Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'morvig'.
Fant 2 resultater
-
Identifikasjonsarbeidet i Buffalo Co., WI held fram med denne huslyden frå FT1870: Swenson, Halver 47 farmer Nor Swenson, Caroline 31 keeping house Nor Swenson, Stephan 8 at home Dak Swenson, Elisabeth 6 at home WI Swenson, Anna 3 at home WI Swenson, Betsey 1 at home WI Swenson, Mary 13 house servant Nor https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN93-HSN Halvor Svendson skal vera fødd i 1829 (årstalet over er nok feil), og minst ei kjelde oppgjev gardsnamnet MORVIG. Huslyden er nemnd i FT1860 i Vermillion, Clay Co., SD og er nok mellom dei som «rømte» austover att p.g.a. «truande» indianarar. Eg ser forresten at kona Kari Stephensdotter i FT1900 vert oppgjevi ha utvandra i 1842! Mange family trees omtalar denne huslyden, men INGEN av dei nemner noko om det norske opphavet deira... https://www.ancestry.com/search/categories/42/?name=halvor_swenson&birth=1829_norway_5173&birth_x=2-0-0_1-0&name_x=ps_ps Eg vonar at ein eller annan kan greia identifisera denne huslyden, opphavi til Halvor og Kari, og fødselsopplysningar for borni deira? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Denne fødsli er registrert på Digitalarkivet: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001481460 Anna Olsdotter, fødd i Åsane 3.11.1862 - foreldri gardbrukar Ole Olson på Gjedeskar under Almås og kona Gjertrud Knutsdotter Dette må vera huslyden i FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1254&kenr=014&bnr=0016&lnr=000 Denne Anna Olsdotter med ættenamnet Morvig gifte seg første gongen i Polk Co., MN 11.12.1882 med Christen Sylvester, fødd i Luster 27.1.1858. Han døydde ung (dato og stad ukjend), og Anna gifte seg att i Polk Co., MN 19.1.1901 med enkjemannen Hans Hansson Hoium, fødd i Luster 23.1.1850. Eg har vanskar med å få fram opplysningar hjå FamilySearch i kveld, men ancestry syner: FT1910 for Polk Co., MN seier at Anna utvandra i 1879 FT1920 for Polk Co., MN seier at Anna utvandra i 1872 Ho døydde i Polk Co., MN 20.5.1935.: https://www.findagrave.com/memorial/89614592 Kan nokon med lokal kunnskap, eventuelt med tilgjenge til bygdeboki for Åsane, hjelpa meg finna ut av desse utfordringane: ** Finst dei ei forklaring på at denne huslyden skreiv seg Morvig i Amerika? ** På kva gard/plass var Anna oppvaksi? ** Kva er rett utvandringsår? ** På kva gard/plass var Ole Olson oppvaksen? ** På kva gard/plass var Gjertrud Knutsdotter oppvaksi? ** Kva opplysningar har bygdeboki om lagnaden til Anna i Amerika - særleg med omsyn til første ekteskapet hennar? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive