Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'fuhr'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 2 resultater

  1. Dette er ein huslyd som eg jobba med på 1980-talet, og eg hadde den gongen kontakt med ei av svigerdøtrene, anten Erna Margrethe Fuhr eller Anna Ingeborg Vigdal, men vedkommande visste svært lite om slekti. Thomas og Helene var båe døvstumme, og dei to eldste sønene «stakk til Amerika». Det hadde so vidt eg forstod aldri vore kontakt med dei etter at dei reiste! Kanskje er det no på tide å freista fylla ut nokre av dei detaljane som manglar om denne huslyden? Kan nokon hjelpa meg? Her følgjer manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~ Thomas Olson Fuhr, f. {i Luster} 6.9.1871, Thomas Fuhr var døvstum, men kom tidleg i spesialopplæring i Bergen der han 19.2.1896 gifte seg med Helene Gurine Madsdotter Fauske frå Bergen, ogso ho døvstum. Helene var dotter av handelsmann Mads Hansson Fauske i Bergen, opphavleg frå ##### (opphavet hans? – f. Gaular 1831) og kona Elisabeth Iversdotter frå ##### (opphavet hennar? – f. Gaular 1830) og f. på Eide i Gaular 21.1.1871. Thomas Fuhr var skomakar, og han og Helene vart buande i Bergen levetidi ut. Thomas d. i Bergen 14.4.1936, medan Helene Fuhr d. same staden 24.12.1936. Dei fekk sju born i lag: a. Olaf Thomasson Fuhr, f. i Bergen 6.9.1896, utvandra til Amerika i ##### (year of his emigration? – reiste som sjømann 1917?? - men var telefonarb. heime hjå foreldri i 1922!) ##### (biography needed! – WW1 draft: Olaf Fuhr: cook res. San Francisco, CA) b. Magnus Emil Thomasson Fuhr, f. i Bergen 28.10.1898, utvandra til Amerika i 1920 med resiemål Savannah, Ga. ##### (biography needed! – 1937: San Francisco, CA?) c. Ovidia Elisabet Thomasdotter Fuhr, f. i Bergen 13.9.1900, d. i Bergen 15.9.1900. d. Udøypt Thomasdotter Fuhr, f. i Bergen 9.3.1902, d. i Bergen 26.3.1902. e. Sverre Joakim Thomasson Fuhr, f. i Bergen 20.10.1903, d. i Bergen 12.3.1972. Han gifte seg i Bergen 28.12.1935 med Erna Margrethe Oscarsdotter Monsen frå Bergen, f. i Bergen 12.7.1907. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Sverre Fuhr var ei tid sjømann, men vart sidan lagerarbeidar. Han og Erna budde i Bergen levetidi ut og fekk ein son i lag. f. Alfred Martin Thomasson Fuhr, f. i Bergen 27.3.1907, d. i Bergen 29.8.1972. Han gifte seg i Bergen 3.8.1931 med Anna Ingeborg Hansdotter Vikøren, f. i Bergen 21.7.1909. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Anna vart som enkje attgift med enkjemann og pensjonist Tøger Olson Vigdal på Bjørkheim, Hengesteg (bnr. 7) (1905‑1981). Han hadde før vore småbrukar på Aspehaug, Mjelvær i Jostedalen (bnr. 6), og huslyden er omtala der (s.d.). Alfred Fuhr var sjåfør, og han og Anna budde i Bergen. Dei fekk to born i lag. g. Udøypt Thomasdotter Fuhr, f. i Bergen 15.1.1909, d. i Bergen 15.3.1909. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. I innlegg #47 av dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/196236-bernt-berntson-nagel-1610-1679-til-kroken-i-hafslo-gift-med-metta-sørensdotter-heiberg-huslyden-deira/page/2/ skriv Christian Arentz 20.11.2017 følgjande: «Mette Sørensdatter Heiberg (kona til Jan Johnson Teiste og sidan til Bernt Berntson Nagel) hadde såvidt jeg kan se en fetter Christen Nielsen Fuhr (felles bestefar Laurits Andersen Heiberg), og sønnen Jens Christensen (ca. 1634/37 - 1691) var handelsmann i Indre Sogn, borgerskap i Bergen 14. april 1659, og en av Sogns mest formuende menn.» Eg er svært nysgjerrig på korleis denne skyldskapen kan provast? * Metta Sørensdotter (1607-1661) var dotter av Søren Larsson Talle (1575-1653), truleg fødd i Sønder-Jylland, og eg har aldri finne ut kven som var foreldri hans...! * Christen Nilsson på Fuhr (1603-1685) (der etterkomarar etter sonen Jens nytta Lemvig-namnet) var truleg son av Nils Christenson, fut i Sunnhordland tidleg på 1600-talet! Christian Arentz veit truleg meir om desse ættene enn eg, og kanskje er det ogso andre som sit med god kunnskap om dei? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.