Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'karlstad'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Emnet som Ivar Moe òpna i midten av april: https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/ er etter kvart vorte svært so stort og er samansett av fleire huslydar som ikkje har samband med kvarandre. Den siste tidi har særleg oppdagingi av Christen Olssén frå Hafslo, som hamna i Gävle i Sverige, teke mykje merksemd og sytt for mange innlegg. Men no ser det ut til at denne saki kanskje er i ferd med å verta «gløymd», og eg vil difor leggja ut den siste «statusmeldingi» (innlegg #75 frå fredag) som eige tema. Kanskje er det mogeleg å finna inalle fall nokre av svari på spørsmåli som står att? ~~~~~~~~~~~~~~ No børjar eg å forstå gongen i dette: Christen Olssén vart kjend med Georgine Smith alt medan han var i Bergen, og Georgine kjenner me jo att frå følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/220996-øyanes-påskenøtt-2018-9-anna-haaversdotter-1793-1873-frå-luster-til-bergen-med-forgreiningar-til-amerika-ei-kjempeutfordring/ og dei «stakk av» i lag til Karlstad der dei tok ut lysing i 1867! Georgine budde nok framleis i Karlstad då Christen stakk av i 1869 (kanskje er ho nemnd i husforhörslengder derifrå?), men i 1872 var ho i alle fall attende i Bergen, då som mor til ein uektefødd son, sitt ANDRE leigarmål (kan det første ha vore med Christen Olssén i Karlstad???): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007389650 https://media.digitalarkivet.no/view/8328/10 og ho gifte seg i Bergen i 1876 med Ole Johan Høyer Lambertsen. Det var då hennar første ekteskap! https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000849013 Etter alle desse kjempemessige innleggi er nesten heile «seksjonen» om Christen Olssén «i boks». Eg saknar i grunnen berre desse detaljane: ** Visshet om at skilsmålet frå Karlstad frå 1889 gjaldt lysingi med Georgine Smith? ** Fekk kan henda Christen og Georgine eit barn i lag i Karlstad? ** Yrket til Lydia - anført ved vigsli hennar i innlegg #56 over, som eg har vanskar med å tyda...? NB: Innlegg #56: Vielse nummer 22 på høyre side; Christen Olsen og Lydia Söderberg: https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/A0010799_00040 ** Og endeleg vigslelsstaden for Lydia med Per August Wahlström frå 1896? Eg vil samstundes kontakta Statsarkivet i Bergen for å sjå kva ervingar Georgine etterlét seg i 1936.... Her kjem so eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet frå innlegg #52 over: ~~~~~~~~~~~~~~~ Christen Olssén, f. i Hafslo 23.7.1839, flytte òg til Bergen i 1859, men fór vidare til Karlstad i Värmland, Sverige der han 13.1.1867 vart trulova med Georgine Elisabeth, kjend som «Gine» Gabrielsdotter Smith frå Bergen, ei dotterdotter av husmannsdotteri Anna Haaversdotter frå Lovolden under Fortun i Luster (1793-1873). Ho var f. i Bergen 13.9.1848. Gine flytte kring 1870 attende til Bergen der ho 22.10.1876 gifte seg med enkjemannen Ole Johan Høyer Lambertsen frå Bergen, f. i Bergen 17.7.1830. Ole Lambertsen var bokbindarmeistar i Bergen der han d. 26.3.1909. Gine Lambertsen d. same staden 7.11.1936. Ho fekk ingen born, men Ole Lambertsen hadde fire born frå to tidlegare ekteskap samt ein son utanfor ekteskap som voks opp hjå far sin. Christen rømte frå Karlstad i 1869, men dukka opp att og vart formelt skild frå Georgina i Karlstad 9.1.1889. ##### (har eg oppfatta dette rett? – eller kven vart han skild ifrå? - fekk dei kan henda eit barn i lag?) I mellomtidi flytte Christen 27.3.1874 til Valbo i Gävleborgs län der han snart etter vart sambuande med Brita Maria Eriksdotter Storm, f. i Maxmo i Finland 25.11.1841. Ho d. i Gävle 14.9.1923. Christen arbeidde som murar, medan Brita var syerske, men dei flytte frå kvarandre før 1880. Dei flytte båe til Gävle i Gävleborgs län der Christen kring 1882 vart sambuande med Kristina, kjend som Stina Gustafsdotter, f. i Lysvik i Värmland 5.9.1856. Ho d. ugift i Österfärnebo, Gävleborgs län 7.7.1904. Men denne sambuarskapen varte heller ikkje lenge, og Christen flytte i 1887 på ny til Valbo der han 15.9.1889 gifte seg att med Lydia Laurentia Christina Larsdotter Söderberg frå Gävle, f. i Gävle 7.6.1865. ##### (kva yrke hadde ho? – kva er oppgjeve ved vigsli i 1889? – sjå innlegg #56!) Christen og Lydia flytte 7.11.1889 til Gävle der Christen dei siste leveåri livnærte seg som slaktar. Han d. i Gävle 27.1.1894, og Lydia gifte seg 28.1.1896 att ##### (vigselsstaden? – i Gävle?) med Per August Persson Wahlström frå Gävle, f. i Rättvik 1.1.1861. Per var stueriarbeidar, og parfolket vart buande i Gävle til dei i 1915 flytte inn hjå son hennar i Tierp, Uppsala län, men ikkje so lenge etter flytte dei båe attende til Gävle. Per og Lydia vart skilde i 1920, og Lydia Olssén-Wahlström d. i Gävle 23.8.1922, medan Per Wahlström d. same staden 5.12.1926. Christen fekk to søner, ein frå sambuarskapen med Brita Storm og ein frå ekteskapet med Lydia Söderberg. ##### (sønene var: * Edvard Christian (Storm), f. (uekte) i Valbo 8.1.1877 – d. i Gävle 10.4.1892 * Gustaf Heliodorus Olsén, f. i Gävle 2.11.1890, d. Gävle 16.10.1953 – gift 1913, bus. Tierp i Uppsala län!) ~~~~~~~~~~~~~~~ Ein ny kjempetakk for framfrå bistand til kartleggjing av denne skikkeleg utfordrande huslyden!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.