Har fått god hjelp her før og prøver igjen!
Helge Jakobsen var fødd 4. desember 1864 og broren Jakob vart fødd 21. mars 1868. Foreldre: Jakob Olsen Rørgo og Kari Helgesdtr.
Garden Rørgo ligg nord/aust for Bolstadøyri, ca 3 mil vest for Vossevangen. I fylgje emigrantliste ser det ut som Helge reiste til USA i september 1886.
Jakob var soldat på Oscarsborg festning i 1905. Dette er dokumentert med eit brev frå faren datert 29. juli 1905. Jakob sende eit jolekort til mora der han omtalar seg som "deres til Amerika utvandrede søn". Årstalet for dette kortet er ukjent, men det må vel vera etter at han forlet Oscarsborg. Han skriv navnet sitt Jacob J. Rorgo.
Har fleire hjelparar i USA, men dei finn ikkje desse to gutane. Det er andre personar som kallar seg Rørgo/Rorgo/Roergo der borte, men då med far Knut eller Ole.
Marianne Bakketun