Dette er ei utfordring eg har hatt liggjande i mange år, men som eg aldri er vorten klok på:
Johannes Augundson (1822-1865) og kona Anna Johannesdotter (1829-1908) var gardbrukarar på Høgi i Hafslo. Då Anna døydde i 1908, levde det att tre born etter ho:
* Dotteri Synneva (1856-1948) vart gift og budde på Høgi
* Sonen Johannes Johannesson Høgi, fødd i Hafslo 14.5.1853
* Sonen Andreas Johannesson Høgi, fødd i Hafslo 17.12.1863
Båe gutane budde heime på Høgi i 1908, men vert sidan borte frå bygdi. Andreas budde i 1910 i Marifjøra i Hafslo:
https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036724003672
Eitt barnebarn av søsteri Synneva meinte at Andreas sidan skal ha vore gartnararbeidar og budde i Christiania, men om Johannes visste barnebarnet ikkje noko meir.
Er det mogeleg etter so mange år å finna ut noko meir om lagnadane til desse gutane?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
No ser eg at Andreas Høgi truleg gøymer seg attom dette dødsfallet på Vaterland i Christiania 10.2.1922: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002631643
men er fleire detaljar om han tilgjengelege (flytteår til Christiania, ervingar? Og kva med Johannes?