Dette er ein huslyd som eg heller aldri greidde å finna heilt ut av då eg jobba med dei på 1980-talet. Sonedotteri Sigrid levde framleis i 1990, og ho var nysgjerrig på å få greie på slekti si i Amerika, men leitingi vart den gongen utan resultat. Opplysningane som eg har å halda meg til, er frå skiftet etter Elisabeth frå 1911. Av emigrantane til Amerika er då berre sonen Johannes nemnd, og at han let etter seg to søner.
Det hadde vore kjempekjekt om nokon kunne hjelpa meg finna ut av dei tre borni i Amerika og likeins dødsfalli til dei to barneborni på Bergenskanten.
Her følgjer eit oppdatert manuskript:
~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire nye innlegg og oppdagingi av sonen Johannes i Amerika, er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #6 under!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!