Sølfest Hermundson var fødd på husmannsplassen Kreken under Bolstad i Luster kring 1775 av foreldri Hermund Sølfestson (1730-1785) og kona Anna Jacobsdotter (1741-1814).  Han vart konfirmert i 1791: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000458194
 
	 
 
	Sølfest gifte seg i Luster 8.6.1800 med den mange år eldre Anna Monsdotter Fortun, døypt i Luster 8.1.1758, og i 1801 var dei plassfolk på Haugen under garden Moen i Luster (aldrane er ombytte!): https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058398001990
 
	 
 
	Anna vart gravlagd frå Moen 21.2.1802.  Dei hadde ingen born i lag, og Sølfest hadde heller ingen søsken som levde.  Som enkjemann forsvinn han heilt frå Luster, og den store utfordringi er:
 
	 
 
	** Kvar kan det ha vorte av Sølfest Hermundson etter 1802?  Verva han seg kan henda som soldat mot svenskane?
 
	 
 
	Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!