Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'vigdal'.
Fant 1 resultat
-
Johannes Guttormson Vigdal var fødd i Luster 15.5.1840, men flytte på 1860-talet til Bergen. Ved FT1870 (som digitalarkivet diverre ikkje vil gjera tilgjengeleg...) syner Johannes som handelsbetjent hjå brennevinshandlar Christopher Munthe i Stølegaten i Sandviken, Bergen, men 12.11.1871 gifte Johannes seg første gongen i Domkyrkja i Bergen med: Oline Birgitte Larsen, enkje, fødd i Trondheim 14.8.1828. I merknadsfeltet står det at første mann hennar døydde 2.2.1865: https://media.digitalarkivet.no/view/8333/162 FT1875 for Bergen syner at kona heitte Oline Vigdal, f. Bertelsen, fødd i Levanger 1828: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295017703 Eg finn dei ikkje i FT1885, men i FT1891 er kona kalla Oline Bergithe Vigdal, fødd 1828 i Alstahaug Bruvik: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052994058227 Oline Vigdal døydde i Bergen 25.3.1899, og her er ho oppgjevi fødd i Levanger 1828: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000280509 Skal me tru fødselsdatoen oppgjevi ved vigsli hennar, kan det sjå ut til at det er denne jenta me er på leiting etter: Olianna Bergitte, fødd «uekte» 14.8.1828 og døypt 31.8.1828 i Alstahaug sokn i Skogn av foreldri enkjemann og kårmann Bertel Pederson Brendmaal og jenta Magdalene Olsdotter Røslien under Hasloe: https://media.digitalarkivet.no/view/16394/40 Og då må dette vera første ekteskapet hennar i Krosskyrkja i Bergen 24.3.1861 med Anfind Johan Larsen, fødd i Domkyrkjesokni 30.5.1829: https://media.digitalarkivet.no/view/8345/122 Men noko dødsfall finn eg ikkje for Anfind Larsen, i alle fall ikkje i Bergen, og heller ikkje finn eg Olina/Olianna i FT1865 for Bergen! ~~~~~ Når det gjeld denne første kona til Johannes Guttormson Vigdal, har eg følgjande utfordringar: ** Kven var far hennar, Bertel Pederson Brendmaal? ** Kven var mor hennar, Magdalene Olsdotter Røslien under Hasloe? ** Kvar vaks Olina/Olianna opp? ** Kvar budde Olina/Olianna i 1865? ** Dødsfallet til Anfind Johan Larsen, som skal vera avliden 1865? ** Fekk Olina/Olianna born? ~~~~~ So finn eg Johannes G. Vigdal som enkjemann og steinarbeidar i Bergen i 1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335026838 Men han gifte seg att i Krosskyrkja i Bergen 8.10.1904 med Anne Christine Andersdotter Fæste, f. Lindås 1861: https://media.digitalarkivet.no/view/314/14 Og i 1910 finn eg Johannes og kona Anna Kristine som plassfolk under Feste søndre på Lindås: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036704002828 Anna Christine var fødd på Lindås 17.12.1861, og kyrkjeboki seier foreldri var husmann Anders Monsson Saltnæs med kona Anna Fredriksdotter: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005142811 Her er huslyden som husmannsfolk på ein plass under Saltnes på Lindås i 1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1263&kenr=015&bnr=0068&lnr=000 Her er vigsli til foreldri på Lindås 30.4.1852: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000783287 Og her er endeleg Anna Kristine med foreldri sine i 1891 på plassen Pestviken under Fæste på Lindås: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052991000802 Eg tolkar dette slik som at Anders Monsson og kona Anna Christine Fredriksdotter (Kramer) på eitt eller anna tidspunkt flytte frå plassen deira under Saltnes til plassen Pestviken under Fæste, og det ser likeins ut til at Johannes Vigdal flytte inn der då han i 1904 gifte seg med Anne Christine Fæste? Noko dødsfall har eg so langt ikkje greidd å finna for Johannes Vigdal, men Anna Christine Vigdal døydde som enkje på pleiestiftelsen i Bergen 29.10.1925: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002032477 ~~~~~ Når det gjeld andre ekteskapet til Johannes Guttormson Vigdal, har eg følgjande utfordringar: ** Dødsfallet til Johannes Guttormsn Vigdal - mellom 1910 og 1925? ** På kva gard/plass på Lindås var Anders Monsson (Fæste) oppvaksen? ** På kva gard/plass på Lindås var Anna Christine Fredriksdotter Kramer oppvaksi? ** Har eg tolka dette rett når det gjeld flyttingi til Anders Monsson frå Saltnes til Fæste og at Johannes Vigdal overtoki same plass? ** Kva plass under Saltnes budde Anders Monsson på før han flytte til Fæste? Er me heldige, vil vel bygdebøkene for Lindås kunne gje oss svar på det meste av dette? ~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om huslyden til Johannes Guttormson Vigdal og konene hans!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive