Frå Amerika er denne utfordringi hamna hjå meg:
Axel T. Lindberg, skal vera fødd i Sverige i juli månad i 1848 og utvandra over Göteborg i 1868.
Han gifte seg i Chicago, IL 30.8.1875 med Gunnhild Rasmusdotter frå Marifjøra i Hafslo, kjend som Julia Rasmusson, fødd i Luster 26.11.1850 og utvandra i 1869.
Axel dreiv gravferdsbyrå i Chicago, IL der han døydde 7.1.1903. Julia døydde i Oak Park, IL 6.11.1936. Dei var barnlause.
Kven var denne Axel T. Lindberg?
** Fullt «svensk» namn?
** Dato og stad for fødsli hans?
** Utvandringsåret?
** Fulle namn på foreldri hans med bustad, yrke til far og opphav til båe?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!