Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'ringereide'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Etter at eg no er komen til ein so høg grad av truverde når det gjeld ei løysing på dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/207995-elielen-ingebrigtsdotter-havelden-fødd-i-luster-kring-1730-flytte-kring-1750-til-eikefjorden-i-kinn-vart-gift-med-ein-peder-men-var-enkje-i-1771-hadde-med-seg-ein-son-johannes-janson-fødd-i-luster-1747-lagnadane-til-mor-og-son/ har eg i kveld omskrive heile manuskriptet mitt for denne huslyden som eg gjerne vil få syna fram i eit nytt tema: ~~~~~~~~~~~~~ Eli Ingebrigtsdotter {Havelden}, f. {i Luster} kring 1730, Eli Ingebrigtsdotter flytte truleg i 1750-åri til Lavik der ho 11.6.1764 gifte seg med Peder Josephson frå ##### (opphavet hans? – kalla Myren 1764) Han var son av ##### (foreldri hans?) og f. ##### (dato og stad for fødsli hans? – ein Peder Josephson døypt på Kjelby i Gulen 27.6.1700 – kan det vera han: https://media.digitalarkivet.no/view/11433/38 Peder og Eli busette seg som gardbrukarar på Myri i Lavik der Peder d. kring 1770. ##### (nøyaktig dato?) Eli vart gravlagd som legdelem frå Myri 24.4.1812. Før Eli flytte til Lavik fekk ho ein son i Luster: a. Johannes Janson, son av Eli og husmann Jan Ingebrigtson på Havelden 3 under Flahammar (1731-1806), vart døypt i Luster 30.8.1747. Johannes Janson flytte med mor si på 1750-talet til Lavik der han 4.11.1775 gifte seg første gongen med Anna Lassesdotter frå ##### (opphavet hennar? – Rå eller Båsdal? – f. kring 1748? - finn ikkje døypt i Gulen!) Johannes og Anna budde visstnok som gardbrukarar på Rå og sidan på Ringereide i Lavik. Og derifrå vart Anna gravlagd 10.4.1786. Som enkjemann vart Johannes 9.12.1786 trulova på ny med Kari Philipsdotter frå Instefjord i Brekke, ##### (sjekka opphavet hennar?) ##### (Johannes og Kari ser ut til å forsvinna frå området kort etter – kvar vart det av dei??) Me kjenner til to søner etter Johannes Janson, båe frå første ekteskapet: a. Ole Johannesson, døypt i Lavik 23.6.1771, ##### (lagnaden hans?) b. Ingebrigt Johannesson, døypt i Lavik 16.4.1779, vart gravlagd frå Rå 28.1.1780. ##### (fleire born? – oppl.?) Dette var altso sonen som Eli hadde frå Luster. Men Eli og Peder fekk òg tre born i lag: b. Ingebrigt Pederson, døypt i Lavik 10.3.1765, ##### (lagnaden hans?) c. Inger Pedersdotter, døypt i Lavik 8.6.1767, ##### (lagnaden hennar?) d. Pernille Pedersdotter, døypt i Lavik 8.1.1770, ##### (lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~ Det er merkeleg kor «flinke» desse folki ser ut til å vera med å «gøyma» seg for oss, eller er kjeldematerialet for Lavik verkeleg so «tunt»? Kanskje bygdeboki har eitt og anna svar å ny på? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.