Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'krogen'.
Fant 2 resultater
-
Denne huslyden med utgongspunkt i Kroken i Luster forska eg på alt på 1980-talet, og eg hadde kontakt med etterkomarar som fortalte meg det dei den gongen visste. MEN, dei to gamle tantene Gurina og Martha hadde dei liten kunnskap om, og ikkje heller visste dei kvar bestemori Ingeborg var kommi frå i Noreg. Eg har no teke opp att studiane av denne huslyden, men kjem ikkje stort lenger... Ei anna utfordring her er at utvandringi til Nils Sjurson ikkje er innført i kyrkjebøkene for Luster, berre foreldri er nemnde i lista frå 1854. Kanskje reiste Nils med dei over? Heller ikkje broren Knut Sjurson kan eg sjå noko meir til. Finst det nokon stad tilgjengelege passasjerlister frå 1854 (Norwegian heritage?) som kan hjelpa oss på veg? Det hadde vore kjempegildt å kunna komplettera denne biografien...! Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Sjur Knutson Krogen, frå Tuftene under Kroken, var f. i Aurland 15.10.1797 og gifte seg første gongen i Hafslo 3.6.1823 med Mari Pedersdotter frå Veberg under Kroken i Hafslo. Ho vart døypt i Hafslo 15.2.1801, men d. som husmannskone på Veberg alt 7.12.1823. Sjur gifte seg so att her i Luster 7.6.1827 med Malena Nilsdotter frå Nes, f. 14.11.1803. Det var nok kring 1825 at Sjur rydda plassen her i Halvorskåri under Kroken, og han og Malena budde her fram til 1854. Då vart plassen nedlagd att, og jordi gjekk attende til garden. Sever og Malena Knudtson utvandra til Amerika i 1854 og var frå 1857 busette på ein farm hjå sonen Nels i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn. der Sever d. 21.2.1884. Malena Knudtson d. i Goodhue Co., Minn. 15.6.1889. Sjur Knutson i Halvorskåri fekk i alt tre born; ei dotter var frå første ekteskapet, medan dei to sønene var med andre kona: 1. Kirsti Sjursdotter (1823-1886), vart gift med husmannssonen Peder Pederson frå Plassen i Kinserdalen under Urnes i Hafslo (1822-1901). 2. Knut Sjurson, f. 16.11.1828, vart konfirmert i Luster i 1843, ##### (lagnaden hans? - kan henda til Amerika??) 3. Nils Sjurson, f. 20.5.1831, Nels Severson, sidan kjend som Nels S. Krogen, utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret? - med foreldri i 1854??) og gifte seg ##### (date and place of his marriage? - MN 1861?) med Ingeborg Gundersdotter frå ##### (opphavet hennar?) i Amerika kjend som Ingeborg Gunderson. Ho var dotter av ##### (foreldri hennar? - «Gunder og Maren Roberg»!?) og f. ##### (fødestaden hennar?) 4.4.1836. Ho utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret?) Nels og Ingeborg Krogen slo seg ned som farmarar i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn. der Nels d. 12.6.1900. Ingeborg Krogen d. same staden 18.4.1915. Dei fekk sju born i lag: a. Mary Krogen (1863-1916), vart gift med enkjemannen Johannes Johannesson, opphavleg husmannsson frå Smedhaugen under Valaker i Hafslo (1862-1945) (s.d.).b. Sivert Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 27.9.1864, d. i Goodhue Co., Minn. 4.8.1908. Han gifte seg ##### (date and place of their marriage?) med Oletta Marie, kjend som Lettie Huseth. Ho var f. i Stearns Co., Minn. 12.11.1863 og d. i Brooten, Minn. 6.5.1910. Sivert og Lettie Krogen farma i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn. og fekk seks born i lag. c. Guri Marie, kjend som Gurina Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 10.12.1865, d. ##### (date and place of her death? - prior to 1915 - Dell Rapids, Minnehaha Co., SD!?) Gurina gifte seg ##### (date and place of her marriage?) med ##### («Mr. Anderson» - info on him?) ##### (occupation and place of residence? - apparently Dell Rapids, Minnehaha Co., SD) Dei var barnlause. ##### (to be verified?) d. Martin Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 3.12.1867, d. i Goodhue Co., Minn. 20.8.1868. e. Mathea, kjend som Martha Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 15.9.1870, d. ##### (date and place of her death?) Martha budde mange år heime i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn., men gifte seg ##### (date and place of her marriage? - about 1920?) med ##### («Mr. Christensen» - info on him?) ##### (occupation and place of residence? - supposedly Albert Lea, Freeborn Co., MN!) Dei var barnlause. f. Anna Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 24.8.1872, d. ##### (date of death? - shortly after birth!?) g. Anna Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 30.3.1874, d. i Goodhue Co., Minn. 5.7.1926. Ho gifte seg i Goodhue Co., Minn. 12.6.1903 med Johannes, kjend som John L. Kjos. Han var f. i Goodhue Co., Minn. 5.1.1873 og d. i Red Wing, Minn. 17.9.1940. Anna og John Kjos farma i Holden township, Goodhue Co., Minn., men John vart sidan vegarbeidar («highway maintenance worker»). Dei fekk seks born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette er ein huslyd som eg jobba ein del med på 1980-talet, og mange detaljar dukka opp den gongen, men eg fann aldri ut kvar Martha Karine Larsdotter kom ifrå, og heller ikkje kvar det vart av yngste sonen Nils Johannes, fødd 1826. Det manglar ogso nokre andre detaljar, og no vonar eg på hjelp av ekspertisen i Brukarforum på å fylla i alle fall nokre av desse hòli! Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ Nils Nilsson {Krogen}, døypt {i Luster} 25.5.1786, Nils Nilsson Krogen flytte til Bergen i samband med militærtenesta si, og som dimittert soldat gifte han seg der første gongen 18.8.1816 med Martha Karine Larsdotter frå ##### (opphavet hennar?) Ho var dotter av ##### (foreldri?) og f. ##### (dato og stad for fødsli hennar? - kring 1780) Men Martha d. i barselseng i Bergen alt 28.4.1821, og 7.7.1822 gifte Nils seg att i Bergen med Bertha Oline Johannesdotter frå Bergen. Ho var dotter av bordarbeidar (snikkar) Johannes Johannesson i Bergen, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Karen Olsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Bergen 2.10.1797. Nils Krogen var dagarbeidar og sjauar og budde fleire stader i byen, mellom anna i Banesmuget og i Dokkebakken, men siste bustaden var i Sydnæsgaten der han d. 4.4.1827. Bertha d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - e. 1827) Me kjenner til seks born etter Nils Krogen, fire frå første ekteskapet og to frå det andre: ##### (kan det ha vore fleire?) a. Nils Nilsson Krogen, tvilling, f. i Bergen 25.7.1817, d. i Bergen 27.7.1817. b. Karen Marie Nilsdotter Krogen, likeins tvilling, f. i Bergen 25.7.1817, d. òg i Bergen 27.7.1817. c. Gjertrud Elisabeth Nilsdotter Krogen, f. i Bergen 19.11.1818, d. i Bergen 23.4.1906. Ho gifte seg i Bergen 1.5.1853 med Jonas Johannesson frå Haugsbakke i Fjaler, i Bergen kjend som Jonas Johannessen. Han var f. i Fjaler 10.5.1818 og d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - Bergen kring 1890?) Jonas tok 10.5.1853 borgarskap i Bergen som handelsmann. Han og Gjertrud budde lenge i Nedre Blegevei, men då Gjertrud fall ifrå, hadde ho tilhald i Strandgaten, kan henda hjå eitt av borni. Ho og Jonas fekk ##### (talet på søner og døtrer? - minst fem!) d. Nils Christian Nilsson Krogen, f. i Bergen 22.4.1821, d. i Bergen 17.5.1821. e. Martha Marie Nilsdotter Krogen, f. i Bergen 28.9.1823, d. i Bergen 26.5.1873. Ho gifte seg første gongen i Bergen 7.3.1845 med Peter Nicolai Rasmussen. Han var f. i Bergen 2.8.1819 og d. på sjukehuset i Bergen 10.7.1848. Peter var skomakardreng, og parfolket budde på Sydnæshaugen i Bergen. Martha gifte seg 15.9.1850 att i Bergen med enkjemannen Ole Halvorson frå Sandven i Fana, i Bergen kjend som Ole Halvorsen. Han var f. i Fana 11.8.1811 og d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - e. 1875) Oløe var dagarbeidar, og han og Martha budde mellom anna i Sydnæskleven og i Dokkeveien i Bergen. Me kjenner til tre døtrer etter Martha Halvorsen, og dei var alle frå andre ekteskapet. ##### (sjekka talet på søner og døtrer?) f. Nils Johannes Nilsson Krogen, f. i Bergen 30.5.1826, ##### (lagnaden hans?) ~~~~~~~~~~~~~~ Denne Nils Nilsson Krogen hadde to søstrer, som eg òg mistenker for å vera farne til Bergen. Dei vart tekne opp som eige tema i 2016, utan at det gav noko resultat: https://forum.arkivverket.no/topic/201715-brtitha-1789-og-johanna-1799-nilsdotter-søstrer-og-husmannsdøtrer-frå-hagen-under-kroken-i-luster-flytte-frå-luster-etter-1815-men-kvar/?tab=comments#comment-1702801 Søstrene var: * Britha Nilsdotter (Krogen), døypt i Luster 22.2.1789, fekk ei «uekte» dotter Gjertrud Olsdotter i Luster i 1817, men som døydde kort etter fødsli, og kort deretter forsvinn Britha frå bygdi, uvisst kvar! * Johanna Nilsdotter (Krogen), døypt i Luster 23.6.1799, levde i Luster i 1815, men forsvinn kort deretter òg frå bygdi. Kan henda reiste dei i lag? Det hadde vore kjempebra om nokon lukkast i å finna att desse to jentene! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive