Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'norman'.
Fant 1 resultat
-
Dette er ein huslyd som eg jobba mykje med på 1980-talet, og eg var godt nøgd med resultatet den gongen. Men, tidi har springe frå oss, og eg ønskjer å oppdatera manuskriptet mitt frå den gongen. Særleg er eg oppteken av lagnaden til yngste sonen Walter og kven desse konene til sonen Edward var? Eg vonar nokon kan hjelpa meg? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Rannei Johannesdotter Næss, f. {i Luster} 25.11.1867, Rose Ness utvandra til Amerika i 1885 og gifte seg i Lakota, N.D. 21.12.1891 med Louis Peter Norman. Han hadde svenske foreldre, men var sjølv f. i Dakota Co., Minn. 28.9.1869. Louis Norman var snikkar («carpenter»), og han og Rose busette seg i Jadis township, Roseau Co., Minn. Rose vart sjuk kort etter hundreårsskiftet og d. i Fergus Falls, Minn. 17.2.1908. Louis Norman farma so ei tid i Fielding, Sask., men flytte sidan til Lincoln, Lancaster Co., Neb. der han var smykkehandlar («jeweller»). ##### (1930: gas station salesman in Grant townshiup, Lancaster Co., NE) Han gifte seg 1.6.1932 att i Lincoln, Neb. med enkja Christine Catharine, kjend som Catharine Karlsdotter f. Hösch, opphavleg frå Fellbach i Württemberg, Tyskland, i Amerika kjend som Katie Hoesch. Ho var dotter av Karl Wilhelm Johannesson Hösch og kona Elisabeth Catharine Jacobsdotter f. Schuhr og f. i Fellbach, Württemberg 19.4.1877, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1883. ##### (sjekka utvandringsåret?) Ho gifte seg første gongen i Huntley, Neb. 6.4.1899 med Christian Henry Schluntz, f. i ##### (place of his birth? – NE) 6.4.1874. Dei farma i Turkey Creek precinct, Harlan Co., Neb. der Christian d. 27.10.1922. Louis og Katie vart buande i Lincoln, Lancaster Co., Neb. der Louis d. 1.3.1948. Katie gifte seg ein tredje gong ##### (date and place of her 3rd marriage? – Oct. 1948) med Frank Cushing ##### (info?) Dei flytte til Palisade, Mesa Co., Colo. der Katie d. 9.11.1957. Katie hadde åtte born frå første ekteskapet sitt, medan Louis hadde desse fem borni frå første ekteskapet sitt med Rose Ness: a. Ella May, kjend som Elinor Norman, f. i Roseau Co., Minn. 6.9.1893, d. i Karlstad, Minn. 26.10.1983. Ho gifte seg første gongen i Minneapolis, Minn. 1.11.1919 med William Nicolas Miller, f. i Hennepin Co., Minn. 9.4.1885. William var apotekar («drug chemist»), men d. ved eit ulukkeshende i Minneapolis, Minn. alt 7.11.1922. Elinor gifte seg so att i Ellendale, Minn. 4.4.1923 med Leslie James Howard. Han var f. i Hennepin Co., Minn. 24.9.1894 og d. i Minneapolis, Minn. 5.1.1947. Leslie var politioffiser («police officer»), og han og Elinor budde i Wyoming, Chisago Co., Minn. Elinor gifte seg so tredje gongen i Freeborn Co., Minn. 27.11.1947 med Robert James Knutson. Han var f. i Freeborn Co., Minn. 20.10.1889 og d. i Roseau, Minn. 9.1.1968. Robert var advokat («lawyer»). Han og Elinor budde først ei tid i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men flytte sidan til Roseau, Roseau Co., Minn. Elinor fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine. b. Joseph Edward, kjend som Edward Norman, f. i Roseau Co., Minn. 16.4.1895, flytte med faren til Fielding, Sask. og sidan vidare til Lincoln, Neb. der han d. 4.12.1965. Edward gifte seg første gongen i Lincoln, Neb. ##### (date of his marriage?) 1921 med Lavina Belle Fauth, f. i Lancaster Co., Neb. 27.1.1902. Ho d. i Lincoln, Neb. ##### (exact date of her death? – Feb. 1993? – son Vernon Edward Norman, f. 1921) Men dei vart skilde i ##### (year of their divorce? – after 1940! – she later remarried Murphy?) og Edward gifte seg ##### (date and place of his 2nd marriage?) att med Marie ##### (info on her?) Edward var mekanikar og urmakar («mechanic and watchmaker») og budde i Lincoln, Lancaster Co., Neb. levetidi ut. Han fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet. c. William Laurence Norman, f. i Roseau Co., Minn. 18.3.1897, flytte òg til Lincoln, Neb., men d. i Longmont, Colo. 8.6.1993. Han gifte seg i Lincoln, Neb. 27.8.1919 med Leta ##### (middle name?) Boyer. Ho var f. i Lancaster Co., Neb. 2.12.1900 og d. i Longmont, Colo. 26.8.1997. William Norman var dampingeniør og mekanikar («steam engineer and mechanic»). Han og Leta vart buande i Lincoln, Neb. til dei i 1950 flytte til Auburn, Neb. I 1962 flytte dei som pensjonistar til Longmont, Colo. Dei fekk fire born i lag. d. Ruth Lillian, kjend som Lillian Norman, f. i Roseau Co., Minn. 10.8.1899, voks opp hjå Albert Adamson i Watson, Chippewa Co., Minn. og d. i Milan, Minn. 18.12.1964. Ho gifte seg i Chippewa Co., Minn. 7.4.1920 med Selmer George Kittelson, f. i Chippewa Co., Minn. 1.9.1894. Han d. i Milan, Minn. 19.12.1990. Lillian og Selmer farma i Kragero township, Chippewa Co., Minn. og fekk sju born i lag. e. Walter ##### (middle name?) Norman, f. i Roseau Co., Minn. ##### (date of his birth? – 1901?) voks opp hjå Harry H. Smith i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men flytte sidan til Omaha, Neb. der han d. ugift ##### (date of his death? – 1925?) Walter var mekanikar («mechanic»). ~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive