Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'sørheim'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 2 results

  1. Odelsguten Arne Thomasson frå storgarden Sørheim i Luster var tydeleg lite «hugen» på gardsbruk. Han flytte til Trondheim der han gifte seg med dotteri til ein dansk skodespelar, Jetta Christina Qværndrup. Ei tid var Arne bokhandlar i Trondheim, og sidan var han grossist, men kva som so skjedde, veit me lite om. Truleg flytte heile huslyden til Luster, men Jetta skal snart ha forsvinne til Amerika, og nokre år etter drog òg dei to attlevande borni over havet, medan Arne vart att åleine.... Eg har sidan 1980-talet spekulert på lagnaden til denne huslyden, men har so langt ikkje hatt hell med meg. Kanskje er tidi no kommi til å få svar på ein del av desse spørsmåli? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Arne Otteson Sørheim, opphavleg frå Sørheim (bnr. 2), var f. {i Luster} 1.3.1826. Som me har sett under bnr. 2 ovanfor, fekk Arne alt i 1844 skøyte hjå far sin på heimebruket her på Sørheim, men han selde det att til broren Thomas i to luter i 1857 og 1858. Han gifte seg i Trondheim 7.4.1861 med Jetta Christine Chris­tiansdotter Qværndrup frå Trondheim. Ho var dotter av skodespelar Christian Qværndrup frå København i Danmark og Karen Martha Pedersdotter Holthe frå Levanger ##### (fleire detaljar om foreldri?) og f. i Trondheim 8.3.1840. Arne Sørheim fekk i 1859 attest hjå soknepresten for å flytta til Trondheim, og der tok han namnet Arnt Søhring. Han var ei tid bokhandlar i Trondheim, men starta sidan opp med grossistforret­ning same stad, og huslyden budde i Kongens gate i Trondheim fram til kring 1869. Kring 1869 flytte Arne og visstnok òg Jetta ##### (sjekka om ogso ho flytte attende?) attende hit til Luster, og på same tidi busette dei seg i denne stova her på heimebruket hans på Sørheim som etter han fekk namnet «Gaml-Arnestova» (Arne Otteson gjekk nok under namnet «Gaml-Arne» i motsetnad til brorsonen Arne Thomasson som i 1880-åri tok over heimebruket på Sørheim, sjå under bnr. 2). Denne stova, som opphavleg skal ha vore oppsett på Farnes i Årdal i 1721 i tilknyting til koparverket der, vart visstnok kjøpt og flytt til Sørheim alt kring 1800 eller like før, og vart truleg nytta som kårstove på garden her fram til Arne og Jetta fekk hand om ho kring 1869. Jetta Sorum(?) ##### (amerikansk namn?) utvandra visstnok til Amerika alt kring 1872, ##### (sjekka denne utvandringi? – kva med lagnaden hennar i Amerika??) Arne Sørheim vart sjuk om lag på same tidi, og han vart sidan buande her i Gamle-Arnestova som legdelem til han d. på Sørheim 26.4.1897. Etter den tid vart stova ståande tom i mange år til ho i 1953 vart flytt attende til Årdal og oppsett på heiders­plass. Me kan elles leggja til at Arne vart understøtta av fattigkassa i Trondheim sjølv etter at han flytte attende hit til Luster. Me veit om tre born etter Arne og Jetta Sørheim: ##### (kan dei ha hatt fleire born?) 1. Oluf Christian Arneson Sørheim, f. i Trondheim 22.8.1861, kom til Luster med foreldri kring 1869, men d. på Sørheim alt 6.5.1870. 2. Thomas Johan Arneson Sørheim, f. i Trondheim 16.4.1863, kom òg med foreldri til Luster kring 1869 og voks dels opp her. Thomas Sorum(?) ##### (amerikansk namn?) utvandra til Amerika i 1880, ##### (lagnaden hans i Amerika?) 3. Sophia Marie Arnesdotter Sørheim, f. i Trondheim 18.5.­1865, flytte truleg òg til Luster med foreldri kring 1869, men fekk ikkje innflyttingsattest til Luster før i 1875. Ho voks òg dels opp her på Sørheim. I 1880 utvandra også Sophie Sorum(?) ##### (amerikansk namn?) til Amerika, ##### (lagnaden hennar i Amerika?) ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Då eg på 1980-talet samla opplysningar om folket som hadde butt på garden Sørheim i Luster, kom eg framom denne karen, som er omskriven på følgjande vis i manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Otto Thomasson Sørheim, f. {i Luster} 11.4.1863, Otto Sorheim utvandra til Amerika i 1883, men det gjekk ikkje lenge før han vart borte. Då det i 1886 vart halde skifte etter foreldri, var det ingen som visste kvar Otto var, og i 1910 vart det halde skifte etter Otto som «forsvunnen erv­ing». ~~~~~~~~~~~~~ På 1980-talet levde det både brorborn i Noreg og søsterborn i Amerika, men INGEN visste noko som helst om lagnaden til denne onkelen! Mest truleg er det at han utvandra til Buffalo Co., WI der han hadde slekt, og no lurer eg på om det kanskje kan finnast avisskriverier om han lokalt i Amerika som kan bdra med fleire opplysningar? Sørheim vart normalt «amerikanisert» til Sorum eller Serum. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.