Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'syndby'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Dette emnet er ei oppfølgjing av dette gamle emnet #10241 frå det gamle Brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/96150-10241-gjertrud-andersdt-sundby-f-1715-gift-bergen-med-knut-norenberg-kven-var-ho/?tab=comments#comment-789698 Gjertrud Andersdotter Syndbye, f. kring 1715/1720 - gifte seg som enkje i Domkyrkja i Bergen 24.1.1752 med styrmannen Hans Jensson Bugge: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000990733 Hans var fødd i Hafslo 16.8.1729 som son av storbonden, prestesonen Jens Samuelson Bugge på Urnes i Hafslo og kona Berthe Reiersdotter f. Urdahl. Gjertrud vart gravlagd i Bergen 11.8.1768, og skiftet hennar vart halde same året under namnet Gjertrud Andersdotter Sundbye: https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000042789 Her er første ekteskapet hennar i Krosskyrkja under namnet Gjertrud Andersdotter 14.6.1741 med enkjemannen Knut Hansson: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001010193 Her følgjer so borni etter Knut Hansson og Gjertrud Andersdotter: * 11.03.1742 DK, Bergen: Birte: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006123692 * 13.09.1743 DK, Bergen: Marthe Kirstine: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006126025 * 09.07.1745 DK, Bergen: Andreas: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006128784 * 04.09.1746 DK, Bergen: Knut: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006130508 * 01.09.1748 DK, Bergen: Knut Hansen: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006133316 Pussig nok står her ingen ættenamn nokon stad! Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt for garden Urnes i Hafslo der Jens Hansson Bugge er omskriven: ~~~~~~~~~~~~~~ Hans Jensson Bugge, f. {i Hafslo} 16.8.1729, Hans Bugge flytte i ung alder til Bergen der han 24.1.1752 gifte seg første gongen i Domkyrkja med enkja Gjertrud Andersdotter Sundby, opphavleg frå ¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?) Ho var dotter av ¤¤¤¤¤ (foreldri hennar?) og f. ¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar? - kring 1715-1720?) Ho gifte seg første gongen i Bergen 14.6.1741 med enkjemannen Knut Hansson frå Tippen i Eid, Nordfjord, i Bergen kjend som Knut Nordberg eller Norenberg. ¤¤¤¤¤ (sjekka denne namnebruken? - han heiter konsekvent berre Knut Hansson, men ved skiftet hans i 1748 står det Nordberg!) Han var son av gardbrukar Hans Knutson på Tippen og den ukjende kona hans og var f. i Eid kring 1702, men vart gravlagd i Bergen 28.5.1748. Gjertrud vart gravlagd i Bergen 11.8.1768, og Hans gifte seg som enkjemann att i Bergen 15.12.1768 med Emmiche Ottesen, opphavleg frå Bergen. Ho var dotter av kjøpmann Otto Eriksen i Bergen og kona Emmiche Jansdotter Dischington frå Bergen og vart døypt i Bergen 25.3.1729. Emmiche gifte seg første gongen i Bergen 13.5.1755 med enkjemannen Daniel Nilsson Danielsen frå Bergen. Han var son av kjøpmann Nils Danielsen i Bergen og kona Susanna Marie Jacobsdotter von der Wida, òg frå Bergen, og døypt i Bergen 16.12.1726. Daniel var kjøpmann og budde i Bergen der han vart gravlagd 17.10.1764. Emmiche vart gravlagd i Bergen 15.10.1777, og Hans gifte seg tredje gongen i Bergen 22.11.1778 med Gjertrud Elisabeth Nilsdotter frå Bergen. Ho var dotter av dragar Nils Thorsen i Bergen og kona Kirsten Einersdotter og vart døypt i Bergen 14.12.1749. Hans Bugge tok til som styrmann, men tok i 1753 borgarskap som kjøpmann (høker) i Bergen. Huslyden budde visstnok på Nøstet i Bergen, men flytte kring 1790 til Nordnes i Bergen der Hans d. 13.8.1797. Siste kona Gjertrud vart visstnok gravlagd i Bergen 26.5.1813. Hans Bugge fekk i alt ni born, to frå kvart av dei to første ekteskapi og fem frå det tredje, men me vil òg nemna ein steson til Hans, som første kona Gjertrud hadde frå første ekteskapet sitt: a. Knut Knutson Norenberg (1748-1799), son av første kona Gjertrud og første mannen hennar, flytte attende til Sogn og hamna som gardbrukar på Rønnei i Luster (s.d.). b. NN Hansson Bugge, f. i Bergen ?.6.1754, vart gravlagd i Bergen 9.8.1754. c. NN Hansson Bugge, f. i Bergen kring 1757, vart gravlagd i Bergen 12.9.1763. d. Gjertrud Birgitte Hansdotter Bugge, døypt i Bergen 29.7.1770, vart gravlagd i Bergen 9.9.1771. e. Emmiche Birgitte Hansdotter Bugge, døypt i Bergen 29.7.1772, vart gravlagd i Bergen 13.4.1774. f. Nils Randulf Hansson Bugge (1779-1834), vart visstnok gift med husmannsdotteri Kirsti Larsdotter frå Garshaugen under Nedreli i Jostedalen (1765-1850) (s.d.). g. Birgitte Lovise Hansdotter Bugge, f. i Bergen 8.10.1781, vart gravlagd i Bergen 19.10.1786. h. Emmiche Christine Hansdotter Bugge, f. i Bergen 30.9.1784, vart gravlagd i Bergen 21.10.1784. i. Jens Christian Hansson Bugge, f. i Bergen 18.10.1785, vart gravlagd i Bergen 1.1.1790. j. Jens Christian Hansson Bugge, f. i Bergen 12.11.1791, d. i Bergen 7.11.1859. Jens var dagarbeidar og sidan almisselem i Bergen der han budde levetidi ut, ugift. ~~~~~~~~~~~~~~ I det gamle emnet frå 2002 vart drøfta ulike teoriar kring opphavet til Gjertrud: * Samanhang med kapellan til Lindås, sidan sokneprest til Aurland, Otto Sundby frå Danmark. Om han skriv Knut Bryn følgjande: «Otto SUNDBY var født ca. 1701 og deponerte fra Ålborg skole i 1723. Det betyr vel kanskje at Sundby-navnet enten kommer fra Sundby sogn på Mors i Limfjorden eller kanskje fra Sundby like nord for Ålborg (Nørresundby eller vel i dag en del av Ålborg by).» * Knut Bryn syner ogso til ei bok skriven av ein Bondesen (kva bok er det?), og der vert Gjertrud referert til som Gjertrud Andersdotter BRUCHER, men eg har aldri sett ho nemnd i orignale kjelder under dette namnet!? Eg vonar det omsider kan òpnast opp for ei løysing når det gjeld opphavet til Gjertrud Andersdotter seg og takkar so mykje på førehand for alle gode tips! PS: Kanskje kan ein eller annan finna skiftet hennar frå 1768. Kanskje det der kjem fram nye opplysningar?
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.