Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'gilbertson'.
Fant 1 resultat
-
Dette er ei skikkeleg utfordring som eg har slite med i snart 40 år! Gunnhild Olsdotter Fortun eller Bolstad, dotter av Ole Torbjørnson (1783-1849) og Anna Samuelsdotter, plassfolk på Lovolden under Fortun i Luster, var fødd i Luster 28.8.1822. Gunnhild gifte seg i 1876 med enkjemannen Ole Knutson Kjødnes i Luster (1806-1877), men han døydde kort tid etter, og i 1882 utvandra Gunnhild som enkje til Amerika! Gunnhild fekk to døttrer: * Olina Olsdotter Bolstad, dotter av Gunnhild og husmann Ole Pederson på Øverland under Søvde i Fortun (1830-1903), var fødd i Luster 25.12.1851 og utvandra til Amerika i 1881 * Anna Olsdotter Bolstad, dotter av Gunnhild og husmann Ole Sjurson på Strondi under Fjøsne (1826-1895), var fødd i Luster 12.6.1858 og utvandra til Amerika med mor si i 1882 Anna er den einaste me kjenner lagnaden til i denne huslyden. Ho gifte seg i Mower Co., MN med tremenningen Ole Gabrielson «Gilbertson» og inngår i denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Cathrina Christensdotter Eide, stedotter av føregåande husmann, vart døypt 9.7.1817. Det ser ut til at Cathrina tok over styringi av denne plassen i Eidsbakken etter at stefaren fór til Amerika i 1856, men ho budde her ikkje lenger enn fram til 1861. Cathrine utvandra til Amerika i 1861 og tok ættenamnet Olson, uvisst av kva årsak. ##### (forklaring på namnet? – var ho kanskje ei «mail bride» - gift med ein Olson etter ho utvandra?) ##### (place of residence 1861-187? – in Wisconsin?) men flytte i 1870‑åri med sonen Ole til La Valley township, Lincoln Co., S.D. der dei farma. Cathrine flytte sidan inn til byen Canton, Lincoln Co., S.D. der ho d. ugift 8.2.1893. Før ho utvandra fekk Cathrina ein son: 1. Ole Gabrielson, son av Cathrina og husmann Erik Gabriel Rønlund, kjend som Gabriel Erikson på Drægnishaugen under Drægni (1820-1881), var f. 16.8.1845. Ole A. Gilbertson utvandra med mori til Amerika i 1861 og farma i lag med ho i La Valley township, Lincoln Co., S.D. men gifte seg so i Mower Co., Minn. 22.4.1886 med tremenningen Anna Olsdotter Bolstad frå Olaplassen under Kjøtnes, i Amerika kjend som Anna Bolstad. Ho var f. i Luster 12.6.1858 og utvandra til Amerika i 1882. Ole og Anna heldt nok fram ei tid som farmarar i La Valley township, Lincoln Co., S.D., men flytte i 1890‑åri inn til Canton, Lincoln Co., S.D. der Ole livnærte seg som arbeidar («laborer»). Anna Gilbertson d. i Canton, S.D. 23.10.1930, medan Ole d. same staden 30.7.1941. Dei fekk fire born i lag: ##### (sjekka om eldste dotteri var deira eller berre hennar?) a. Ghena Eunice Gilbertson, f. i Mower Co., Minn. 10.6.1882, ##### (birth year to be verified!? – 1883?) d. i Robbinsdale, Minn. 26.3.1976. Ghena gifte seg i Minneapolis, Minn. ##### (date and place of her marriage?) 1906 med Ralph Edgar Potter, f. ##### (date and place of his birth? – MN! Sep. 12, 1885?) ##### (date and place of his death?) Både Ghena og Ralph var sjukepleiarar («nurses»), og dei budde i St. Peter, Nicollet Co., Minn. og i Chicago, Cook Co. Ill. ##### (what happened after 1910? – Ghena back in Minneapolis, MN by 1919!) Dei fekk to søner i lag. b. Caroline Gilbertson, f. i Lincoln Co., S.D. 4.10.1886, ##### (info? - sjukepleiar («nurse») i Canton, S.D., sidan i Mitchell, S.D. – ugift 1945) c. Paul Christian kjend som Christian Gilbertson, f. i Lincoln Co., S.D. 29.8.1888, ##### (info? - mekanikar («mechanic») og budde heime med foreldri so lenge dei levde – d. etter 1941) d. Andrew Gilbertson, f. i Lincoln Co., S.D. 13.10.1890, d. ugift i Lincoln, Nebr. 1.9.1939. Andrew var bygningsarbeidar («construction worker») og budde heime med foreldri i Canton, Lincoln Co., S.D. ~~~~~~~~~~~~~~~ Men kvifor gifte dei seg i Mower Co., MN? Eg meiner å sjå grunnen; Gunnhild Olsdotter hadde tre søsken som alle utvandra til Amerika før ho: * Paul Olson (1826-1888), utvandra via Vågå til Iowa Co., WI * Kirsti «Christine» Olson (1829-1927), utvandra i 1862 og gifte seg med Johannes Skakson Hillestad frå Hafslo «John Start» (1816-1893), og dei farma òg i Iowa Co., WI, men flytte 1879 til Leroy township, Mower Co, MN! * Samuel Olson «Forthun» (1832-1903), utvandra i 1855 og busette seg òg som farmar i Leroy township, Mower Co., MN! I ljos av desse opplysningane er det vel ikkje so urimeleg å tru at ogso Gunnhild og eldste dotteri Olina kan ha utvandra til Mower Co., MN!? Eg ville sett kjempestor pris på om nokon ville sjå på denne huslyden og freista finna lagnadane til Gunnhild og Olina samt fylla inn ein og annan manglande detalj om Ole og Anna Gilbertson og huslyden deira!? Kanskje kan ein OBITUARY finnast for Anna Gilbertson frå 1930 som fortel om i alle fall søsteri Olina? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
- 11 svar
-
- gilbertson
- minnesota
-
og 1 flere)
Merket med:
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive