Dette er ei utfordring som eg har kjempa med i mange år og som no skal vera ein del av siste bandet i bygdebokserien for Luster. Greier nokon å løysa denne floka?
Anna Nilsdotter Urnæs, var fødd på husmannsplassen Hagen under Urnes i Hafslo 6.10.1883.
Her er «gjen»utvandringi hennar frå 1914: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000736939
Ho gifte seg i Thief River Falls, MN 16.11.1919 med Bernhard Hansson Helgerud frå Land (1888-1932), som utvandra til Amerika i 1909.
Her er dei i:
* FT1920 i Divide Co., ND (båe med utvandringsår 1910): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RFH-3JM
* FT1930 i Divide Co., ND (han med utvandringsår 1910, ho med utvandringsår 1907): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRCN-3K
Eg føler eg har leitt både høgt og lågt, men eg finn ikkje denne utvandringi. Det var ei Anna Nilsdotter Næsset som utvandra frå Hafslo i 1906, men det var ei onnor jente!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!