Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'haakonsen'.
Fant 1 resultat
-
Dette er ein huslyd som eg hadde god kontakt med då eg første gongen arbeidde med soga deira på 1980-talet. Særleg hugsar eg at ein av etterkomararne (barneborni) fortalte meg dei hadde hatt storopprydning etter at eitt av søskeni (borni) døydde på 1950-talet, og der gjekk ein bråte med gamle brev på bålet!!! Vel, eg har no freista finna ut meir om dei to søskeni som utvandra til Amerika og har lukkast langt på veg, men ei stor utfordring er å finna ut kven den tysk-norske svigersonen John C. Wilson kan ha vore? Og kanskje like vanskeleg, den svenske svigerdotteri Nettie Nelson. Men den største utfordringi er truleg svigerdotteri Mathilda...? No vonar eg på eksperthjelp frå Brukarforum og legg fram eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Kirstina Ellingsdotter {Talle}, f. {i Luster} 5.5.1838, Christine Ellingsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 26.6.1864 gifte seg med Peder Haagenson frå Navarsete i Sogndal, ein son av gardbrukardotteri Britha Pedersdotter frå Kvam nedre i Hafslo (1816-1899), i Bergen kjend som Peder Haakonsen. Han var f. i Sogndal 16.7.1841. Peder var ei tid dagarbeidar i Bergen, men vart sidan stuert. Han og Christine budde mange år i Fjeldgaten i Bergen, men flytte sist i 1870-åri inn i eit nytt hus som dei då bygde i Tordenskjoldsgaten. Peder d. der 18.1.1896, medan Christine Haakonsen d. same staden 23.4.1908. Dei fekk åtte born i lag: a. Johanna Andrea Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 14.8.1862, d. i Bergen 7.4.1863. b. Johanna Andrea, kjend som Hannah Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 5.6.1864, utvandra til Amerika i 1883 ##### (sjekka utvandringsåret?) og gifte seg i Minneapolis, Minn. 17.1.1891 med ##### (norsk namn og opphav?) i Amerika kjend som John C. Wilson. Han var son av ##### (foreldri med yrke, bustad og opphav? - faren skal vera TYSK av fødsel - jmf. dødsattest - mori norsk) og f. ##### (fødestaden hans? - fødselsår 1860?) 30.5.1858, men utvandra til Amerika i 1878 ##### (sjekka utvandringsåret?) John var ei tid maskinist («machinist») i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men han og Hannah vart sidan fruktfarmarar i Greenwood township, Hennepin Co., Minn. der John d. 28.7.1934. Hannah Wilson d. same staden 25.1.1938. Dei var barnlause. c. Karen Berentine Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 19.7.1866, d. i Bergen 3.12.1868. d. Haakon Theodor Pederson Haakonsen, kjend som Hawkin Hawkenson, f. i Bergen 13.4.1869, utvandra til Amerika i 1887 og gifte seg første gongen i Minneapolis, Minn. 9.1.1896 med ##### (svensk namn og opphav?) i Amerika kjend som Nettie Nelson. Ho var dotter av ##### (foreldri hennar med yrke, bustad og opphav?) og f. ##### (fødestaden hennar? - i Sverige!) 19.9.1870, men utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hennar? - 1886?) Hawkin var køyrekar og sidan prenteverksarbeidar («teamster and printer's stockman»), og han og Nettie budde levetidi ut i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der Nettie d. 27.4.1930. Hawkin gifte seg att ##### (ei Mathilda levde att som enkje etter Hawkin i 1937! - kven var ho??) men so d. Hawkin i Minneapolis, Minn. 27.7.1937, medan Mathilda ##### (lagnaden hennar?) Hawkin fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine. e. Henrik Johan Pederson Haakonsen, f. i Bergen 9.7.1871, d. i Bergen 11.5.1952. Han gifte seg i Bergen 5.12.1897 med Othilie Marie Andreasdotter Ludvigsen frå Bergen, f. i Bergen 8.10.1875. Ho d. i Bergen 19.11.1952. Henrik Haakonsen var typograf, og han og Othilie budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk sju born i lag. f. Eilert Johan Pederson Haakonsen, f. i Bergen 1.9.1873, d. i Bergen 25.8.1922. Han gifte seg i Bergen 21.3.1897 med Kristine Hansine Martine Hansdotter Olsen frå Bergen. Ho var f. i Bergen 23.4.1876 og d. i Bergen 29.4.1958. Etter mange år som enkje gifte ho seg att ##### (dato og stad for denne vigsli? - kring 1936) med Annanias Johannes Johannessen frå ##### (opphavet hans?) Han var f. ##### (fødestaden hans?) 30.1.1874 og d. i Bergen 28.8.1955. Eilert Haakonsen var først sjømann og sidan fabrikkarbeidar i Bergen, medan Annanias Johannessen var bakar. Huslyden budde i Bergen levetidi ut. Kristine fekk i alt sju born, alle frå første ekteskapet med Eilert Haakonsen. g. Peder Christian Pederson Haakonsen, f. i Bergen 21.12.1875, d. i Bergen 24.2.1954. Han gifte seg i Bergen 28.11.1903 med Anna Katrine Johannesdotter Larsen frå Bergen, f. i Bergen 13.2.1880. Ho d. i Bergen 13.11.1964. Peder Christian Haakonsen var snikkarsvein og arbeidde på ein pianofabrikk i mange år. Han og Anna budde i Bergen levetidi ut og fekk fem born i lag. h. Henriette Sofie Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 8.6.1881, d. ugift i Bergen 2.8.1906. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive