Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'gunvordal'.



Flere søkevalg

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Dette er ei kjempenøtt som har oppteke meg i mange år, særleg etter at eg oppdaga at eg sjølv ættar frå denne ætti i lag med eit stort tal andre lustringar, og eg tek no opp denne saki med von om at det kan lata seg gjera komma nærare ei løysing! Manntalet frå 1701 for den då einbølte garden Gunvordal i Sogndalsdalen syner denne huslyden: 14995 Niels Jacobsen 50 o Gundverdal Sogndals 14996 Olle Nielsen 16 s Gundverdal Sogndals 14997 Elling Nielsen 14 s Gundverdal Sogndals 14998 Jacob Nielsen 10 s Gundverdal Sogndals 14999 Henrich Nielsen 1 s Gundverdal Sogndals Den nye bygdeboki for Sogndal har ingen opplysningar om nokon av desse med unntak av at Nils skal ha vore frå nabogarden Kvam i Sogndalsdalen og bror av den der buande: Knut Jacobson, fødd kring 1661, død i 1744 gift med Martha Iversdotter, fødd kring 1757, død i 1753 Desse er nemnde med sju born som alle budde i Sogndal. Dei databaseregistrerte kyrkjebøkene for Sogndal syner dei tre yngste borni til Nils Jacobson i Gunvordalen: * Gunnhild Nilsdotter, døypt i Gunvordalen 28.2.1693 * Iver Nilsson, døypt i Gunvordalen 25.4.1698 * Henrik Nilsson, døypt i Gunvordalen 28.8.1700 Kanskje var det eldste sonen Ole Nilsson som 22.3.1805 gifte seg i Sogndal med Anna Johannesdotter Aaberge, men utan gardsnamn på mannen er dette svært usikkert: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sognvigd&gardpostnr=28314&merk=28314#ovre Derimot ser eg at ein soldat Henrik Nilsson Hollekve gifte seg i Sogndal 22.6.1727 med enkja Barbro Anfindsdotter Vassli: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sognvigd&gardpostnr=28463&merk=28463#ovre Henrik og Barbro busette seg på Vassli og fekk i alle fall desse borni: * Ragnhild Henriksdotter, døypt 7.3.1728 * Nils Henrikson, døypt 19.10.1735 dessutan hadde Henrik ei dotter frå før: * Britha Henriksdotter med mor Kirsti Bottolfsdotter, døypt 28.9.1727 - vart ikkje ho gift i Fresvik eller Feios, mon tru? Henrik Nilsson Vassli vart gravlagd i Sogndal 23.5.1748: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sognvigd&gardpostnr=28463&merk=28463#ovre Bygdeboki for Sogndal har under Hollekve omtale av denne huslyden: Iver Nilsson, fødd 1698 i Gunvordalen, død 1767 i Hollekve gift 1.g. med Magdeli Johnsdotter, fødd 1693 i Gunvordal(!). død 1746 i Hollekve gift 2.g. med Agatha Ellingsdotter, fødd 1701, død 1754 i Hollekve gift 3.g. 1755 med Anna Johnsdotter Amble, fødd kring 1710 Boki nemner fem born frå første ekteskapet, mellom anna to døtrer Britha og Agatha - den siste av desse gifte seg til Jørongo på Hafslo. Før eg går vidare innover fjorden, vil eg gjerne få nemna at Gunvordalen, Hollekve, Kvam og Vassli alle er gardar som ligg i same grendi i Sogndalsdalen! So til dei to sønene Elling og Jacob, som flytte innover fjorden: ~~~~~~~~~~ Elling Nilsson Flattun, opphavleg frå Gunvordalen i Sogndal, var son av gardbrukar Nils Jacobson i Gunvordalen og f. i Sogndal kring 1687. Han vart gravlagd frå Flattun 8.10.1758. Også Elling Nilsson kom til Flattun ved giftermål. Kring 1723 gifte han seg nemleg første gongen med Ingeborg Trondsdotter, enkja etter den føregåande brukaren, men då ho var avlidi, gifte Elling seg 16.10.1735 att med Mari Thomasdotter, opphavleg frå Berge i Ståreim, Eid, men då busett i Lærdal. Korleis ho var komi dit, veit me ikkje. Ho var dotter av gardbrukar Thomas Johnson på Berge og første kona hans og f. i Eid kring 1670. Mari vart gravlagd frå Flattun 8.12.1746. Elling fekk hand om halve Flattun då han kring 1723 gifte seg med enkja på garden. 6.11.1725 fekk han dessutan skøyte på dei 13 1/2 merker smør som stesonen Christopher og stedotteri Rannei hadde arva. Då Ingeborg Trondsdotter fall ifrå i 1734, vart garden delt på ny; Elling sat då att som den største luteigaren i Flattun med om lag 2 pund smør, og han heldt fram med styringi av heile garden like til 1745. Då fekk stesonen Torger ta over eine helfti (sjå Flattun, bnr. 1, a), men for å sikra den helfti som var att, for eldste sonen sin, kjøpte han 14.4.1746 hjå stesonen Bjørn og formyndarane til borni sine, i alt 7 7/8 merker smør og 1/2 hud so han åtte nesten heile bruket. Dette dreiv han so til eldste sonen fekk ta over i 1756. Elling Flattun fekk fire born, alle frå første ekteskapet: 1. Torkild Ellingson (1724-1789), fekk ta over denne delen av heimebruket etter faren og stemori. 2. Nils Ellingson (1728-1758), d. ugift på Flattun. 3. Britha Ellingsdotter (1730-1764), vart gift med gardbrukar Bjørn Mikkelson i Sandviki (1727-1788). 4. Ingeborg Ellingsdotter (1734-1772), d. ugift på Tandla. ~~~~~~~~~~ Jacob Nilsson Opheim, opphavleg frå Gunvordalen i Sogndal, var son av gardbrukar Nils Jacobson i Gunvordalen og kona Britha og f. i Sogndal kring 1691. Han d. som kårmann på Opheim 26.11.1762. Jacob kom til Opheim som gardbrukar då han i 1711 gifte seg i Hafslo med Britha Olsdotter, enkja etter den føregåande brukaren. Jacob fekk kring 1711 bygslebrev på dette bruket hjå sokneprest Jens Ørbech. Han fekk dessutan 15.6.1750 skøyte på eigedomsgodset på Opheim (bnr. 2) hjå prosten Anders Daae, og 18.10.1759 vart han eigar av eigedomsgodset på Opheim (bnr. 4, a) etter skøyte frå løytnant Jacob Lemvig. Jacob Nilsson sat som leiglending på bnr. 1 til 1754 og som eigar i dei to hine bruki levetidi ut. Jacob og Britha fekk i alle fall fire born i lag: 1. Asbjørn Jacobson (1712-1786), hamna som gardbrukar på Opheim (bnr. 4) (s.d.). 2. Margretha Jacobsdotter (1714-1777) vart gift med gardbrukar Hermund Erikson her på Opheim (bnr. 1) (1714-1790). 3. Britha Jacobsdotter (1717-1799), vart gift med gardbrukar og enkjemannen Trond Ingebrigtson på Fet (1699-1785). 4. Ole Jacobson (1721-1779), vart gardbrukar på Sørheim i Luster. ~~~~~~~~~~ Det kan ikkje herska mykje tvil om at kona i Gunvordalen heitte Britha til førenamn (jmf. oppkallingane av eldste døtrene i alle desse huslydane!), men kven ho var, er det ingen som so langt har kunne fortelja meg. Og nettopp dette spørsmålet er det som opptek meg mest. Men eg er òg interessert i å finna ut kvar det vart av Ole Nilsson, fødd kring 1685 og Gunnhild Nilsdotter, fødd 1693. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.