Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'knivsmed'.
Fant 1 resultat
-
Eg syner til denne vigsli i Hauge sokn i Lærdal 29.10.1730 (heilt øvst i venstre spalte på høgre side) https://media.digitalarkivet.no/view/11593/52 Christopher Monsson og Dordi (Dortha) Eriksdotter og til denne vigsli i RTinde sokn i Leikanger 3.8.1743 https://media.digitalarkivet.no/view/11565/51 Christopher Messingsmed og Britha Lassesdotter Eg finn desse borni: * Elisabeth, døypt i Lærdal 6.6.1730: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/51 * Erik, døypt i Lærdal 23.8.1733: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/59 * Kirsti, døypt i Luster 25.2.1737: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/9 * Mons, døypt i Leikanger 24.11.1743: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/52 * Dortha, døypt i Leikanger 25.10.1744: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/56 * Anna, døypt i Leikanger 10.10.1745: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/62 * Mons, døypt i Leikanger 7.9.1749: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/99 Ved eit par høve finn eg yrkestitelen «messingsmed», anten ved dåpen eller ved introduksjonen til mori, og dei hamna etter kvar på Osen i Feios, Leikanger der dei fire siste borni er døypte. Bygdeboki for Leikanger skriv under garden Rinde på s. 675/676: ~~~~~~~~~~~ Kristoffer Monsson «Messersmed» 1704-1770 g. 1743 m. Brita Larsdtr. 1705-1780 a. Eirik b. Lisbet 1730- c. Kristi 1740- ~~~~~ d. Mons 1743- e. Dordei 1744- f. Anna 1745- {referert til Rinde 120 som gift 1778 med Knut Knutson 1754-1814 - med sju born} Husfolk i Osen under Rinde. Kristoffer var messersmed, knivsmed, men er òg kalla messingsmed. ~~~~~~~~~~~ No er me so heldige at det 3.10.1770 vart halde skifte etter Christopher Monsson på Rinde i Feios: https://media.digitalarkivet.no/view/24166/256?indexing= Her kjem det fram at han let etter seg enkja, her kalla Britha Larsdotter, og fire born: * Erik Christopherson, myndig * Elisabeth Christophersdotter, 40 år * Christi Christophersdotter, 30 år * Anna Christopersdotter, 24 år Britha Larsdotter vert sett til formyndar for dei tre døtrene! Erik Christopherson er nok utan tvil han som med namnet Brekke gifte seg 11.11.1763 i Vik med Martha Aslaksdotter Vange: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sognvigd&gardpostnr=10901&merk=10901#ovre Dei budde på ein husmannsplass i Vik som heitte Holen og fekk minst fire born der, mellom anna dotteri Dortha i 1770: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sogndaap Men utfordringi er i første rekke denne: ** Kven var Christopher Monsson og dei to konene hans? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive