Eg har vanskar med å tyda eit ættenamn som førekjem minst tre gongar i kyrkjebøkene for Sogndal:
* Vigsel 14.12.1773 mellom Johan Petter ...oesing og Madame Karen Sunde von Santen: https://media.digitalarkivet.no/view/11655/66
* Barnedåp 5.6.1774 av Echa Margrethe, dotter av Johan Petter ...oesing og Karen von Santen: https://media.digitalarkivet.no/view/11655/72
* Barnedåp 10.1.1776 av Lars Benjamin, son av Johan Petter ...oesing og Karen von Santen: https://media.digitalarkivet.no/view/11655/89
Kva var ættenamnet til denne korporalen?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!