Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'koldal'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Gunnhild Pedersdotter Høyeim (1848-1923) utvandra til Amerika i 1887 og gifte seg med snikkaren Reinert Nilsson Koldal (1863-1923) frå Egersund. Eg har aldri greidd å finna vigsli deira, og den norske bakgrunnen hans samt utvandringi er eit mysterium. Ogso kvar det vart av sonen som Gunnhild fekk i Luster er ei utfordring... Kanskje nokon kan hjelpa meg vidare? Her er siste versjon av manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~ Gunnhild Pedersdotter {Høyeim}, f. {i Luster} 24.11.1848, Gunnilda Hoium utvandra til Amerika i 1887 og gifte seg ##### (date and place of her marriage? – FT1900 says 1893!?) med Reinert Nilsson frå Koldal i Egersund, Rogaland, i Amerika kjend som Reinert Nelson. Han var son av gardbrukar Nils Johnson på Koldal, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Helena Halvorsdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og f. i Egersund 1.10.1863. Han utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hans? – FT1900 og 1920 seier båe 1887!?) Reinert Nelson var snikkar («carpenter»), og han og Gunnilda budde i St. Paul, Ramsey Co., Minn. Dei var to gonger på vitjing til Noreg, første gongen i 1904 og sidan i 1916. Reinert d. i St. Paul, Minn. 7.2.1923, medan Gunnilda Nelson d. same staden 7.8.1923. Dei fekk ingen born i lag. Men Gunnhild fekk ein son medan ho var busett i Luster: a. Henrik Christenson Høyum, son av Gunnhild og gardbrukar Christen Andreasson på Valde, Sandvik (bnr. 4) (1848-1934), var f. 28.12.1871. Henrik Hoyum, sidan kjend som Alfred Hoff (!), utvandra til Amerika i 1889 og budde lenge i lag med mori og stefaren i St. Paul, Ramsey Co., Minn. Sidan vart han visstnok sjuk, og me trur han er identisk med ein Andrew Hoff som frå 1909 var busett i Hastings, Dakota Co., Minn. og som der d. ugift 27.11.1925. ##### (stadfesting av desse opplysningane? - har eg finne «rett» person?) ~~~~~~~~~~~~~~ Her er huslyden på Koldal i Egersund 1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1116&kenr=004&bnr=0035&lnr=000 Her er innførsler i ymse folketeljingar frå St. Paul, MN: * 1895: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6S6Q-34P * 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-64G3-5JD * 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRX7-BGS Eg har ikkje finne dei korkje i FT1905 eller 1910. Kanskje nokon har betre auge enn eg? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.