Ingrid Christensdotter representerer ei gigantisk utfordring, som har lege utan resultat på skrivebordet mitt sidan 1980-talet. So greier nokon å løysa denne gåta, ville eg verta kjempeimponert!
Ingrid Christensdotter Lerum var fødd i Luster 8.6.1846 og utvandra til Amerika i lag med fleire søsken i 1860. Dei fleste søskeni busette seg i Buffalo Co., WI, og der vil eg tru ogso Ingrid budde den første tidi. På eitt eller anna tidspunkt skal ho so ha gift seg med ein Yankee med namnet YATES, og ifølgje etterkomarar etter søskeni hennar, som eg snakka med i 1979/1982 skal dei ha busett seg i eller nær Crookston, Polk Co., MN der ein son med namnet Ed YATES sidan skal ha vore busett!
Dette er alt eg so langt veit om denne jenta og lagnaden hennar, men eg krossar fingrer og têr og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!