Gå til innhold
Arkivverket

[#35568] Rike-Torstein og jordegodset hans


Gjest John H. Aarønes
 Del

Recommended Posts

Gjest John H. Aarønes

Debatt fekk litt problem så eg startar ein ny debatt, kanskje med noko anna vinkling men kanskje meir i samsvar med korleis debatten utvikla seg.LenkeUtgangspunktet i den ophavlege debatten var Ingeborg Skunda og kva for ættesamband ho kunne ha med Rike-Torstein.I samband med Mjelve og Mjelvegodset blir Svein Arnesen nemnt. Rike-Torstein arvar jordegods etter Svein og Ingeborg Skunda. Ein annan som arvar jordegods etter Ingeborg Skunda er Tormod Ivarson.Mjelve ligg i Bolsøy (noverande Molde kommune) og må ikkje forvekslast med Mjelva i Grytten.bilete0462.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Her er nokre lenker til Diplomatarium Norvegicum (Dokumentasjonsprosjektet): - Dato: '1494'.1 Sted: Uten sted [url="http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=17491&s=502&str=>Lenke Vitnemål utstedt etter krav fra Torstein Åskjellsson om hvem som hadde eid gardene Stavneim, Hogstad, Kvasseim, Taksdal og 'Sandh' (visstnok Sandve) på Jæren. - Dato: 14. oktober 1501. Sted: Bergen LenkeDom i sak mellom Torstein Eskilsson og Torgeir Håvardsson om gardene 'Swnneim' (d. e. Stavneim) og Hogstad på Jæren, som hadde tilhørt Svein Arnessons gods. Gardene tildømmes Torstein, men han skal gi Torgeir eller hans stebarn 50 mark i gode penger. - Dato: 1. august 1558. Sted: [bergen.]

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Det er kanskje på sin plass å minna om dei viktigaste kjeldene til kunnskap om (Rike-)Torstein Askjellson og den tidlegare Svein Arneson som opphavleg hadde ått mykje av jordegodset som Torstein vart eigar av.Torstein levde om lag i tidsromet 1440 – 1515, medan Svein levde om lag frå 1360 til 1430 (?). Det grunnleggjande arbeidet vart gjort av sokneprest O. Olafsen som i alt skreiv 4 artiklar om emnet. Dei to første artiklane til Olafsen stod i Historisk tidsskrift 4. R. V, s. 324 – 335, og 5. R VI s. 464 – 467, og er prenta 1908 og 1925. Dei to siste står i tidsskriftet Hardanger, årg. 1925/1926, s. 52 – 68, og 1928, s. 31 – 41. Enda tidlegare hadde A. Kielland i boka ”Familien Kielland”, Chr.ania 1897, s. 223 meint å kunne identifisera Rike-Torstein med ein Torstein som var far til Kristina, kona til Erik Ormsson av Orm-ætta. Dessutan meinte både Kielland og Olafson at Rike-Torstein var son til ein Askjell Torsteinson som var nemnd fleire gonger på Voss i tidsromet 1427 – 1449 (DN I nr. 716, 763, 764, DN II nr. 773, DN VI nr. 506, og Noregs gamle Love 2. R. I, s. 22). Olafsen identifiserte også Rike-Torstein med ein Torstein som budde på Bjørko i Bø åttung på Voss. At Torstein var far til den Kristina som er nemnd ovafor vart etter kvart tilbakevist av O. Olafson, men han hevda, også i den siste artikkelen sin at Rike-Torstein var identisk med Torstein på Bjørko.I ein grundig artikkel i NST XVIII (1962) s. 199 – 216) tek Asgaut Steinnes tak i dette emnet og tilbakeviser der at Rike-Torstein er identisk med Torstein på Bjørko. Det er elles i Steinnes sin artikkel at dei kjeldene eg refererer til ovafor er gjort reie for. Etter Steinnes har det, så vidt eg kan sjå, vore skrive lite om Rike-Torstein og slektskrinsen rundt han. Men skulle nokon veta om fleire sentrale (sekundære) kjelder her, så vonar eg vedkomande vil dela denne kunnskapen med oss andre.I og med at mykje av rikdomen til Torstein var arv etter Svein Arneson, så vil også den sistnemnde verta svært sentral i ein debatt om dette temaet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Synd med Ingeborg Skunda, jeg ville så gjerne ha visst om hun er en Sevatsdatter og/eller Olafsdatter, men hun kan jo endelig være for eksempel en Ingebjørg Sevat, Sigurd AskjellsdatterNoen betraktninger vedk. hvem Torstein Askjellson kan være sønn av. En må vel her også kunne ta høyde for at det kan være flerkullsbarn.Det finnes en Askjell Torsteinson n 1435 på Lista g. med Åse Hognesdatter. Hun selger Svinøen m.m. til svigersønnen Finn Tollachson. Navnet Hogne er brukt på Voss.Eskild (Torsteinson ) på Voss g. med Ingrid, som er nevnt sammen med sin sønn Gudmund Eskilson (DN b. XXI nr. 474, datert Voss 28(27) august 1454. I DN b IX nr 322, datert Vossevangen 25 august 1454, ser vi at Ingrid Gudmundsdatter og sønnen Gudmund Eskilson betalte og avhendet til fru Magnhild Oddsdatter 10 laupsjord i Sausjord i Vinje Kirkesogn på Voss for det ombudet de hadde hatt for henne i 6 årEskel Torsteinsson bytter jord med Niculas Peterson, kannik i Bergen og sokneprest på Voss. Niculas overlot Eskel to teiger i Litle Ringheim i Borstrand åtting, som før lå til Lekve i Gullfjordungen, og Eskel overlot i stedet Niclas 2 mmb i Høyland i Borstrand som nå skal ligge til Lekve( Josse Jenesson, er ombudsmann på Voss. Vitner Torgeir Erlingson, Asle Sigurdson (spennende mann skal vedde på at det er den gamle Aga/Jåstad ætten, ) Torfinn Einrideson, Gunnar Torleifson (kan være en Gunnar Torleif Toraldson, tror de har glemt en Kane, i Hardanger, ) Hans Torgeirson, Olaf SveinsonI DN b.XXI nr. 476, datert Vossevangen 9 april 1455 er nevnt en Amund Eskildson., som lagrettemann. Det er vel derfor tidsmessig naturlig å trekke den konklusjon, at denne Eskil Torteinson i alle fall har to sønner, Gudmund og Amund. Gudmund er i DN b I nr 885, datert Finne 26 sept. 1468 kalt Gudmund Askjellson. Eskil og Askjell blir her også brukt om hverandre. I DN b VI nr 580 datert Gjerde 11 mars 1475, er hustru Ingrid Gudmundsdatter nevnt. Hun er gift ned Eilif Arnvidson, og innløste 2 1/2 mmb i Gjerde og 5 ½ mmb i Høge fra Orm Pålson etter Torbjørg Jonsdatter.Og sånn kan en fortsette, men det må være dette som er opphavet til Ola Olafsen sin hypotese om at Rike Torstein Askjellson er fra Byrkjo, da hans etterkommere eier i Gjerde og Gjerdeskvål på Voss.Vedk Ragna Berdorsdatter Hun kan for eksempel være søster av Kalv Berdorson n DN bIII nr. 792, datert Vossevangen 19 des. 1446. .

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Jeg glemte å ta med følgende. Hvis Ola Olafsen har rett i at det er en forbindelse til Gjerde /Gjerdeskvål på Voss, finnes det mange etterkommere i Hardanger. I så fall er et dokument fra 3/10 1491 relevant, der Reidar Borgarson og Gunnar Jonson(hvis det er Bringsvær) selger 4 markebol i Tveiten i Vinje, Telemark til Svein Arneson. Dette fordi Bringsvær/Hardangergodset innbefatter parter i både indre og ytre Ålvik, der flere dokumenter vedk. rike Torstein Askjellson Byrkjo var oppbevart.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

DN Dato: 11 Mai 1427. Sted: Vangen p. Voss [url="http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=717&s=514&str=>LenkeAskel Þorsteinsson lagrettemann--------------------DN Dato: 3 Marts 1438. Sted: Finnen.LenkeEskel Thorstinsson lagrettmann-----------------------------------DN Dato: 13 August 1438. Sted: Finnen.Lenke Askell Torsteinsson lagrettemann----------------------------------DN Dato: 10 Marts 1447. Sted: Eid.Lenke Askel Thorst(e)insson lagrettemann ---------------------------------- DN Dato: 9 April 1447. Sted: Vossevangen LenkeEilif Omundssön erkjendte at have solgt 4 Maanedsmatsbol i Gaarden Hjernes til Eskil Thorsteinssön og at have oppebaaret Betalingen.------------------------------ DN Dato: 28. (27.) august 1454. Sted: Voss.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

I og med at Mjelve og Mjelvagodset i Romsdal er sentrale når det gjeld å få klårleik i ymse slektssamanhengar vedrørande morslekta til Rike-Torstein, så skal eg i dette innlegget ta for meg eit brev som vedkjem Mjelve i Bolsøy som så vidt har vore nemnd tidlegare. Brevet er datert 1342 i Nidaros og omhandlar eit testamente utstedt av ei Gunhild Sigurdsdtr. Omframt ymse gåver m.a. i form av jordegods til domkyrkja, kannikane m.m., gjev ho også noko til bror sin, Sørkve, samt til ”Olafue minum”. Den siste må vel helst vera son hennar og han får 2 spanns leige i Linvåg på Tustna, samt like mykje i Mjelve som far hennar åtte. I tillegg fekk Olaf også skipet ”Stongena”. Det som vedkjem Olaf må vel helst sjåast på som forskot på arv? Det er og grunn til å merkja seg at Gunhild gjev bort ein part av Sæter i Sollesundet på Tustna. Som eg har vore inne på tidlegare, så åtte Aspaslekta i denne garden først på 1600-talet, noko som kan indikera slektskap. Dei andre gardane som er omtala i brevet er Arasvik og Berg i Aure, samt Hønsvik i Halsa.. Utanom Mjelve, så ligg altså alle dei andre gardane på nordre Nordmøre.Diverre har eg forlagt det heftet av NST der ein finn ei utgreiing om den eldre Aspa-ætta, men så vidt eg hugsar vart Gunhild rekna å vera dotter til ein Sigurd Stong som igjen kunne vera identisk med den Sigurd Gudbrandson som delte Aspa med bror sin, Arne (Bonde Suli). (Sjå DN XXI s. 18 ff. 1319).For å koma fram til eit poeng her, så er det truleg at Sigurd sin bror, Arne, også har ått ein part i Mjelve. Denne Arne kunne ha hatt ein son, Svein (Sjå DN III s. 232, 1353), som igjen har hatt sonen Arne oppkalla etter bestefaren. Slik som andre har vore inne på, så kunne vidare denne Arne ha hatt sønene, Svein og Bård (Berdor), der den første er identisk med Svein Arneson som opprinneleg står som eigar av mykje av jordegodset til Rike-Torstein, og som truleg er identisk med første mannen til Kristina Toraldsdtr. (Kristina kan ha fått Aspagodset som ho seinare selde til Olav Trondson m.fl. av Svein Arneson, enten som ”morgongave” eller som arv etter born avla med Svein). Bård kan vidare vera far til Ragna Berdors (Bårds) –dtr. (mor til Torstein), samt Anders Bårdson (morbror til Torstein) som er nemnt i breva frå 1575.Om samanhengen er slik som skissert, så må den Gunhild Sigurdsdtr. som m.a. gjev bort Mjelva til Olaf i 1342, vera søskenbarn til Svein Arneson.d.e. på Aspa, og Olaf må vera tremenning og av same generasjon som den ukjende Arne Sveinson. Svein Arneson d.y. må altså vera firmenning med eventuelle born til Olaf som fekk ein part av Mjelva av mor si.Til slutt skal eg nemna nokon som kan vera born til den nemnde Olaf. I eit brev utstedt 29. sept. 1447 i Romsdal (DN II s. 585), vitnar 6 lagrettesmenn at dei tre personane Jessa Olafsdtr., Ragnhild Olafsdtr. og Thorer Teiste Olafson var heilssysken og at Sigrid Arnesdtr. var dotterdotter til Ragnhild Olavsdtr. som hadde arva Jessa Olafsdtr. Teistenamne dukkar jo også opp blant borna til Ivar Trondson i Aspa.Er det elles nokon som veit meir om Teiste-ætta i Romsdal?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønesff

I følge hefte frå Aspa-seminaret fantes Teiste i Romsdalen tidlig på 1400 - tallet.Under overskrifta 'Aspa-ættens tilknytning til slekten Teiste' står bl.a.: Adelsætten(e) Teiste inneholder ennå uoppklarte problem, men den grenen av Teiste som det er mest nærliggende å knytte Aspa-ætta til holdt til et sted i Romsdal tidlig på 1400 - tallet. Her kjenner vi Tore Teiste Olavsen og hans søstre hustru Jessa og Ragnhild Olavsdøtre; den siste blir arvet av en datterdatter.'Arne Kvitrud har i en liste Tore Teiste Olavsen (1447 – c 1470).Aslak Bolts jordebok - utgitt av Jon Gunnar Jørgensen s. 127 - Bolsøy åtting Av Bolsøya, 1/2 markebol som Tore Teiste eide, bygslet for 1/2 mark, det ligger eit selveide til [garden]. Vi fikk også 1 markebol av Sakse Gunnarsson i den samme jordeiendommen, bygslet for 7 1/2 øre, og vi gav ham 9 |- marka -| øresbol i Setre for 1/2 mark, og lot ham leie Bjermeland under Setre og 1/2 tveite smør. ØdeArne Olufsen Teiste til Herø, Sunnmøre 'Under 31 Juli 1621 har Matriklen Arnerus Arnerus Nicolai Therstius. Ex schola Aroensi, altså fra Aarhus. - Er antagelig den samme.''Til 1642. Ifølge en Kontrakt, oprettet på Herredagen i Bergen 1637, skulle han svare en aarlig Afgift til den resider. Kapellan ved Frue Kirke i Trondhjem 140 Rdr. Species'.Kilde: Lampe: - webbok på Digitalarkivet s. 215 Olav Teiste Lavadelsnavnet – Teiste er så vidt nevnt som slektsnavn på gårdbrukerer i Vestnes, både på Bjermeland og i Tomren. Særlig har Olav Teiste i Tomren (fra slutten av 1500-tallet) stor etterslekt blant oss.I Tomren, Vestnes er det en Ola Teiste i 1583, med barn Arne.Kilde: Olav Rekdal: Gard- og slektshistorie for Vestnes – Tresfjord. Tresfjord I. Så var det Teiste på Ytter Misund i fleire generasjonar.I Midsund Gard og Slekt II har Johan Julnes tatt med litt om Teisteætta under Midsund gard. (Etter Helge Bjerkevoll)Skattemantall 1520, Knut Misund 1/2 mark i skatt og Oluf Teiste 1/2 lodd sølv og 2 lodd sølv for jordegods han åtte.Om Teisteslekta i distriktet, sitat:\'I 1335 finn vi Ludor Eriksen Teiste i Romsdal, og i 1400 er nemnd ein Tore Teiste. I 1447 (DNII nr 777) er nemnd hustru Jessa Olavsdotter (Teiste) og Ragnhild Olavsdotter og Tore Teiste Olavson er skilgetne samborne søsken; og er Sigrid Arnesdotter datterdatter til Ragnhild. Amund Bjørnson Teiste er nemnd i 1501, Oluf Teiste Midsund i 1520, Oluf Andersen Teiste Midsund i 1597-1618 og Oluf Olssen Teiste Midsund i 1618-33------(Sjå ellers Tore Vigerust sine oppteikningar om Teiste-ætta\'). Sitat slutt.Under ytre Midsund sier Julnes at på heile 1500-tallet sat teisteslekta som eigarar.Brukarar:Ole (Oluf) Teiste brukar 1520,Anders (truleg Anders Teiste) nemnd som brukar 1548/49,Ole (Oluf) Andersen Teiste nemnd som brukar 1597, har born Ole (Oluf) Olssen som neste brukar.Enkja etter siste Olufen gift med Iver Knutsen måtte pantsette2 pund av odelsgodset sitt i Midsundet til kongen. Dei blei da sitjende att med 2 1/2 pund odeljord. Dette fordi Iver hadde drepe 4 dyr i forbudstida.Det ser ut til at Audun Aagesen på Reknes har overteke 1 pd. i den siste parten - a alle fall eigde Audun 1 pd. i Yter Misund i 1661.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kristian Fjeldsgård

Karin tar nok noe feil både når det gjelder tid og kronologi og geografi:1435: DN VII, nr. 394: To Lagrettemænd kundgjöre, at Thorgils Styrmerssön erkjendte at have solgt Svinöen, Skarvöen, Hammeröen og Olafsöen til Askel Thorsteinssön og at have oppebaaret Betaling derfor.Handelen var gjennomført på Hamre i Kvinesdal, men bl.a bekjenndtgjort på Halshaug i Mandal, hjemmetingen til Askel? Torgils Styrmersson antas å høre til lenger vest.Disse øyene synes å ha tilhørt Syrdal i Sør-Audnedal, altså øst for Lindesnes.1484 treffer vi så Åse Hugesdotter/Aasa Hugædotter: DN VII, nr. 494: Sammendrag: To Lagrettemænd i Undal kundgjöre, at Finn Thorlakssön og hans Vermoder Aasa Hugesdatter erkjendte at have modtaget Betaling af Thorgils Anundssön for Svinöen, Hammeröen, Skarvöen og Olafsöen, som Aasas Ægtefælle Thorstein Askelssön havde solgt Thorgils.Denne handelen er gjennomført på Heddeland i Øyslebø, men lest og forseglet på Valle (kirke) i Sør-Audnedal. Hugenavnet treffer vi vel første gang i Vest-Agder på Elgeseter i Kvinesdal i 1439: DN IX, nr. 274: To Mænd kundgjöre et Forlig paa Tjerne (i Vansyn) mellem Huge Haarekssön paa den ene og Rolf Gunleifssön og hans Hustru Ragnhild Anundsdatter paa den anden Side om hver Parts Ret til Fisket mellem Ekenes og Radafos (i Leiknes Sogn).Hvorvidt og hvorledes det er noen forbindelse skal jeg ikke uttale meg om p.t.En del av disse slektsforholdene er behandle av Per Seland i Årsskrift for Agder Historielag nr. 41: Gamle Audnedalsslekter, Foss og Ytre Skofteland i Sør-Audnedal.Bortsett fra at vi her treffer 'skak' treffer vi også på en sak om Bjermod Ytre Ågedals og hans etterkommeres adgang til denne gården: DN XIII, nr. 152, 1488: Tolv Lagrettemænd kundgjöre, at de dömte mellem Thjodolf, Gunnar og Eystein Gudleikssönner paa den ene Side og Thorkel Ingvarssön paa sin Hustru Sigrid Throndsdatters Vegne paa den anden angaaende Brödrenes Paastand paa ytre og vestre Aakredal i Bjellands Skibrede, der tilkjendtes Thorkel, da Sigrids Forfædre i 3 Generationer upaatalt havde besiddet Gaarden, og da den heller ikke paa Skiftet mellem Brödrenes Morfader Styrkaar var omtalt som tilhörende denne.Gudleikssønnene er vanskelig å plassere men den den personen som peker seg ut er 'Steirkaar moder fader thera'Navnet er sjeldent og det pekes mot Voss hvor jeg finner navnet/navneformen.Jeg finner forøvrig en baron Sørker/Sørkver/Styrker? Andresson? som er involvert i forbindelse med sjelegave om Straumsland på Lista.Jeg kunne i og for seg trukket dette lengre ut med Heddeland og andre navneformer, men forbindelsen til Voss må nok ha vært på et tidligere tidspunkt, selv om intet skal forsverges

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takkar John for fyldig utgreiing om Teistane i Romsdal. Kanskje litt på sida av tema, men likevel svært nyttig.Til KristianInnlegget ditt er kome på plass no. Kanskje rotet hadde noko med at eg akkurat da du la det inn var inne på den tidlegare debatten om Ingeborg Skunda m.m. Den måtte jo avbrytast på grunn av ymse merkverdige hendingar. Vona den nye debatten ikkje har fått same 'sjukdomen'. Innlegget ditt var forresten interessant og opplysande. Sjølv har eg førebels for liten kunnskap om denne slektskrinsen til å uttala meg, men Karin kjem nok med ein kommentar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Vedk eiendommene i Hardanger.Skal en gå ut i fra rike Torstein Askjellson sine eiendommer i Hardanger, ser det ut til at de primært ligger i Eidfjord. I så henseende er DN b IV nr 584 datert Kinsarvik 10.oktober 1390. Her kunngjør Askjell Tholfson og hans hustru Ingeborg at de har solt Steinar Niculason den halve Græsgård(Have) i inste tunet i Thorljotsvik i Samlands Hered , Jondal Sogn i Hardanger. Steinar har en datter ved navn Ragna. Det er nærliggende å tenke at han har vært gift med en etterkommer av Ragna Åsulvsdatter, som “gjorde kirken i Eidfjord“.Torstein Askjellson eier i Øvre Lægreid, Hereid og en rekke andre gårder i Eidfjord, beregnet til 21 lp., hvorav 8 lp. I Lægreid og vel 6 i Hereid. I Olav Engelbrektson s jordbok fra 1533 er gårdene som erkebiskopen eide i Eidfjord oppregnet (Kanskje noen har adgang til den ?). Her er det opplyst at de gårdene Torstein pantsatte til erkebispestolen, hadde no Gaute i Valen i pant for de samme 90 bergensgylden. Men Torstein hadde også solgt gårder i Eidfjord til bispestolen. Sigurd Matsson på Tolga som var gift med Inga Torsteinsdatter, gjorde i 1534 forsøk på hennes vegne å gå gårdene igjen. Lægreid og Hereid er blant det godset kong Christian skjenket Kristoffer Rustung. (Ref Gards og ættesoge for Eidfjord). I DN b XV nr. 128 datert (Bergen) ca 1500 ser en imidlertid at en ved navn Engelbricht Thoresen i Mcd xcvij (når er det?) vj mamathb j Brødre jord j Læghræ till ewerdeligher eigno.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John. H. Aarønes

Eg har tillete meg å hente inn dette dokumentet som Finn Oldervik la inn i debatten om Ingeborg Skunda.Det er vel litt ulike meininger om kven denne 'Rike Torstein var, men har ikkje dette klårt for meg akkurat no. Legger ved utdraget av breva frå 1575 som omhandlar det såkalla Mjelvagodset: Avskrift av et diplom innsendt til Riksarkivet.Extract Oc forklaring Paa thet godz som nu findis vdj Tiisse Breffue, Riige Tosten oc Anders Baardsønn i mellom.Item ett pergamentz Breff, Att Baarder biørnnssønn haffuer soldt gunder Halkielsenn ix oureboll wdj Siigrida sether, som liigger y fannes ottungh oc y bollingsø kirke sogenn.Item ett pergamentz breff, At Suein oluffsen haffuer soldt gunder halkelssenn halff marckeboll wdj thagtsetre wdj forne sogenn och ottungh.Item ett Pergamendtz vittnesburdtz breff, Att halkell gunderssønn, louck Ingeborige Siguardzdotter, øresboll i Berge oc threy øresboll i bergisuick som handt hade kiøpftt mett henne aff Baard ekarnn syne.Item ett Pergamentz Breff, Att Askell gudlogssen hade soltt halkell tormodssen halfftt marckeboll i miolffue Oc att Iffuer Haldorssønn hadde solltth forne Halkiell tormodssønn thueggie øre boll i miolffue & denne Halkiells er for w mntt (?) trennestadz i breffuuitt &.Item eitt Papiirs breff som Erkebiscop gouthe haffuuer utt giiffuitt, Att eptherthj Annders baardssønn er regnetth for retth arffuinge epther Sueinn arnessen, tha uplode hand hanom saa meget som hannd atte udj Reyund eitt kiørlagh aarlige, oc hiellesetter autt aarlige et tueite smørs, och loff(u)er i samme (sic) breff att fli hanom fleire jorder i framtidenn om the kannd opspørgis.Item ett papiirs breff och witnw att Ingeborge skunda lyste Tormod Iffuarssøn for sinn arfuinge och Att Aslach baardssøn truede hanom then arff fraa.Item ett Papiirs breff Att Tostenn askelsøn haffuer undt annders baardsonn hiellesetter iij øris boll, som tostenn tillffeld epther Inngeborge skunda, Item vdj thielloss iij ørisboll oc ij ørisboll vdj mielffue som forne Ingeborge skunda otte, oc vnnthe hannem ther tiill alle the løsse peninge som hand kunde egienn vinde som bortt war tagenn.Item ett papiirs breff att tostenn Askelsønn haffuer kientth segh viidtt tisse eptirschreffne jorder i Romsdallen først i Ryffuige, ithem i Hugeberge, i vestaste friiseuoll y Bierkyne i sylttenn i Niothesetter i Eisuiigh, opsalle y marckeboll.Item ennd eitt Tostenn askelssønns breff paa papiir Att hannd beklager segh Att Annders baardsenn kanndth iche Naa aff thett gottz wdj Rumsdallen som fell ephter Inngeborge.Item enndt eit Toswenn papiirs breff tiill Amund aslackssenn om ein arff som (f)alltth epther hustrue Maritte oc Amundz fader haffde optagith i ombodet Tostenns moderbroder, och beklager siigh endnu om thetth Aaholdt som Annders baardssen giiørs paa same arff.Item ett papiirs breff att birgitte halkelsdatter, hade Solt Annders Baardssønn hall ørtuge boll vdj etth ørisboll vdj miolffue, Item Arne Arnessønn solde Annders baardssønn hall ørtuge boll i same goedz paa minn quindis wegnne, Item Arnne Arnessønn solde Annders bordssøn halltt ørisboll paa Astriid halkelsdotters wegnne i forne Miolffue: Findis thuenne steds i thette breff Maculeriidtt.(Med annen haand) Item Wdaff thette gotz ehr Nu Engelbret oc hanns brødre tildømpt Alt Miolffue mett aldt synn eigendom, Nu strax att Anname, Dog tiill nestkomende Olauj egenn skall hanndt oc hanns wedderparther, møde her egienn mett alle theris breffue oc beuisinger som domen ther om widere forklarer Actum Bergenn Anno (15)75.(19/1 1922)Tore H. Vigerust opplyste i eit seinare innlegg i den debatten at louck = betalte

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Bare navnelikhet eller? Tittel: 1574, 9. august1417039 / Sogn og Fjordene, Vik, Hopperstadkunngjøring , (salg) Institusjon: UBB Depot: UBBHF Spesialsamlingene, Diplomsamlingen Sammendrag: UB Bergens digitale diplomsamling. Dokumentene mellom 1570-1580. UB Bergens fysiske samling inkluderer enkelt fotografier eller transkripsjoner av dokumenter i andre samlinger. Disse finnes også i den digitale samlingen. Den digitale samlingen er videre tilført enkelte dokumenter som ikke foreligger reprodusert i UB Bergens fysiske samling. Sammendrag: Torger Olaffssøn og Bodolf Laurentssøn, lagrettemenn i Vik kunngjør, at Ingebret Reyelfssøn med sine medeiere Palne Erikssøn og Elling ... selger 3 sjettedels leie i gården Halleseter i Flete kirkesogn i Vik til Ingebret Olaffssøn, som også er medeier i gården.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønesff

Til hjelp for seinere forskere over Rike-Torsteins jordgods i Romsdal gjengir Jørgen Olavsen-Holm i Bolsøyboka s. 438 et namneregister som han har utarbeidet etter jordbrevene over personer og gårder nevnt i brevene, og som alle må antas å høre under Rike Torsteins ætt.Tostein Askelsen Bjørke - Anders Bårdsen - Bård Bjørnssøn - Gunder Hallkellsøn - Svein Oluffsøn - Ingeborg Siguardzdatter - Hallkelle Gunderssøn - Bård Ekarnessøn - Askell Gudlogssøn - Iffuer Halldorssøn - Hallkell Tormodssøn - Erkebiskop Gauthe - Svein Arnessøn - Tormod Iffuarssøn - Aslach Bårdssøn - Amund Aslachsen - Hustru Maritte - Aslach, Amunds fader (= Aslach Bårdssøn?) - Tosten (Askelssøns moderbroder) - Birgitte Hallkellsdatter Arne Arnessøn - Engelbret og hans brødre - Astrid HallkellsdotterUnder gårder og parter:Sigrida setthre - Thagalsetre - Berg - Miolfue - Reglund - Hiellesetter - Ryfuigge (Røvik) - Hugeberg - Vestaste Friisvoll - Bierkyrne . Syltenn - Niothsetter i Eidsuige - Opsalle - Bergsuich - Thielloss

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Supplement til mitt innlegg nr. 7;Som ytterlegare eit indisium på at Mjelvagodset opprinneleg var ein del av Aspagodset, kan eg tilføra følgjande:I Norske Herredags-Dombøger, 1. R. 1578. Christiania 1893. s. 207 – 216, er det eit fyldig referat fra rettsaka som første til at Audun Torsteinson på Veigen (Aspa) fekk seg tilkjent jordegodset til ”de fire doctorers prebendum”, eit jordegods på nærare 50 spann smørs landskyld. Dette jordegodset var gjeve til Domkapitlet for ein periode av 30 år av erkebiskop Olav Trondson og broren Ivar i Aspa. Eg skal ikkje gå vidare inn på denne saka, men berre nemna eit mindre avsnitt i referatet.På s. 212 vert det fortalt om at Jens kantor hadde leita blant breva deira og at han hadde funne ”ett pergamendtz breff, aar 1342 septimo idus maij vdj Trundhiem wdgiffuit, lydendis att Gudell Siuortzdatter ebland anditt hindis gutz, hunn haffuer giffuit henn vdj fritt testamend, haffuer hun och giffuit til Christj kirkcens ophold 3 spandtz leige vdj enn gaardt kallis Berge, liggendis vdj Offre skibrede paa Nordmør, som formeldis att schulle were hindis odell, effther som same breff vdj sig sielffer wider for klarer. Ther nest oc fremlagde ett pergamendtz breff, som ercke biszcop Gautte schall haffue vdgiffuett vdj Trundhiem aar 1484 in crastino inuencionis sancti crucis, huilckett som jngen segell for fandtz vdenn ett, som var halff parthenn burtt aff och saa gott som gandske aldelis jnthitt kiendt vdj forsegling och wor til med bundenn medt thend ene ende aff stiertenn till forne. breff.. osv.Ut frå dette referatet kan det sjå ut som om erkebiskop Gaute også hadde rekna gåva frå Gunhild Sigurdsdtr. og som ein del av Aspagodset i og med at dei to breva var samanbundne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Sjølv om John har lagt inn desse breva i den nye debatten tidlegare, har eg her stokka litt om på dei, samt at eg har nummerert dei slik at dei er enklare å visa til. Dessutan har eg prøvd å tidfesta dei fleste. Eg har og gjort forsøk på å identifisera nokre av personane i breva. Det kan verka som om mange av personane er busette i Romsdalen, noko som ikkje var særleg uventa.Avskrift av et diplom innsendt til Riksarkivet. Extract Oc forklaring Paa thet godz som nu findis vdj Tiisse Breffue, Riige Tosten oc Anders Baardsønn i mellom.1. Item ett Pergamentz Breff, Att Askell gudlogssen hade soltt halkell tormodssen halfftt marckeboll i miolffue Oc att Iffuer Haldorssønn hadde solltth forne Halkiell tormodssønn thueggie øre boll i miolffue & denne Halkiells er for w mntt (?) trennestadz i breffuuitt &.Kommentar til 1: Truleg er det den same Askjell Gudlaukson som vi møter i eit brev datert Vedøy 21.06.1397 (DN XXII s. 155). Han er då vitne i ein gardhandel som vedrører Frisvoll i Eid. Dette var jo og ein ”Rike-Torstein-gard” (Sjå m.a. innlegg nr. 19). Kort fortald så fortel brevet at Øystein Erlendson har motteke resten av betalinga frå Aslak Sjurdson for Frisvoll som Ingrid Øysteinsdtr. har seld til Aslak . Dette skulle tilseia at Askjell Gudlaukson kan vera om lag jamaldring med Svein Arneson og slik noko eldre enn Torstein Askjellson. På den andre sida så ser han ut til å vera såpass mykje eldre at han neppe kan vera far til Rike-Torstein Askjellson (f. ca 1440)? Også Halkjell Tormodson og Ivar Haldorson kan vera på same alder som Svein Arneson, dvs. f. ca 1360 +-.2. Item ett pergamentz Breff, Att Baarder biørnnssønn haffuer soldt gunder Halkielsenn ix oureboll wdj Siigrida sether, som liigger y fannes ottungh oc y bollingsø kirke sogenn.3. Item ett pergamentz breff, At Suein oluffsen haffuer soldt gunder halkelssenn halff marckeboll wdj thagtsetre wdj forne sogenn och ottungh.Kommentar til 2 og 3: Denne Gunnar Halkjellson må truleg vera same person som er nemnd i eit diplom datert 12. mars 1438 i Skraapsgarden på Veøy. Brevet fortell at presten, Sjur Josteinson, Tolleiv Eriksson, Svein Pederson, Gunnar Halkjellson og Jon Pederson, svorne lagrettesmenn, var vitner til at Sigrid, Arne Torgeirson og Ingebjørg Øivindsdtr. selde 2 øyrebol i Sylgenes (=Sølsnes) i Peters kyrkjesokn (DN III nr. 956). Gunnar Halkjellson er også nemnd i eit brev dat. Veøy 13. april 1439. Brevet geld noko ugreie som hadde oppstått om gardhandelen året før. Gunnar er denne gongen nemnd først av lagrettesmennene.4. Item ett Pergamendtz vittnesburdtz breff, Att halkell gunderssønn, louck Ingeborige Siguardzdotter, øresboll i Berge oc threy øresboll i bergisuick som handt hade kiøpftt mett henne aff Baard ekarnn syne.Kommentar til nr. 4; Eg forstår ikkje heilt innhaldet i dette brevet, og det er også vanskeleg å plassera i tid. Den Halkjell Gunderson som er nemnd må vel helst enten vera son eller far til den Gunder Halkjellson som er nemnd som gardhandlar i brev nr. 2 og 3, og lagrettesmann i 1438 og 1439 (DN X s. 127 f. og DN X s. 128 f).5. Item eitt Papiirs breff som Erkebiscop gouthe haffuuer utt giiffuitt, Att eptherthj Annders baardssønn er regnetth for retth arffuinge epther Sueinn arnessen, tha uplode hand hanom saa meget som hannd atte udj Reyund eitt kiørlagh aarlige, oc hiellesetter autt aarlige et tueite smørs, och loff(u)er i samme (sic) breff att fli hanom fleire jorder i framtidenn om the kannd opspørgis.Kommentar til 5; Brevet må i det minste vera utstedt i Erkebiskop Gaute si tenestetid, dvs. ca 1475 – 1510. Om Anders Bårdson skal vera den morbror til Rike-Torstein som er nemnd i brev nr. 9, så det helst vera utstedt tidleg i tenestetida til Gaute, kanskje alt kring 1480. Om Anders er bror til Ragna Berdors (Bårds)dtr. (mor til Rike-Torstein), så må slektsgreina til Anders ha døydd ut.6. Item ett papiirs breff och witnw att Ingeborge skunda lyste Tormod Iffuarssøn for sinn arfuinge och Att Aslach baardssøn truede hanom then arff fraa.7. Item ett Papiirs breff Att Tostenn askelsøn haffuer undt annders baardsonn hiellesetter iij øris boll, som tostenn tillffeld epther Inngeborge skunda, Item vdj thielloss iij ørisboll oc ij ørisboll vdj mielffue som forne Ingeborge skunda otte, oc vnnthe hannem ther tiill alle the løsse peninge som hand kunde egienn vinde som bortt war tagenn.Kommentar til brev nr. nr. 6 og 7: Den Aslak Bårdson som er nemnd i brev nr. 6, kan og vera bror til Ragna Berdorsdtr. og Anders Bårdson. Vidare kan han vera far til den Amund Aslakson som er nemnd i brev nr. 9. Kven denne Tormod Ivarson var son til går ikkje fram av breva, men han kan jo vera i slekt med den Halkjell Tormodson som er nemnd i brev nr. 1. Her møter vi Ingeborg Skunda for første gong. Det er vanskeleg å plassera ho i tid ut frå dei opplysningane som ligg føre, men det kan godt vera at ho er enke etter den Halkjell Tormodson som er nemnd i brev nr. 1, og som kjøper deler av Mjelve. Samanlikna med neste brev, så ser ein og at Ingeborg Skunda eig i Mjelve. Helst må det da vera i kraft av å vera mannen til Ingeborg at Hallkjell Tormodson kjøper partar i Mjelva (opprinneleg gamalt Aspagods?), og at Ingeborg enten nedstammar frå Olaf som får ein part av Mjelve i 1342, eller frå den andre hovudgreina som truleg held til i Aspa, og som Svein Arneson helst nedstammar frå. Tormod kan vera ein dotterson til Ingeborg.8. Item ett papiirs breff att tostenn Askelsønn haffuer kientth segh viidtt tisse eptirschreffne jorder i Romsdallen først i Ryffuige, ithem i Hugeberge, i vestaste friiseuoll y Bierkyne i sylttenn i Niothesetter i Eisuiigh, opsalle y marckeboll.Kommentar til brev nr. 8; Her har eg teke meg den friheita å lima inn den oversikten som Osvald Rydjord laga til debatten om Ingeborg Skunda 2. jan. 2006 (Innlegg nr. 19). Osvald har normalisert namna, samt plassert dei geografisk, noko som gjer det lettare å orientera seg, særleg for dei som er ukjende i Romsdalen. ”I brevet fra Bergen 1575 går det fram at Torsein Askjelsen har eiet eller gjort krav på følgende gårder og gårdparter i Romsdal: 9 aurebol i Sigerset, 1/2 markabol i Talset, 1 aurebol i Berg (Veøy), 3 aurebol i Bergsvik (Veøy), 1/2 markabol 4 aurebol og 2 halve ørtungbol i Mjelve, 1 kjyrlag i Rødven (Veøy), 1 tveit smør i Hjelset, 3 aurebol i Tollåsen samt Røvik, Haukeberg (Eid), Vestre Frisvold (Eid), Bjerke (Veøy), Opsal (Veøy), Nauste (Nesset) og Sylte (Vestnes). Til Finn (14): opsalle må være Opsal på Sekken. Opsal er nevnt i skattemanntallet i 1603 da Olav er bruker. Den er etter 1834 oppført under Vestad og er ikke lenger egen gård selv om navnet er i bruk. Den hadde både flomsag og kvern og var nok mer verdifull i tidligere tider.”9. Item ennd eitt Tostenn askelssønns breff paa papiir Att hannd beklager segh Att Annders baardsenn kanndth iche Naa aff thett gottz wdj Rumsdallen som fell ephter Inngeborge.Kommentar til brev nr. 9; Sjå kommentar til brev nr. 6 og 7.10. Item enndt eit Toswenn papiirs breff tiill Amund aslackssenn om ein arff som (f)alltth epther hustrue Maritte oc Amundz fader haffde optagith i ombodet Tostenns moderbroder, och beklager siigh endnu om thetth Aaholdt som Annders baardssen giiørs paa same arff.Kommentar til brev nr. 10; Heller ikkje dette brevet er heilt klårt i innhaldet. I og med at det er Rike-Torstein som skriv brevet, så må adressaten, Amund Aslakson vera ein samtidig av Torstein. Slik sett kan den Aslak som er far til Amund vera den Aslak Bårdson som truga arven frå Tormod Ivarson (Sjå brev nr. 6). Aslak Bårdson kan og vera morbror til Rike-Torstein, slik at Amund Aslakson vert søskenbarnet til Torstein. Kven den hustru Maritte som er nemnd i dette brevet er, er heller ikkje så liketil å forstå.11. Item ett papiirs breff att birgitte halkelsdatter, hade Solt Annders Baardssønn hall ørtuge boll vdj etth ørisboll vdj miolffue, Item Arne Arnessønn solde Annders baardssønn hall ørtuge boll i same goedz paa minn quindis wegnne, Item Arnne Arnessønn solde Annders bordssøn halltt ørisboll paa Astriid halkelsdotters wegnne i forne Miolffue: Findis thuenne steds i thette breff Maculeriidtt.Kommentar til brev nr. 11. Dei tre Halkjellsdøtrene som er nemnd i dette brevet er truleg døtrene til den Halkjell Gunderson som er nemnd i brev nr. 4 og som lagrettesmann i 1438 og 1439 (Sjå kommentar under brev nr. 4)(Med annen haand) Item Wdaff thette gotz ehr Nu Engelbret oc hanns brødre tildømpt Alt Miolffue mett aldt synn eigendom, Nu strax att Anname, Dog tiill nestkomende Olauj egenn skall hanndt oc hanns wedderparther, møde her egienn mett alle theris breffue oc beuisinger som domen ther om widere forklarer Actum Bergenn Anno (15)75. (19/1 1922)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Dette tillegget til innlegg nr. 17 var opprinneleg meint som ein fotnote til brev nr. 1. Av namna skulle vel samanhengen elles vera grei.Denne Ingrid er truleg den same som vi møter i eit brev utstedt 20. juli 1390 på Sogge i Romsdal. Her kunngjer Sigurd Marteinson, Olav Vilhjalmson og Jon Andreasson at dei var til stades på Veøy mandag nest før Margreta messe og var vitner til at velborne Jon Marteinson og Ingrid Øysteinsdtr. inngjekk ein avtale der Jon sikra henne så mykje jord i Torvik som Hr. Sigurd og fru Ingebjørg d.e. , Hr. Sigurd Hafthoreson og hustru Ingebjørg Erlendsdotter gav Uppgard, mannen til Ingrid og henne i hennar levetid. Sidan skulle det falle attende til Jon Marteinson (DN III nr. 490). I eit brev om same saka frå 27.01.1395 (Veøy) får vi veta at handelen gjeld 20 øresbol i Frisvoll i Rødvenfjorden i Lereims åtting. Der vert det opplyst at kona til Aslak Sjurdson heitte Ulvhild Bårdsdtr. Vidare vert det opplyst at Øystein Erlendson er frenden til Ingrid Øysteinsdtr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Dette var interessant, da jeg tror det må være en forbindelse mellom det gamle Aga/Jåstad og Sudrheim.Til 14. Den nevnte Torgeir Olafson kan være bror til Johannes Olavson Torpe. Skal finne en ref. (på biblioteket en dag)Vedk. Veøy/Arnagård i Bergen.Erik Rosenkrants sine etterkommere har som påvist av Asgaut Steinnes overtatt Torstein Askjellson sine eiendommer sør for Hordaland på begynnelsen av 1600, jf tema Ingeborg Skunda. Med unntak av Taksdal som i 1617 og 1624 var eid av Ogmund Arneson på Austbø i Sandeid i Ryfylke. Ref. Asgaut Steinnes: Om Rike-Torstein, namnen hans på Bjørko og rikdomen hans NSHT XVIII 19621565 NM I s.475.NR.I s. 472. Kongebrev 'Indre Arnagaard'. Erik Rosenkrantz har gjort påstand om å få tilbake en grunn, som av hans forfedre var gitt til Lyse kloster. Rasmus Smit bor der i 1565.1402.DN. XII nr 136: Bror Steinar Aslakson og rådmann Aruid Ingjeldson bevitner at Eilif Arnason på sitt ytterste testamenterte et par hus i Wilborgluten til Munkeliv ( i nærheten av de husene han ga til Jonskirken)1412 DN XII nr 149: Orm Isakson Måge/Ullensvang testamenterer testamenterer også et par hus i Arnagård til Munkeliv. Det finnes en Eiliv Arneson nevnt i tilknytning til Veøy.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Og eg som trudde eg var ganske tidleg vaken ein laurdagsmorgon. Tydeleg at det er nokon som nyttar morgonen (eller natta?) Har gått gjennom Karl Myskja 'Eid bygdebok'. Her var det sørgeleg lite å finne. Måtte no vere å slå fast at Haukeberg og Frisvoll var naboar.Myskja nemner Rike-Torstein med eit par liner, og at Munk-slekta etter kvart kjøpte opp Rike-Torsteins part i Frisvoll.Herlof Grüner sa i sitt foredrag om Rødven gård og det eine kyrlaget som kom frå Svein Arnesen sitt jordegods - skjematisert og noko gissing i tillegg;Generasjon 1: Svein ArnesenGenerasjon 2: Sonen Baard frå første ekteskapGenerasjon 3: Svein, Aslak, Anders Baardsøner og Ragna Bårdsdatter gift med Rike-Torstein.Generasjon 4: Har ikkje funne barn av SveinAmund AslaksenRanny Andersdatter gift med Olav FrykesonInga Torsteinsdatter gift med Sjur Madsen. Sjur og Inga nævnes i et brev av 1534 med to sønner, Børge og Amund Sigurdsønner; disse må imidlertid væe død før forældrene (Henning Sollied og P. R. Sollied. Losna-ætten. Norsk Slektshistorisk Tidsskrift bind I s. 14 - 31)Ser ein på eigarlista for Hjellset (grensar i vest til Mjelve) overlet erkebiskop Gaute Hjellset til Anders Baardsen fordi han skal vere rette eigar. Denne parten omtalt i Aslak Bolts jordebok som '3 øresbol i Hjællasætre'.Kan denne Anders Baardsen vere svoger til Rike-Torstein?Dersom det er rett at Ingeborg Skunda lyser Tormod Ivarson og Rike-Torstein for sine arvingar, skulle det kanskje tyde på at Rike-Torstein og Tormod begge har familieband til Ingeborg.Men no får eg setje meg inn i det imponerande arbeidet Finn har lagt ut i sine 3 'morgon-innlegg'. Etter det kan det hende at eg har fått mange nye tankar om dette.No er eg spent på kva som skjer med dette innlegget, for eg ser at det står 'feil i hovedløkka' til slutt i Karin sitt innlegg. :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Til 20 God morgen. Som bonde er jeg oppe 05.30 uansett ukedag, kanskje den fineste tiden på døgnet, stillheten er uendelig i skumringen. Kan anbefales.Til 19. manglende lenke tilLenkeVedk. Sigurd Matsen. Og det må være her Holterætten kommer inn, jf sak vedk Sæbjørn og Tore Toreson Randa, og Gunhild Sæbjørnsdatter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Hei Kan noen lage en lenke til RN nr 540, datert 7 oktober 1358 Blyfotgarden på Veøy. Jeg får bare opp forutgående brev. På forhånd takk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.