Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'stende'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Eg har i mange år freista finna opphavet til spelemann og skreddar Anders Ingebrigtson som på 1820-talet dukka opp i Luster og gifte seg her 2.7.1827 med Anna Hansdotter Rønnei, fødd i Aurland 1804. Vigsli deira i Luster 1827 oppgjev alderen hans til 28 år med fødestad Stende i Valdres og far Ingebrigt Olson: https://media.digitalarkivet.no/view/11591/112 Anders Ingebrigtson «fra Ourdals Præstegield» var alt i 1821 komen til Luster då han 17.10.1821 vart far til ein Erik Andersson, fødd på Rønnei av mori Gjertrud Endresdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11590/132 Denne sonen Erik vart forresten ikkje konfirmert i Luster og er truleg flytt frå bygdi i svært ung alder!! Faren Ingebrigt Olson flytte òg til Luster på sine eldre dagar og døydde her 21.9.1833, 80 år gamal under namnet Stende av Nordre Aurdal: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/144 FT1865 for Rønnei i Luster syner Anders som Anders Embrigtsen og fødd i Lærdal 1795: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261005132 Anders døydde i Luster 8.2.1881, og då er fødselsåret oppgjeve til 1797: https://media.digitalarkivet.no/view/6916/393 MEN, FT1801 for Stende i Nord-Aurdal syner ingen personar som høver med Anders eller far hans: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058264005664 Og eg er ikkje stand til å finna nokon Anders Ingebrigtson/Embrigtson med far Ingebrigt/Embrigt Olson fødd i Valdres på den tidi, so den store utfordringi er: * Kven var Anders Ingebrigtson, og kven var foreldri hans? Eg kan forresten leggja til at Anders og kona Anna fekk to døtrer i lag, Martha og Elisabeth. Mor hennar heitte Martha, so kanskje Elisabeth er oppkalling etter mor hans?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om Anders og opphavet hans, og skulle nokon greia å finna att sonen Erik, fødd 1821, ville det vore ein ekstra «juvél»!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.