, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Petra flytte i 1883 til Hadsel der ho 12.5.1885 gifte seg med Kristian Melidor Olsen frå ##### (opphavet hans? – kva gard/plass?) f. i Hadsel 2.2.1866. Han d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Kristian Olsen var fiskar, og han og Petra budde ##### (bustaden deira? – på Taen i Hadsel? – NB: Finn ikkje i FT1910!) ##### (talet på søner og døtrer?) c. Hans Martin Severin Pedersen, f. i Bø 10.7.1866, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – NB: Fødselsdatoen stemmer ikkje med FT1910!) Han gifte seg i Bø 23.7.1899 med Anna Jensine Carlsdotter, f. på Lekang i Hadsel 27.1.1872. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) ##### (yrke og bustad? – 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036940002498) ##### (talet på søner og døtrer?) ##### (born fødde mellom 1866 og 1872?? – oppl.?) d. Kristian Jentoft Pedersen, f. i Bø 20.2.1872, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – NB: FT1910 har fødselsår 1873!) Kristian gifte seg i Bø 6.11.1896 med Sofia Petrine Amalia Torgersdotter frå Selvåg i Bø, f. i Bø 24.3.1877. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Kristian og Sofia var ei tid husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Steine i Bø, men ##### (seinare lagnad? – FT1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036940004767) ##### (talet på søner og døtrer?) e. Anna Jensine Eveline, kjend som Jensine Pedersdotter, f. i Bø 11.8.1876, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Anna flytte i ung alder til Narvik og gifte seg der 30.11.1902 med Johan Alfred Larsen frå ##### (kva gard/plass?) i Vågan, f. i Vågan 18.4.1875. Han f. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) ##### (yrke og bustad? – FT1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036938004189) ##### (talet på søner og døtrer?) f. Arnt Marselius Ludvig, kjend som Marselius Pedersen, f. i Bø 3.10.1880, ##### (lagnaden hans? – FT1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036938004183) ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips i freistnadane på å komplettera denne biografien!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.