Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'tolga'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Utgongspunktet for denne huslyden finn me på Røros - vigde 27.11.1789: John Andersson Colgen og Olava Olsdotter Jemt - so ser det i alle fall ut som det står: https://media.digitalarkivet.no/view/2449/12 FT1801 syner at John då er husmann og hyttearbeidar, busett på Sandmæhlen i Tolga: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058247000136 Sonen Ole Johnson (d.y.) er fødd i Tolga 20.4.1807 og døypt same stad 7.5.1807: https://media.digitalarkivet.no/view/9220/196 So gifte Ole Johnson Sandmæhl seg i Oslo Domkyrkje 7.10.1833 med Rønnaug Jensdotter frå Lestebergeiget i Krødsherad: https://media.digitalarkivet.no/view/661/128 Rønnaug er dotter av Jens Evenson og Berit Bjørnsdotter og vart døypt i Krødsherad 27.10.1799, og huslyden budde 1801 som plassfolk på Tostenrud i Krødsherad: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058273002800 Jens og Berit gifte seg i Krødsherad 17.3.1799, men ingen gardsnamn er oppgjevne: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001459448 Bygdeboki for Krødsherad nemner desse berre svært kort og at dei sidan budde i Lestebergeiget!! Ole og Rønnaug flytter straks etter vigsli til Krødsherad der dei får tre born: * John Olson, fødd 15.4.1834: https://media.digitalarkivet.no/view/15928/10 * Olava Olsdotter, fødd 23.5.1836: https://media.digitalarkivet.no/view/15928/18 * Berit Olsdotter, fødd 2.5.1840: https://media.digitalarkivet.no/view/15928/30 Dei var sjølveigarar på Ormerud og sidan på Gigernes, båe parsellar av Ørgenvika, men i 1842 utvandra heile huslyden (utan gardsnamn) til Amerika: https://media.digitalarkivet.no/view/1103/215 Gerhard B. Naeseth omtalar dei i emigrantsoga si under namnet Lesteberg, men han har ingen opplysningar om lagnaden deira!! Eg finn derimot at Rønnaug Jensdotter som enkje gifte seg att i Columbia Co., WI 16.11.1850 med enkjemannen Bertel Olson frå Bringe i Luster, døypt på Kaupanger i Sogndal 14.6.1789, og denne Bertel er oppført som farmar i Lewiston township, Columbia Co., WI i 1860: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BSF-9LWB Bertel bur i 1860 åleine med ein svensk Isaacson huslyd. Kona Ronnaug og borni hennar ser eg ikkje noko til! Eg er særleg oppreken av å finna ut/kontrollera: ** Frǻ kva gard/plass (på Røros?) hadde John Andersson opphavet sitt? ** Frå kva gard/plass (på Røros?) hadde Olava Olsdotter opphavet sitt? ** Sandmælen er gnr. 58 i Tolga - kva heitte plassen der John Andersson og Olava budde? ** Frå kva gard/plass (i Krødsherad) hadde Jens Evenson opphavet sitt? ** Frå kva gard/plass (i Krødsherad) hadde Berit Bjørnsdotter opphavet sitt? ** Er det mogeleg å slå fast på kva plass under Lesteberg Jens Evenson og Berit Bjørnsdotter busette seg? ** So er eg sjølvsagt svært interessert i opplysningar om lagnaden til denne huslyden i Amerika - kvar vart det av Ole, Rønnaug og dei tre borni deira? Eg vonar det skal vera mogeleg å supplera med dei fleste opplysningane på «norsk» side om opphavet til slekti, men ser klart ei kjempeutfordring i å spora dei opp i Amerika! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.