Ole Frederick Thompson, fødd i Sørreisa i Troms 21.2.1855 av foreldri Hans Henrik Thomasson og Pauline Irgens Olsdotter, utvandra til Amerika med foreldri sine i 1867 og vart etter kvart farmar i Cylon township, St. Croix Co., WI der han framleis levde då folketeljingi vart teki opp 1.6.1905:
https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-63JW-MYT
Han var gift med Martha Amundson frå Hafslo, og yngste son deira Otis Frederick var fødd i St. Croix Co., WI 6.8.1905.
Eg mistenker sonen for å vera oppkalla etter far sin. Eit barnebarn fortel meg nemlig at Ole Frederick Thompson miste livet ved ei jaktulukke, men ho kan ikkje gjera greie for kvar det skjedde eller meir nøyaktig kva tid det var, men det må ha vore på den tidi, for på gravstøtta hans står dødsåret 1905!. Eg ser soleis heller ikkje bort ifrå at det kan ha skjedt i det nordlege Minnesota som den gongen var eit mykje nytta jaktområde!? Barnebarnet fortel meg vidare at ho ein gong har sett eit avisutklipp om denne jaktulukka, men ho er ikkje i stand til å finna det att!
Eg ville vorte svært so glad om nokon kunne finna eit avisoppslag om denne jaktulukka og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!