Kenneth Bratland har i dag sendt meg ei svært hyggeleg melding. Han kom over eit skifte frå Fana frå 1810 som synte seg gjelda ein utflyttar frå Hafslo som hadde gift seg til Fana, og dette er ein person eg ikkje visste so mykje om frå før! Han var innom tukthuset i Bergen og tente i Bergen i 1804, men so var han «borte vekk»! Hjarteleg takk til Kenneth for kjempefine opplysningar!
På bakgrunn av skiftet og dei digitaliserte kyrkjebøkene for Fana har eg no sett opp følgjande manuskript for denne huslyden, men som ein ser, manglar eg ein del detaljar, særleg om foreldri til Agatha og om ektemakane hennar:
~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye informative innlegg frå Lars J. er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg $5 under!
Eg vil i utgongspunktet tru at bygdebøkene for Fana vil vera til stor hjelp for å finna svar på mange av dei òpne spørsmåli, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!