Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'solør'.
Fant 3 resultater
-
Anton Sandberg - fødd i Solør, Noreg 1855 - utvandra 1880(?) - kven var denne mannen - foreldri hans?
Lars E. Øyane postet et emne i Brukernes eget forum
Eg syner til denne dødsannonsa frå Davenport Lutheran church, ND: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314222-00607?pId=4352345 Anton Sandberg, fødd i Solør 10.3.1855, døydde i Davenport, ND 7.6.1912. Han er oppgjeven ha utvandra til Amerika i 1880! Er det mogeleg å finna det norske opphavet hans? * Dato og stad for fødsli hans? * Utvandringsåret hans? * Fulle namn på foreldri hans med bustad, yrke og opphav? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Ogso denne utfordringi er kommi frå Amerika: Otto Pederson Kosmo skal vera fødd i Solør. Noreg 18.4.1872 eller 1873, men utvandra visstnok alt i 1873 med foreldri sine til Wisconsin. Han gifte seg i Eau Claire, WI 1.12.1896 med Olena Louise Call, fødd i Crawford Co., WI 30.1.1868. Dei budde i Eau Claire, WI der Otto døydde 1.8.1944. Kan det vera han som er fødd på Kornmo i Brandval 18.4.1872: https://media.digitalarkivet.no/view/8880/57 FT1910, FT1920 og FT1930 seier alle at Otto utvandra i 1873! Er det mogeleg å finna ut: * Nøyaktig dato og stad for fødsli hans? * Nøyaktig utvandringsår? * Fulle namn på foreldri hans med yrke, opphav og bustad? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hei, Eg er på jakt etter informasjon om ektefelle og dødsfall til Asta Olava Bækkevold som var fødd 3. oktober 1875 i Våler i Solør som dotter til Ole A. Bækkevold og Oline P. Ruud. I 1900 bur ho i Brandval som tenestejente på garden Østre Lystad: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037059001813 Her var også Halvor Eriksen Mellum i teneste og dei fekk ein gut saman i 1902 (nr. 462): https://media.digitalarkivet.no/kb20050829030674 Ho bur i 1910 i Oslo og er stadig ugift: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036392099617 Men da sonen blir konfirmert i Elverum (han voks opp hjå tanta) i 1917 er det nemnt at mora er gift Torgersen (eller står det Torgeirsson/ Torjussen?), jf. konfirmant nr. 27: https://media.digitalarkivet.no/kb20050829030674 Eg har ikkje funne ut når og med kven ho gifta seg eller når ho døydde. Eg finn ikkje nokon passande kandidat i adressebok for Oslo kring 1917 eller i den kommunale folketeljinga i 1923. Er det nokon som har tips?
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive