Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'hadsel'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 9 results

  1. Bertha Hansdotter var fødd på husmannsplassen Brunane under Leri i Luster og flytte i ung alder til Bø i Vesterålen der ho vart gift og budde levetidi ut. Opplysningane mine om denne huslyden vart samla på 1980-talet, og den gongen var det vanskeleg å finna kjelder til vidare oppfølgjing. No har eg finne att dei fleste borni i FT1910, so då burde det vera mogeleg å komma lenger... Slik ser eit oppdatert manuskript ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~~ Bertha Hansdotter {Lerum}, f. {i Luster} 28.1.1835, Bertha Hansdotter flytte til Bø i Vesterålen der ho 31.8.1860 gifte seg med Peder Cornelius Pederson frå Gimstad i Bø. Han var son av ##### (yrkestitel?) Peder Mikkelson på Gimstad, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Metta Marie Corneliusdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Bø 31.8.1834. Bertha og Peder vart husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein plass?) under Gimstad i Bø der Bertha d. 22.11.1886. Peder Pederson d. same staden 27.1.1915. Dei fekk seks born i lag: a. John Andreas Pedersen, f. i Bø 29.11.1860, d. på Vinje i Bø 18.5.1935. Han gifte seg i Bø 14.8.1890 med søskenbarnet Pauline Marie Kristine Tygersdotter frå Føre i Bø, ei stedotter av husmannssonen Sjur Nilsson frå Kvalen under Urnes i Hafslo (1829-1856). Pauline var f. i Bø 25.8.1864 og d. ##### (dødsstaden hennar i Bø?) 18.9.1950. John og Pauline var gardbrukarar på Vinje i Bø og fekk tre born i lag. b. Petra Maria Hansine Pedersdotter, f. i Bø 26.6.1863, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Petra flytte i 1883 til Hadsel der ho 12.5.1885 gifte seg med Kristian Melidor Olsen frå ##### (opphavet hans? – kva gard/plass?) f. i Hadsel 2.2.1866. Han d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Kristian Olsen var fiskar, og han og Petra budde ##### (bustaden deira? – på Taen i Hadsel? – NB: Finn ikkje i FT1910!) ##### (talet på søner og døtrer?) c. Hans Martin Severin Pedersen, f. i Bø 10.7.1866, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – NB: Fødselsdatoen stemmer ikkje med FT1910!) Han gifte seg i Bø 23.7.1899 med Anna Jensine Carlsdotter, f. på Lekang i Hadsel 27.1.1872. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) ##### (yrke og bustad? – 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036940002498) ##### (talet på søner og døtrer?) ##### (born fødde mellom 1866 og 1872?? – oppl.?) d. Kristian Jentoft Pedersen, f. i Bø 20.2.1872, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – NB: FT1910 har fødselsår 1873!) Kristian gifte seg i Bø 6.11.1896 med Sofia Petrine Amalia Torgersdotter frå Selvåg i Bø, f. i Bø 24.3.1877. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Kristian og Sofia var ei tid husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Steine i Bø, men ##### (seinare lagnad? – FT1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036940004767) ##### (talet på søner og døtrer?) e. Anna Jensine Eveline, kjend som Jensine Pedersdotter, f. i Bø 11.8.1876, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Anna flytte i ung alder til Narvik og gifte seg der 30.11.1902 med Johan Alfred Larsen frå ##### (kva gard/plass?) i Vågan, f. i Vågan 18.4.1875. Han f. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) ##### (yrke og bustad? – FT1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036938004189) ##### (talet på søner og døtrer?) f. Arnt Marselius Ludvig, kjend som Marselius Pedersen, f. i Bø 3.10.1880, ##### (lagnaden hans? – FT1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036938004183) ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips i freistnadane på å komplettera denne biografien!
  2. Eg er svært interessert i fleire detaljar om dette parfolket: Henrik Johan ELLINGSEN, fødd 11.10.1869, døydde 31.5.1958 og kona Ingeborg Gjertine ELLINGSEN, f. Nilsen, fødd 10.5.1874, døydde 4.6.1948 Dei vart gravlagd «på familiegravstaden Grønning i Hadsel», men var gardbrukarar på Fleines ytre i Hadsel - kvar døydde dei? Eg vonar dødsannonsene deira kan finnast og at dei fortel oss litt meir om dei... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Med referanse til følgjande tema frå 2017: https://forum.arkivverket.no/topic/207135-nils-olson-1837-1908-frå-hafslo-i-sogn-til-haukenes-i-hadsel-huslyden-hans/?tab=comments#comment-1880204 vil eg i kveld gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi (eg attgjev frå manuskriptet mitt): ~~~~~~~~~~~~ e. Marie Sophie Nilsen, f. i Hadsel 22.9.1870, d. som enkje på Skagen i Hadsel 5.8.1959. Marie gifte seg ¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? – finn ikkje i Hadsel!!) med Carolius Christian Dahl Nicolaisen frå Elvestrand under Froskeland i Hadsel, f. i Hadsel 8.6.1866. Han d. som gardbrukar på Skagen 6.4.1932. Carolius var emisær for frikyrkja, og han og Marie var gardbrukarar på Gammelgarden, Skagen i Hadsel. ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl. (alle døypte i Frikyrkja!?): * Magny Karoline Nicolaisen, f. Hadsel 31.3.1897 – n. 1900/1910 – d. 7.4.1924 Hadsel * Anna Nicoline Nicolaisen, f. Hadsel 22.7.1898 – n. 1900/1910 – d. ?.3.1923 Hadsel * Rut Nicolaisen, f. Hadsel 9.6.1901 – n. 1910 * Frode Johannes Nicolaisen, f. Hadsel 23.10.1902 – n. 1910 – d. 4.6.1923 Hadsel * Eilif Nicolaisen, f. Hadsel 27.9.1906 – n. 1910 – d. 19.1.1962 Oslo * Karsten Andreas Nicolaisen, f. Hadsel 18.4.1909 – n. 1910 – d. 8.8.1982 Hadsel * Norvald Arnold Nicolaisen, f. Hadsel 4.8.1910 – n. 1910 – d. 13.9.1988 Hadsel) ~~~~~~~~~~~~ Carolius var emisær for Frikyrkja, men ein eller annan stad må jo han og Marie ha vorte gifte! Er det mogeleg å finna ut av dette? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Johanna Andersdotter Søvde, fødd i 1831, ei søster av tippoldemor mi, reiste i ung alder i lag med to søstrer til Bø i Vesterålen der ho gifte seg og busette seg på ein plass under Føre. Eine søsteri reiste snart sørover att, medan hi: * Christi Andersdotter Søvde, fødd i Luster 31.3.1825, gifte seg i Bø 6.9.1863 med Enok Christian Grønbeck Eilertson frå Vågen i Bø, fødd der 11.9.1824. Dei budde som plassfolk på Maursundstranda under Maursund i Bø der Enok døydde 19.2.1876. Christi levde att som enkje, men dato og stad for dødsfallet hennar manglar!? Ho hadde tre born som alle budde og døydde i Bø. So attende til Johanna. Ho fekk med mann sin sju born, og her er det mange hòl som eg gjerne skulle ha fyllt, ogso for bygdeboki sin del: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg frå Sven er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #9 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Hei, jeg greier ikke å tyde alt i denne oppføringen: https://media.digitalarkivet.no/view/16711/107 Bl.a. det som er skrevet i høyre kolonne fremstår for meg som uleselig. Er det noen ting her som kan hjelpe meg videre i søket? Mvh. Øyvind Solgløtt
  6. Eg er i kveld vorten merksam på ein ung mann frå Luster, Ingebrigt Andersson Rønnei, som i ung alder flytte til Hadsel og derifrå til Ålesund, men som eg ikkje har greidd å finna noko meir om etter 1865. Eg fann desse opplysningane alt for 30 år sidan, men greier i dag ikkje å finna ut noko meir enn den gongen, kanskje bortsett ifrå opphavet til dotteri... Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire nye interessante innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 under! Her er huslyden i Ålesund i 1865 der Ingebrigt har fått feil fødestad: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038276002511 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  7. Johannes Olson var einaste sonen som levde opp etter omreisande hesteskjærar Ole Christopherson (1778-1824) og kona Dortha Marie Johannesdotter (1766-1823) på Slottet under Skildeim i Luster. Han flytte i ung alder til Hadsel, og der vart han etter kvart bonde på garden Vasvik. Han var gift to gongar og fekk i alt seks born. Andre kona hans var svigermor til Anders Andersson, ein av gutane som er omskrivne i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/203065-asbjørn-1831-torkild-1839-og-anders-1846-anderssøner-frå-sandvik-i-luster-til-nesna-og-bø-i-nordland-huslydane-deira/ Eg jobba ein del med denne huslyden alt på 1980-talet, men manglande tilgong på kjelder gjorde ei grundig forsking vanskeleg. Med moderne hjelpemiddel er det no vorte betre, men framleis står eg fast på ein del lokale utfordringar, særleg i Vesterålen, og eg vonar no det er mogeleg å få lite vetta eksperthjelp til å komma vidare? Her følgjar et oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye fine opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 under! Den største utfordringi i denne huslyden er truleg å finna lagnaden til Johan Lykke Johannesson, fødd i Hadsel i 1836! Kvar kan han gøyma seg? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til å komplettera denne biografien!
  8. Denne huslyden vart første gongen teken opp til drøfting i 2006 som tema #35544 i det gamle brukarforum, men utan resultat: https://forum.arkivverket.no/topic/121069-35544-ole-iverson-sandvig-og-christi-larsdotter-til-bø-vesterålen-1850-lagnad/?tab=comments#comment-988571 Ein del opplysningar er komne til i ettertid, men no er eg komen til eit punkt der eg står «bom fast», og eg vonar på at nokon av lesarane i Brukarforum kan hjelpa meg vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #13 nedanfor! Dei største utfordringane her er utan tvil: ** Kvar vart det av Britha Larsdotter - avlidi mellom 1850 og 1865? ** Kvar vart det av Britha «Bertha» Olsdotter d.e. på Været (Nesset) i Bø og sonen Hans Jæger Nilssen? ** Kvar vart det av Johanna Larsdotter i Amerika, utvandra 1861? ** Og endeleg, kvar vart det av sonen Iver Olson - truleg flytt med foreldri til Bø kring 1850? Når det gjeld eldste dotteri Johanna Olsdotter, so vart ho og mann hennar plassfolk på Kleiva under Maursund i Bø, og denne huslyden er bra fullstendig frå før. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  9. Margrethe Jacobia Jentoft Andersdatter/Jacobsen var fosterdatter hos Anders Larsen og Anna Hansdatter Folketelling 1801 Sommerhuus, Hadsel prestegjeld: Margrete Jacobsdatter, 6 år (1795) Fosterdatter (av Anders Larsen). Konfirmert 6. oktober 1811 Margreth J. (Jacobia) Jent. (Jentoft) And. (Andersdatter) Sommerhuus, 16 Aar (1795). Gift i Hadsel, Nordland 23. september 1818 som Margrethe Jacobia Andersdatter. Død 6. januar 1863, begravet 10. mai 1863 Margrethe Jacobia Jentoft Andersdatter Iallefall ett av barna kalles opp med Jentoft navnet - så her kan det være noe. I en diskusjon om denne familien så er det noen som mente at hun var fra Erikstad på Fauske. Grunnen til dette var at det var flere som het Margrethe Jacobia der på den tiden? Det klarer jeg ikke bekrefte, men Slektsbok For Skjerstad Og Fauske, Bind II Side 264 Om Erikstad: "I 1825 Reiste Enken Berith Olsdatter Sammen Med Noen Av Barna Til Hadsel, Hvor Hun Ble Gift Med Lars Rasmussen" Forloveren på dette bryllupet var Axel Axelsen som var ektemann til Margrete - så her kan det være noe. Så spørsmålet er altså: hvem var foreldrene hennes?
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.