Dette emnet er henta ut frå eit større emne om Teiste-ætti: https://forum.arkivverket.no/topic/171242-teiste-ætti-på-kroken-i-hafslo-1500-1600-talet-hjelp-til-korrekte-opplysningar/
Anders CHRISTENSEN, fødd i Danmark, truleg kring 1535(?), kom kring 1560 som slottsskrivar til Bergenhus og vart 19.2.1568 utnemnd til ny borgarmeister i Bergen! Han gifte seg kring 1561 med Kari Johnsdotter TEISTE, fødd i Hafslo kring 1540 som dotter av John Teiste og Anna Kruckow. Dei budde i Bergen, men i 1585 kjøpte dei garden Iden på Herdla og flytte dit(?).
Anders døydde kring 1587, og Kari Teiste gifte seg kring 1588 att med ein annan danske, adelsmannen:
Henrik MUND, som me ikkje veit noko om i det heile. Han flytte visstnok inn hjå Kari på Iden på Herdla, der dei båe skal vera avlidne kring 1600.
Eg sit her med følgjande utfordringar:
* Kvar i Danmark hadde Anders Christensen opphavet sitt ifrå? Foreldre og fødselsår?
* Kvar i Danmark hadde Henrik Mund opphavet sitt ifrå? Foreldre og fødselsår?
* Kva yrke hadde Henrik Mund?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!