Anton Hagalee kom i kveld med ei fantastisk oppdaging frå Amerika! Eg har i over 40 år vore på leiting etter Maria Johannesdotter frå Haugen under Urnes i Hafslo, fødd 1865, som i 1885 utvandra til Amerika og som me visste hadde butt i Chicago, IL, men utan å vita ættenamnet hennar der borte var det ikkje so heilt lett! No er Maria kommi til rette, og eg har tilbragt fleire timer med å studera huslyden hennar. Eg har finne mykje, men no står eg fast! Endå manglar det ein del detaljar, og no vonar eg at kanskje nokon kan hjelpa meg freista finna nokre av dei?
Denne huslyden skal vera med i band XII av bygdebokserien for Luster som skal utgjevast om kort tid, og eg kan ikkje få takka nok for denne kjempeoppdagingi!
Manuskriptet mitt ser no slik ut:
~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #9 under:
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!