Eg har fått ei dansk utvandrarutfordring som eg vonar at nokon kan hjelpa meg med?
Anne Cathrine Pedersen er oppgjevi fødd i Magleholm, som vel er i Maribo amt i Danmark 13.7.1858.
Foreldri hennar skal vera Peder Skatte Pedersen og Anne Margrethe Nielsen.
Anna utvandra til Amerika og gifte seg i Dane Co., WI 22.11.1884 med Østen Larsson Kroken frå Luster.
FT1900 syner diverre ikkje noko utvandringsår for ho: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6Q19-K8L
FT1910 syner diverre heller ikkje noko utvandringsår: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBH-P2F
Er det likevel mogeleg utifrå desse opplysningane å finna ut/kontrollera:
** Dato og stad for fødsli til Anne Cathrine?
** Utvandringsåret hennar?
** Fulle namn på foreldri med yrkestitel, bustad(ar) og opphav til båe?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!