Undersøkjingskommisjonen frå Bergen 1804/1805 syner mellom anna denne innførsli:
Jens Larsson - 63 år - «Staader Foged i Ny Kierken»: https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000012206
Her er same mann i FT1801 i Bergen:
Jens Larsson - f. 1741 - Fattig Foged: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390012008
Her er han avliden på Håtuft i Hamre i 1810:
Jens Larsson - 74 år - Fattig Fogd: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000448681
Her er so vigsli hans på Askøy 20.7.1788: https://media.digitalarkivet.no/view/8601/135
Den første av desse seier heilt klart at Jens var fødd på Leikanger, men eg har ikkje greidd å finna nokon barnedåp som høver! Kanskje nokon har betre auge enn meg?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!