Dette er ei vigsle som eg har leitt etter sidan førre hundreåret, men aldri greidd å finna:
Hans Andersson Sperle (son av Anders Otteson Sperle), fødd i Luster 14.7.1851, utvandra i 1867 til Dane Co., WI
Dorthea A. Christopherson (dotter av Anders Christopherson Leirdal), fødd i Luster 9.3.1855, utvandra i 1862 til Dane Co., WI
skal vera vigde kring 1873. Eldste barnet deira var Andreas Olaus, fødd i McFarland, Dane Co., WI 21.9.1873. Etter det eg veit budde dette parfolket alltid i McFarland, Dane Co., WI, og eg har sjølv vitja farmen deira der!
Desse folketeljingslistene seier båe at dei vart vigde i 1873:
FT1900 (finn ikkje hjå FamilySearch!): https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120622_00811?usePUB=true&usePUBJs=true&pId=73607562
FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYK-SJYB
Normalt skal alle vigsler på den tidi vera registrerte i dei offisielle kjeldene, i alle fall var dette so i Wisconsin. Men kanskje dei kan ha drege ein eller annan stad for å gifta seg «out of state»? Men dette var ikkje vanleg so tidleg!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!