Eg syner til denne utvandringi frå Sogndal 1856 (84, 85, 86): https://media.digitalarkivet.no/view/8413/115
Ole Gulbrandson Espesæter, 63 med sønene Peder og Gulbrand:
* Peder Olson, fødd på Loftesnes i Sogndal 4.7.1826 - gifte seg i Koshkonong, Dane Co., WI 10.3.1858 med Gunnhild Ellendsdotter, fødd på Husum i Sogndal 25.12.1831 - fekk ein son som eg kjenner til:
** Ole Martin, fødd Koshkonong 8.12.1858
* Gulbrand Olson, fødd på Loftesnes i Sogndal 11.1.1830 - gifte seg i Koshkonong, Dane Co., WI 7.7.1857 med Anna Olsdotter, fødd på Kvåle i Sogndal 23.12.1829 - kan ha hatt denne sonen:
** Ole Johan, fødd Koshkonong 31.7.1860
Eg har so langt ikkje lukkast finna att nokon av desse gutane, so no vonar eg på hjelp frå ein som ser betre...
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!