Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'leirdal'.
Fant 2 resultater
-
Dette er ei skikkeleg utfordrande huslyd frå Luster som eg har slite med i over 40 år for å finna ut av. Eg syner til skiftet etter (leiglendingen) Ole Otteson Leirdal i Luster, dagsett 25.2.1744: https://media.digitalarkivet.no/view/24137/144 Her er enkja og alle borni opprekna, og i tillegg til desse fekk dei òg ein son etter at husfaren døydde. Manuskriptet mitt ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~~ Ole Otteson Leirdal, frå Sperle i Jostedalen, var f. i Jostedalen kring 1697 og d. i Leirdalen først på året i 1744. Han gifte seg i Jostedalen ved påsketider i 1726 med Britha Olsdotter frå Bakken i Jostedalen. Ho var f. i Jostedalen kring 1706 og d. visstnok i Leirdalen kring 1750. Ole Otteson fekk 12.12.1734 bygselsbrev på dette bruket i Leirdalen, og han og Britha tok over styringi frå våren 1735. Ole dreiv garden dei åri han levde. Han og Britha fekk sju born i lag: 1. Ole Olson, d.e., f. i Jostedalen ?.6.1726, ##### (n. 1744 – lagnaden hans? – ytre Sogn?) 2. Kari Olsdotter, f. kring 1729, ##### (n. 1744 – lagnaden hennar? – ytre Sogn?) 3. Otto Olson, f. kring 1732, ##### (n. 1744 – lagnaden hans? – ytre Sogn?) 4. Anna Olsdotter, døypt 8.5.1735, ##### (n. 1744 – lagnaden hennar? – ytre Sogn?) 5. Christenca Olsdotter, døypt i Hafslo 12.1.1738, ##### (n. 1744 – lagnaden hennar? – ytre Sogn?) 6. Martha Olsdotter (1740-1800), vart gift med husmann Peder Pederson Døl i Eidsbakken under Eide (1742-1784). 7. Ole Olson, d.y., døypt 6.9.1744, voks opp som legdelem på Leirmo. ##### (lagnaden hans? – ytre Sogn?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Yngste dotteri Martha kom på legd i Fortun og vart gift og busett der, sjå: https://forum.arkivverket.no/topic/211742-peder-pederson-døl-fødd-kring-1742-truleg-i-lom-vart-konfirmert-i-luster-1762-og-var-husmann-her-kven-var-han-kvar-vart-det-av-borni-hans-til-gulensolundaskvoll/?tab=comments#comment-1782666 medan yngste sonen er nemnd som legdelem på garden Leirmo. Kjelda for desse opplysningane meiner eg er komne frå fattigprotokollane for Luster som børja kring 1756. Dei eldre borni hadde truleg òg vore på legd som born, men ser alle ut til å vera flytte frå Luster før dei kom i konfirmasjonsalderen. Ogso den yngste Ole må vera bortflytt. Berre Martha vart konformert her: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000456956 Men kvar kan det ha vorte av dei?? Kan dei, som so mange andre foreldrelause born, vera flytte til ytre Sogn eller kanskje til ytre Sunnfjord? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Ivar Moe har i kveld lagt fram ei etterlysning etter mellom anna Lars Pederson frå Leirdalen i Luster som dei meinte budde i Bergen i 1789: Lars Pederson var son av Peder Pederson (1716-1789) og første kona Britha Asbjørnsdotter (1714-1747) og var paktarar på Jostedal prestegard då Lars vart døypt der 1.7.1742. Lars Pederson skal ha vore innerst (tenar) på Rønnei i Luster, men flytte sommaren 1780 til Bergen der han dei meinte han framleis levde i 1789. Då halvbroren Lasse Pederson (1749-1821) døydde barnlaus på Rønnei i Luster i 1821, vert derimot Lars ikkje nemnd, so anten var han avliden, eller han var forsvunnen på anna vis!? For alt det me veit, kan han ha vore gift i Bergen?? Er det mogeleg å finna ut kvar det vart av Lars Pederson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive