Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'schnell'.



Flere søkevalg

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 2 resultater

  1. Dette emnet er dukka opp som ein del av følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/194513-sersjant-og-gardbrukar-christian-hansson-schnell-i-luster-1691-1758-huslyden-hans-i-bergen-og-andre-stader/ Christian Dominicusson Schnell, døypt i Luster 25.11.1758, gifte seg nemlig i Krosskyrkja i Bergen 25.5.1783 med ei: Anna Thomasdotter, som døydde på barselseng og vart gravlagd i Bergen alt 16.9.1783, 30 år gamal. Skiftet hennar frå Bergen, som eg i farten ikkje har framfor meg, fortel oss at Anna var barnlaus og at einaste ervingen hennar var broren Thomas Thomasson i Stavanger. Og med kjend alder på Anna, er det ikkje so mange alternativi! Eg tykkjer denne passar svært so godt: ** Anna Thomasdotter Qvelland, dotter av Thomas og Kari, døypt i Nedstrand 5.3.1752: https://media.digitalarkivet.no/view/15834/74 Det ser nemlig ut til at ho hadde ein bror: ** Thomas Thomasson, døypt i Nedstrand 5.8.1747: https://media.digitalarkivet.no/view/15834/48 men kanskje er dette berre eit «blindspor»? Finst det ei bygdebok for Nedstrand som kan gje oss eit svar på om dette kan stemma? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette emnet tek utgongspunkt i følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/194513-sersjant-og-gardbrukar-christian-hansson-schnell-i-luster-1691-1758-huslyden-hans-i-bergen-og-andre-stader/ der denne problemstillingi har vore oppe, men utan at det er komme noko resultat: Tørres J. Schnell, fødd i Bergen, løyste 21.7.1795 borgarskap i Bergen som hattemakarmeistar: http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bergensbbok&sideid=88&innhaldid=5&storleik= Den same Tørris Johan Schnell gifte seg i Domkyrkja i Bergen 11.8.1793: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000994734 med Kirstine Malene, kjend som Stine Christansdotter Watlov frå Bergen, døypt i Bergen 22.5.1744. Som det kjem fram av hovudemnet, var det to søskenborn med same namn: * Tørris Johan Schnell, døypt i Bergen 10.1.1759 som son av bakarmeistar Hans Henrik Christianson Schnell og Ellen Tørrisdotter * Tørris Johan Schnell, døypt i Bergen 22.6.1766 som son av vektar Dominicus Christianson Schnell og Inga Pedersdotter Den første av desse vart konfirmert i Domkyrkja i 1774: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000437732 No var Stine so pass «vaksi» ved vigsli (49 år), so me kan vel ikkje venta at ho fekk born, men i Domkyrkja er ein son av Tørris Schnell gravlagd 12.7.1799, 2 år gamal, utan at eg finn noko namn på guten eller dåpshandlingi hans: https://media.digitalarkivet.no/view/8639/159 Uansett kven av dei to søskenborni som vart hattemakareistar, so er han borte frå Bergen før 1801, og eg har so langt ikkje greidd å finna dei att i andre kjelder. Er eg vorten heilt blind, eller...? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.