Det er gongar då eg lurer på om eg er blind eller ikkje ser skogen for berre trestammar?
Eg har i lenger tid vore på leiting etter denne vigsli:
Johannes, son av Endre Hermundson Nesse frå Kvamsøy, var fødd i Kvamsøy 4.7.1865, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1867 og voks opp i Houston Co., MN under namnet John Hermanson.
Tina Marie, dotter av Sjur «Sever» Thomasson frå Hafslo (1847-1929), som utvandra i 1867 og slo seg ned som farmar i Vernon Co., WI, var fødd i Vernon Co., WI 20.1.1873 og voks opp der under namnet Mary T. Thompson.
Ein biografi påstår at John og Mary gifte seg 5.9.1903, men dette er den vigsli som eg ikkje greier finna nokon stad! John og Mary busette seg i Houston Co., MN, men Mary døydde i barselseng i Minneapolis, MN alt 15.4.1909. Dei fekk tre born i lag.
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips for å finna dato og stad for vigsli deira!?