Dette er ei jente som eg har leitt etter i over 40 år, men aldri greidd å komma på sporet etter.
 
	 
 
	Kanskje nokon kan klara det?
 
	 
 
	Christina Halvorsdotter, fødd på garden Rønnei i Luster 11.9.1845, yngste barnet av Halvor Pederson (1799-1852) og Gjertrud Endresdotter (1800-1863).
 
	 
 
	Christina utvandra i 1869 i lag med broren Anders Halvorson (1844-1893) til Amerika.  Om Anders veit me at han gifte seg i Columbia Co., WI 4.12.1875 med nabojenta Ingeborg Nilsdotter frå Rønnei i Luster 1850-1916), og våren 1876 flytte dei til ein farm i Jacksonville township, Chickasaw Co., IA der dei fekk sju born i lag.  Dei skreiv seg for Halvorson!
 
	 
 
	Det næraste eg kjem i kveld, er denne ugifte tenestejenta i Chicago, IL 1870: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7163/images/4262753_00140?usePUB=true&_phsrc=Nzx24080&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=15810551
 
	 
 
	Kan det vera denne: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:V2P8-LTT
 
	 
 
	Det hadde vore gildt om me endeleg kunne komma på sporet etter denne jenta frå Luster, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!