Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'gamvik'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Dette er ei oppfølgjing av tema: https://forum.arkivverket.no/topic/171947-jans-olson-og-else-sophie-hansdotter-brox-vigde-i-gamvik-1859-fødselsdatoen-hennar-og-dødsfalli-deira/?tab=comments#comment-1470627 der eg no i manuskriptet mitt berre manglar ein einaste detalj: * Dato og stad for dødsfallet til Jens Olsen? Eg attgjev frå manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Jens Olson {Krogen/Sagen}, f. {i Hafslo} 19.7.1830, Jens Olsen flytte i ung alder til Finnmark og gifte seg i Gamvik, Tana 13.8.1859 med Else Sophie Hansdotter Brox frå Gamvik. Ho var dotter av gardbrukar og fiskar Hans Petter Broxson i Gamvik, kjend som Hans Petter Brox, opphavleg frå Gammelheim i Tranøy, og kona Gurine Evensdotter frå Gamvik og f. i Gamvik 9.5.1839. Jens var sjølveigar og fiskar, og han og Else budde i Gamvik, men flytte i 1890-åri inn hjå dotteri Josefine på Olpersanæs i Gamvik der Else d. 21.11.1912. Jens Olsen d. ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910!) Dei fekk ti born i lag: a. Anne Elisabeth Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 15.8.1861, d. i Gamvik 25.10.1862. b. Hans Petter Brox Jensson Olsen, f. i Gamvik 1.10.1863, d. i Gamvik 16.6.1866. c. Josefine Juliane Lovise Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 5.1.1866, d. som enkje i Gamvik 1.11.1933. Josefine gifte seg i Gamvik 14.8.1887 med Johan Ødegaard Hansson Svendsen frå Rørvik i Bodø, f. i Bodø 5.3.1855. Han d. som fiskar i Gamvik 28.11.1918. Johan var fiskar og seglmakar, og han og Josefine busette seg på Olpersanæs i Gamvik. Dei fekk seks born i lag. d. Jens Martin Olai Jensson Olsen, f. i Gamvik 10.4.1869, d. i Gamvik 24.1.1870. e. Jensine Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 24.1.1871, d. i Gamvik 29.1.1871. f. Gerhard Martin Hilbert Jensson Olsen, f. i Gamvik 12.10.1872, d. i Gamvik 27.7.1875. g. Anne Sophie Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 30.3.1875, d. i Gamvik 24.7.1875. h. Oline Kristine Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 2.9.1876, d. som enkje i Gamvik 6.2.1953. Oline gifte seg i Gamvik 7.9.1899 med Hartvig Olai Hansson Nilsen frå Gamvik, f. i Gamvik 1.8.1871. Han d. som fiskar i Gamvik 20.3.1944. Hartvig var fiskar, og han og Oline budde i Gamvik. Dei fekk seks born i lag. i. Vilhelmine Kristiane Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 27.2.1879, d. i Gamvik 21.5.1880. j. Hilda Marie Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 12.6.1881, d. som enkje i Gamvik 24.6.1957. Ho gifte seg i Gamvik 20.5.1900 med Johan Martin Hansson Nilsen frå Gamvik, f. i Gamvik 3.4.1878. Han d. som kyrkjetenar i Gamvik 5.12.1916. Johan var fiskar og sidan kyrkjetenar, og han og Hilda budde òg i Gamvik. Dei fekk fem born i lag. ~~~~~~~~~~~~~ Eg har vore på leiting etter dette dødsfallet fleire gongar, og ogso det lokale prestekontoret i Gamvik leitte for mange år sidan etter dette dødsfallet, men utan resultat! For ordens skyld; her er huslyden i FT1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036986004093 Eg ville sett stor pris på om nokon greier å avsløra dødsfallet og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.