Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'vikøren'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Dette er ein huslyd som eg jobba ein del med for 30 år sidan, men likevel luktest eg ikkje i å finna all dei detaljane som eg var på leiting etter. Kanskje det no er mogeleg å få litt hjelp? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Gjertrud Pedersdotter {Raaum}, f. {i Luster} 24.8.1834, Gjertrud flytte med mor si til Sogndal i 1839 og voks opp på Husum. Ho gifte seg i Tjugum, Balestrand 27.4.1857 med Størk Jacobson frå Sæbø i Vik. Han var son av husmann Jacob Andreasson på ##### (ein plass under Sæbø, men kva for ein?) under Sæbø, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Borghilda Olsdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og f. i Vik 29.6.1833. Størk og Gjertrud slo seg ned som strandsitjarar på Vikøyri i Vik der Gjertrud d. 7.1.1896. Størk gifte seg 25.2.1898 att i Vik med enkja Inga Eriksdotter, opphavleg frå Øvstedal i Vik. Ho var dotter av husmann Erik Olson på ##### (ein plass under Øvstedal, men kvar for ein?) opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Britha Olsdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og f. i Vik 17.8.1839. Størk og Inga vart buande på Vikøyri der Størk d. 15.7.1909. Inga d. på Seim i Vik 12.2.1929. Størk Jacobson fekk ni born, som alle var frå første ekteskapet med Gjertrud Pedersdotter: a. Bertha Størksdotter, f. i Balestrand 20.6.1857, d. ##### (lagnaden hennar?) b. Andreas Størksen, f. i Vik 6.2.1860, d. på Vikøyri 14.9.1895. Han gifte seg i Vik 1.5.1888 med Anna Marie Monsdotter frå Vikøyri, f. i Vik 10.4.1867. Ho d. på Vikøyri 8.4.1946. Andreas var handelskar og jekteførar, og han og Anna budde som strandsitjarar på Vikøyri i Vik. Som enkje gifte Anna seg sidan att med Edvard Andersson frå Vikøyri, f. i Vik 17.9.1871. Han d. på Vikøyri 26.2.1945. Edvard Vikøren var bakar, og han og Anna vart buande på Vikøyri i Vik. Anna fekk i alt sju born; fire av dei var frå første ekteskapet med Andreas Størksen. c. Peder Nitter Størkson Vikøren, f. i Vik 2.10.1862, utvandra til Amerika i 1885, ##### (lagnaden hans i Amerika?) d. Jacob Bartholomeus Størkson Vikøren, kjend som Jacob Vikoren, f. i Vik 6.4.1865, utvandra til Amerika i 1884 og d. i Grand Forks, N.D. 6.3.1913. Jacob gifte seg i Grand Forks Co., N.D. 25.7.1889 med Ida Albertine Hagness, dotter av husmannssonen Mons Torgerson frå Ekrene under Haganes i Luster (1843-1897). Ida var f. i Buffalo Co., Wis. 19.9.1867 og d. i Grand Forks, N.D. 21.10.1944. Jacob Vikoren var skreddar («tailor»), og han og Ida budde levetidi ut i Grand Forks, Grand Forks Co., N.D. Dei fekk seks born i lag. e. Martin Størksen, f. i Vik 20.4.1868, d. på Vikøyri 25.6.1935. Han gifte seg i Vik 23.1.1894 med Sitona Jensdotter frå Vikøyri, f. i Vik 14.3.1868. Ho d. på Vikøyri 30.11.1943. Martin Størksen var sjømann, og han og Sitona budde på Vikøyri i Vik levetidi ut. Dei fekk sju born i lag. f. Maria Størksdotter Vikøren, kjend som Marie Vikoren, f. i Vik 13.1.1871, utvandra til Amerika i 1892 og gifte seg ##### (date and place of her marriage? – about 1893?) med Peder Johnson Nederdal frå Øksendal på Nordmøre, i Amerika kjend som Peter J. Nerdahl. Han var son av innerst ##### (sjekka yrkestitel?) John Pederson på Nederdal ##### (på ein plass? – i so fall kva plass?) opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Anna Ingebrigtsdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og f. i Øksendal 4.3.1862. Peter utvandra til Amerika i 1881. Marie og Peter slo seg ned som farmarar i Loretta township, Grand Forks Co., N.D., men flytte sidan til Thief River Falls, Pennington Co., Minn. Marie d. ##### (place of her death?) 2.8.1912, medan Peter Nerdahl d. i Nelson Co., N.D. 7.6.1914. Dei fekk fire born i lag. g. Jens Størksen, f. i Vik 18.2.1874, d. på Vikøyri 21.7.1942. Han gifte seg i Bergen 28.11.1905 med Johanna Monsdotter frå Vikøyri, f. i Vik 12.10.1870. Ho d. på Vikøyri 7.10.1941. Jens Størksen var snikkar og laksefiskar, og han og Johanna budde på Vikøyri i Vik. Dei var barnlause. h. Kirstina Størksdotter Vikøren (1877-1952), vart gift med bakar Lars Kristoffersen på Sjøtun i Hafslo (feste nr. 3) (1877-1952) (s.d.). i. Hans Henrik Bartholomæi Størkson Vikøren, kjend som Hans Jacobson, f. i Vik 27.2.1881, utvandra til Amerika i 1899 og gifte seg i Grand Forks, N.D. 24.10.1906 med Ellen Karina Moe frå ##### (hennar norske opphav?) Ho var dotter av ##### (foreldri hennar med bustad, yrkestitel og opphav?) og f. ##### (fødestaden hennar?) 4.7.1874, men utvandra til Amerika i 1904. ##### (sjekka utvandringsåret hennar?) Hans Jacobson var jarnbanearbeidar («railroad worker»), og han og Ellen budde først i Aneta, Nelson Co., N.D., men flytte sidan til Finley, Steele Co., N.D. der Hans d. 11.3.1942. Ellen Jacobson d. i Whittier, Cal. 1.6.1968. Dei fekk fire born i lag. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.