Gå til innhold
Arkivverket

[#35568] Rike-Torstein og jordegodset hans


Gjest John H. Aarønes
 Del

Recommended Posts

Gjest Karin Romstad

Sigurd Jatgeirson.Protesten må ha sammenheng med at Sigurd Jatgeirson gir bort heimafylgjet til kona si.Nr: 906 Dato: 1314 sept 29 Sted: BergenRegest: Gavebrev fra Peter Andresson for datteren Isabella: Da hun giftet seg med Sigurd Jodgeirsson, fikk hun i medgift 15 spannsleier i Kårvåg, 10 i Vinje, 4 i Finnvik, 1 i Lodvissætre og klær og løsøre for 20 mark gull.Beseglet av utstederen. Gjengitt: Vidisse av 3. des 1334 (RN IV nr 1088 ). Trykt: DN II nr 120.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Vedk. Peder Tvilde.I en Herredagsdom datert Bergen 18 august 1578 mellom Peder Tvilde og Axel Gyntersberg ang. noen brev Axel hadde tatt fra ham i retten i Trondheim, framkommer det at Peder på Tvilde hadde vært fogd for Matzs Skiels i Helgeland. Peder Tvilde var den gang en 'unge kompann'. Kanskje noen kjenner navnet på fogden på Helgeland?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Sakstilhøvet var annleis: Peder Thuille hadde før, 'nogenn thid lang', vore Mads Skeel sin fut på Helgeland. Då Peder enno var på Helgeland kom morbroren hans på vitjing. Peder hadde ein 'vng kompann' i teneste, og denne ungen kumpanen blei usamd med Peder sin morbror og slo han i hel. Den unge drapsmannen blei tatt på fersk gjerning og fengsla osv.Mads Skeel var høvedsmann i Bergenhus 1568-71, og han hadde Vardøhus og Finnmark i len fra 1571; samtidig hadde han Tromsø len til 1572 og Helgeland fra 1571 til 1574. Han døydde i 1576 på Vardøhus. Peder Thuille si tid som fut på Helgeland må altså ha vore før 1575.Axel Gyntersberg måtte i 1571 avstå Helgeland len med storgarden Torget til Mads Skeel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

I innlegg nr. 66 stiller Karin følgjande spørsmål:”Denne Jens Peterson som er nevnt i forbindelse med salg av Barskrind, Torpo og Hedrom i Rotnem sogn Gol, har jeg forstått var gift med Herborg Nilsdatter, en sønnedatter av Tormod Valtjovson og Herbog Bjørgulvsdatter? Stemmer det?”Per Reidar Bjørnerud Christiansen skriv i ein artikkel i NST XXXVII s. 10 ff m.a. om Jens Pederson (bror til Herlaug g.m. Kristina Toraldsdtr.) g.m. Herborg Nicolausdtr. (dotter til Nikolaus Tormodson og Ingebjørg Olavsdtr.) at Herborgs ætt kan førast attende i alle fall til år 1294. Christiansen gjev ikkje opp kjelde for dette utsagnet. Christiansen sin artikkel heiter: ”Ætten fra Liltvedt i Hurum og dens forgreiningar i bygdene rundt Oslofjorden”. Resten av spørsmålet ditt kan kanskje andre svara på?I innlegg nr. 71 spør eg om kven den Trond Eriksson som vil protestera på Sigurd Jatgeirson sitt testamente er. Sigurd var jo også inngift i den eldre Aspaætta. Sjå nedafor. Dato: 10 August 1333. Sted: Nidaros.Karin viser i innlegg nr. 75 til eit diplom av 13.sept. 1332 Bergen. Diplomet fortel om eit forlik mellom (Herr) Peter Peterson (Grafur) og kona Sunniva Brynjulfsdtr. som inngår semje med Trond Eriksson og kona hans, Ingebjørg om det godset som Ingebjørg skulle ha i garden til den tidlegare husbonden sin, Svein.Etter det eg har forstått, så trur ein at denne Svein er identisk med Svein Brynjulfson som truleg er bror til Sunniva Brynjulfsdtr., begge kanskje søsken til Sigurd Brynjulfson på Aga. I innlegg nr. 63 nemner elles Karin at Jo Rune Ugulen stiller seg tvilande til om dette siste er rett.I neste innlegg (76) viser Karin til eit diplom frå 29.sept. 1314 Bergen, som omhandlar eit gåvebrev frå Peter Andresson (Edøy) til dotra, Isabella då ho gifta seg med Sigurd Jodgeirson (Lande). Eg trur det er heilt rett, slik Karin skriv, at protesten til Trond Eriksson gjeld det faktum at Sigurd gjev bort heimefylgjet til kona. Ut frå dette er det svært sannsynleg at kona til Trond, Ingebjørg, er syster til Isabella Petersdtr. og begge døtre til Peter Andresson (Edøy).Eit diplom dat. 2. aug. 1329 (DN II nr. 172) fortel oss meir om same slektskrinsen. Også dette er eit forliksbrev.Forliket vert inngått mellom Hr. Finn Ogmundson og Fru Kristin Ivarsdtr. på jomfru Åsa, Kristin si dotter sine vegne på den eine sida og Tidemand av Lybek og hans Hustru Margareta på den andre. Margareta hadde gifta seg med Tideman utan å rådføra seg med slekta. Ho hadde difor tapt arven sin. Forliket går ut på at Margrete likevel får utbetalt det meste av farsarven sin. I tillegg til Åsa og Margrethe er også ei tredje syster nemnd, nemleg Ingebjørg. Far til systrene er kalla Peter i Edøy, medan mora altså er Fru Kristina Ivarsdtr.Farsarven til Margrete var jordegods der tre (fire) gardar er nemnd, nemleg Sundal, Mele og Furu, samt Sande i Dolsøy. Her meinar DN sin redaksjon at alle gardane ligg på Sunnmøre. Eg har ein mistanke om at to av dei ligg i Sunndal på Nordmøre. Der er det då vitterleg to gardar som heiter Mæle og Furu, og så vidt eg veit er dei også nabogardar. Desse to gardane er oppdelt i fleire partar i 1647. Noko er kyrkjegods, men ein god del av landskylda er ått av den yngre Aspaætta (Erik Audunson på Kvalvåg). Det er snakk om at Margreta skal få utbetalt noko av arven sin på Hustad. Det var truleg der Trond Eriksson og Fru Ingebjørg Petersdtr. hadde sætet sitt. Det må vera Hustad i Romsdal det er snakk om.Den yngste systra, Åsa vart truleg gift med Stig Håkonson på Manvik i Brunlanes. Sjå DN 231.I samband med desse diploma reiser det ymse spørsmål som eg ikkje skal prøva å svar på i denne omgang, men alle innspel frå andre er velkomne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kristian Fjeldsgård

Til 79Slekta på Merdin/Mæla kan føres tilbake til Aaste på Merdin: 'Aste a Mærðini' nevnt i to brev fra juni 1294: DN I nr. 82 og 83

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Vedk. Fru Kristin Toraldsdatter (også kalt smørhetta) og hennes mann Herlaug Peterson. Ifølge AP om Norges rike, bodde de på Fit i Sogn. Der bodde det i 1471 en annen ridder som het Erik Andersen gift med Margreta Ivarsdatter, som tidsmessig kan være den samme som nevnt i innlegg 61.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Burde denne tråden splittast opp på fleire trådar? T.d. ein eigen tråd for Peter i Edøy? Eg trur det blir lettare også for andre å fylgja med i den vidare debatten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Leiv.Eg trur kanskje det kan vera lurt. Det er jo mange, relativt uoversiktlege debattar i gang på denne tråden. Vi som deltek prøver vel å koma med innspel der vi trur vi kan bidra med noko nytt, samtidig som vi held oss til det som interesserer oss mest.Når det gjeld Peter i Edøy, så måtte vi vel helst gå enda eit steg lenger bakover, nemleg til Andres Pålson (Peterson) Plytt som truleg også heldt til på Edøy. Han var gift med dotter til Ragnvald Urka og hadde truleg minst tre born, nemleg Peter, Gyrid og Gjertrud. Den siste skal då vera stammor til Aspaslekta.Er det andre som ønskjer ei deling, så kan eg gjerne leggja ut ein ny tråd med ei oppsummering av kjelder og kunnskap ein trur å ha så langt.Mvh Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Ja takk! Vi treng ein tråd om Peter i 'Edøy', først for å sjå om ein slik mann har funnest og så for å finne ut meir om slektstilhøva hans.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Til 78Hvordan vil du, eller andre 'oversette' denne setningen:Fød Matz Sceils son Henrik aff Magdalena Brønnhildes dotter som er jordemoder. Ref Ap sin dagbok 28 september 1570.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest John H. Aarønes

Er thielloss som er nemnt i Rike - Torsteins jordebrev romsdalsgården Tollås?Eller thiellos ligge ein annan stad. Såvidt eg kan sjå er aldri om gården Tollås brukt 'ie' i andre samanhengar.Det som talar for at det er Tollås som er omtala, er vel geografisk nærleik til dei to andre gardane som vert nemnt i innlegg 17 pkt. 7 av Finn.I aktstykker til den norske stændermøders historie 1548 - 1661 ved O. A. Johnsen s. 101 står det nemnt ein Knudt Thielaas.Dette gjeld Kristian IV's kroning 1591 og gjeld vel almuens fullmakter for 222. Ørskog 9. mai.Dei andre namna er knytt til Ørstadt, Risom, Strømme, Strømmen, Løsset, Ramstadt, Ordal og Fit. Alle på Sunnmøre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

I samband med same kongehyllinga på s. 102 i aktstykker til den norske stændermøders historie 1548 - 1661 ved O. A. Johnsen s. 101 står det nemnt ein Oluf Opsal. Opsal må vere på søre Sunnmøre ein stad, helst nær Volda. Oluf var lagrettesmand.Men såvidt eg skjøner av Rike-Torsteins jordebrev skal Opsal liggje i Romsdal?Og då er vel Opsal på Sekken som nemnt av Osvald det mest nærliggjande å tenkje på. Det er skilt uf frå Vestad ein eller annan gong. Første gong eg kan finne at Opsal på Sekken ern nemnt er 1611.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til JohnOppsal finst i følgje skattematrikkelen for 1647 på følgjande stader i M og R; Kvernes pr.gj. Mek tingl. (Averøya), Under Vestad, Veøy pr.gj. Voll å., Vanylven pr.gj., Rovde sk.r., Ørskog pr.gj., Valle sk.r., og Ørsta. Den Oluf Opsal du nemner må vel helst høyra til i Ørsta då.Når det gjelder spørsmålet ditt i innlegg nr. 87, så finn eg ikkje noko alternativ til Tollås event. Tjelle, på Sunnmøre. Det næraste må i så fall vera Tjønes i Sykkylven h. Valle sk.r.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torgeir Kvalvaag

John (88) og Finn (89):Kan ikke 'Romsdal' på den tida dekke et større område enn det vi i dag tenker på som 'Romsdalen?' Vet ikke i farten når Romsdal amt ble administrisasjonsenheten. Men var det noen enhet som het Møre og Romsdal i 1647? Hilsen Torgeir (utflytta fra det opprinnelige Nordmørafylke...)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til Torgeir.I 1647 heitte det Sunnmøre fogderi, Romsdals len og Nordmøre fogderi. Det var vel og noko som heitte Romsdals amt i sin tid. Om eg ikkje tek feil så omfatta dette både Nordmøre og Romsdal. Eg meinar at grensene mellom dei tre fogderia vart låst ganske mange år før 1647 og har vore slik sidan. Elles har vel Romsdals len veksla litt mellom å tilhøyra Bergenhus og Trondheim. I 1560 t.d. høyrde det til Trondheim, medan det i 1630 tilhøyrde Bergenhus.I staden for å vera større, så var Romsdal vistnok mindre i middelalderen. Nordmøre derimot var mykje større. M.a. omfatta det områda i ytre Romdal og vidare nordover til Namdalen. Det vil da seia at det meste av Fosenhalvøya inkl. kommunane Osen og Roan høyrde Nordmøre til. Ei tid eksisterte det jo også eit len som heitte Edøy len. Eg er usikker på kva for område dette lenet omfatta.No er dette teke ut frå minnet, så om eg tek feil er det sikkert einkvan faghistorikaren som kan korrigera meg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Romsdals amt vart oppretta ved kongeleg forordning 8. febr. 1671, ifl Fylkeshistorie for Møre og Romsdal (Døssland, 1990). Statusen for amtet var 'vaklande' i mange år etterpå - men det fanst iallfall ikkje før 1671.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torgeir Kvalvaag

Mitt poeng er bare å få fram at et sted som angivelig lå i 'Romsdal' kanskje lå på Nordmøre. I 1801-tellingen lå f.eks. Tingvoll i Romsdal. Men det var altså etter opprettelsen av amtet i 1671. Hvordan og hvor man trakk skillet før den tid, vet jeg altså ikke, men ville bare peke på muligheten for en slags overlapping.Som kjent var Erik Audensen på Kvalvåg stiftsskriver i 'de fire sjølen,'dvs. Romsdal, Nordmøre, Fosen og Namdalen. Noe av dette var uten tvil en levning av det gamle Nordmørafylket. På forsida av bd. 15 av Cappelens norgeshistorie (1980) er det forøvrig et interessant kart over bl.a. Nordmørafylke.Ellers lever så vidt jeg forstår fogderistriden i beste velgående. Bortsett fra at de nå kaller den sykhusstrid og sånt :-D Hilsen Torgeir.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Kristiansen

Har bladd litt i Historisk leksikon, 2. utgave 1999, og lest både om len, fogderi og amt. Det ser ut til som Ertesvåg skriver, at det først er i 1671 at Romsdal og Nordmøre slås sammen til én administrativ enhet.Se side 16 om amt, side 119 om fogderi, side 260 om len, bl.a. 'Sunnmøre var et len, likeledes Romsdal, Nordmøre (også kalt Edøy) utgjorde undertiden et len sammen med Fosen (fra 1540-årene under Trondheim h.l.)'Den historiske grensa mellom Sunnmøre og Nordmøre var Stemshesten. Romsdal var i Arilds tid da en del av Sunnmøre. Nils Hallan i Hemneboka har skrevet en del om dette. Nordmøre besto i middelalderen av både Nordmøre og Fosen.'Fogderistrid' brukes fortsatt jevnlig blant folk og i de lokale media som aviser, radio og fjernsyn, så det er et ord vi er ganske fortrolige med! :-) Alle unger som vokser opp i Møre og Romsdal, lærer det begrepet tidlig! Mvh Tore

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Fra fogderi-'strid' til Tollås.Såvidt eg forstår er Tollås skriven både Thelleraas, Thalleraas i 1610. Det tyder kanskje at det er Tollås jordebreva omtalar. Eg går ut i frå det i det som no kjem.Fra jordebreva som Finn har sett opp så oversiktleg står det at 3 øyresbol (tilsvarar det 1 vog fisk?) går fra Ingeborg skunda til Rike-torstein og så vidare til Anders bårdsen.I den same avskrifta står det at at 'Ingeborge skunda lyste Tormod Iffuarssøn for sinn arfuinge och Att Aslach baardssøn truede hanom then arff fraa.'Dette tolkar eg som om Aslach baardssøn hadde betre arverett enn Tormod Iffuarssøn? Mannekne kontra kvinnekne?For meg ser det ut som om Aslach baardssøn da eigde, i alle fall nokre, av dei omtala gårdpartane før Rike-Torstein. Dermed kan det verte plass til minst ein generasjon mellom Ingeborg skunda og Rike-Torstein, og at Ingeborg kanskje levde først på 1400-talet eller enda tidlegare.Kva kan så vere at Anders Bårdsen arva desse gårdpartane og ikkje Inga, Rike-Torsteins datter og einearving? Det står jo at Rike-Torstein hadde unnt, ikke solgt, Anders Bårdsen desse gardane. Kan det bety at Anders hadde sterkast arverett? Men det var tydeligvis ikkje alle som var samd i det.'Item enndt eit Toswenn papiirs breff tiill Amund aslackssenn om ein arff som (f)alltth epther hustrue Maritte oc Amundz fader haffde optagith i ombodet Tostenns moderbroder, och beklager siigh endnu om thetth Aaholdt som Annders baardssen giiørs paa same arff.' Skulle ønske eg visste meir om arvereglane som galdt den gongen.Så attende til Tollås og dei 3 øyrebola. Tollås var i 1647 på 3 vog. Då bykslar ombudsmannen på Giske det heile og det står nemnt 2 brukarar med 1 1/2 vog kvar. Ein kan lett gå ut frå at frå at same eigar åtte det heile. Men slik er det ikkje.Går ein attende finn ein Tholaas Ødegaard 1 Vog fisk, nemnt blant det godset som Fru Gørvel Fadersdatter Sparre (1517 – 1605) skjenka kongen i 1582.Johan Svave kong. M. Embetsmann udj Soer fikk forleningsbrev3 datert Kronborg 16. mars 1586. Mellom dei gardane som kongen fekk i 1582 står nevnt ”Erik Tollaasen 1 Vog fisk.I skøytet til Hannibal Sehested på Giskegodset fra 1648 er Tollås oppført med ei landskyld på 1 1/2 vog. Men det må altså vere fleire eigarar.Kva årsaken er til at det svingar mellom 1 og 1 1/2 veit eg ikkje.Kor lenge denne parten av Tollås har vore under Giske veit eg ikkje. Eg finn han ikkje i rekneskapen for Giske i 1563, men Jon Bjørn Dale har informert meg om at det kan skuldast at dei ikkje hadde leilending der då. (Bjørn er fortida travelt oppteken med innspurten av ei ny bok).Kven eigde så resten av Tollås. I 1624 sto Zacharias Christophersen Holck som eigar av 1 1/2 vog. Kvar han har fått det frå veit eg ikkje, men han arva jo noko Soop-gods. Men denne parten var eigd av etterkomarane hans til langt ut på 1700-talet - og kan godt ha vore i same ætta lenge før. Eg kan ikkje sjå det mellom jordeigedomen åt Anders Soop på Underdal, heller ikkje mellom eiga åt hustru Tyri Arnfinnsdotter.Henning Sollied skriv i ein artikkel om Gamle ætter i Sogn NST I s. 206f om Hustru Marita Pedersdatter i Løvøen Hustru Botilda og nemner da godset etter faren. Heller ikkje her finn eg Tollås nemnt.Dette vart visst mykje, eg vart nok litt for engasjert her og lot fantasien råde.Men tanken om at Tollås-parten som Ingeborg skunda åtte, kanskje var den same som Hr. Zacharias til Veøy fekk hand om slo meg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torgeir Kvalvaag

John (95): Gardsnavna Tallerås finner vi i Dovre og i Orkdalen. I Dovre ble det skrevet Tellerasen i 1478 og Thelderaas i 1624.Ser at det i Edøy i 1900-tellingen er en Tallerås-gard (ødegard.) Lurer på om det kan være et navn den har fått etter innflyttere fra Dovre. Blant disse var det også noen Talleråser, om jeg husker rett (stortingsmannens forfedre.)Det var bare en tanke jeg fikk da jeg leste siste innlegget ditt. Hilsen Torgeir.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest John H. Aarønes

Eg byrjar å verte meir og meir i tvil om Thiellaas verkeleg er identisk med Tollaas, kanskje kan det vere Tjelle?Ifølgje Aslak Bolts Jordebok:Av Tjelle, 1 øresbol som fru Adalis gav, [øde i almerket], bygslet for 8 merker smør.I 1647 er nemnt ein Joen Thielle nemnt som strandsidder i Erichsfiordtzs otting - 1 dr. Aslach Tiellis saug 10 rdr og Knud Thiellis saug.Thielle 5 woger. Eigarar Knud, Erich, Oluff og Aslach med 1 wog 18 mk. kvar. Odellguoedz, Johans Skiørsetter følger bøgseellen.Kven desse personane nemnt i skattematrikkelen 1647 er - veit eg ikkje.I jordeboken 1661:Tielle: Brukere Knud, Aslach og Erich - Deris egen odel 1 1/2 wog. Byxler self.Dessutan eig Obrist von Hoven 1 pd., Røe kirke 1/2 pd. Jelset mend 1/2 wog.Tielle: Brukere Erich og Aslach.Deris egen odel 1 1/2 wog. Byxler self.Dessutan eig Velb. Obrist von Hoven 1 pd., Røe kirke 1/2 pd. Jelset mend 1/2 wog. Til Veddø kirke 4 mrkr. fisch.Gambsgrøn. Bruker Ole. Eigar: Erich Thielle som også er bøkselrådig.Kven desse Jelsetmend kan vere veit eg heller ikkje, men under Jelset er nemnd som eigarar Ole Røe på Nordmøre (1 vog), Lasse Jelset, Otte /1/2 vog), Ioen (1 vog) og Jon Bendixen Løuig.Det synes altså å vere eit samband Tjelle - og Mjelvegodset.Kan nokon tipse meg om kva for bind av Nesset-bøkene eg kan finne noko om Tjelle?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

Tjelle har ganske stor omtale i bind I s 297-351.Gamle skriveformer som er nevnt er af Thiolam AB.74. Thielle DN.X 802, ca 1550. Tielle 1632. Kielde 1669. Tielde 1723. Bygdeuttalen er Kjæille.Alt 1620 var det 3 kverner på Tjelle, men det har vært skattet for opp til 5 kverner. Postgard fra sist på 1600-tallet. Skysstasjon på 1800-tallet. 22.mars 1756 gikk Tjellefonna, et veldig fjellras, som tok 32 menneskeliv.Navn nevnt:I 1624, Anders Thieldes nederse sag. I 1660 greide Knut og Aslak Tjelle å få satt sagskatten ned fra 16 til 4 rdl. I 1637 måtte Tore, Gunnar og Jon Tjelle, 'nogle smådrenge', bøte med 7 daler for at de fortiet 2 tylfter bord. I 1766 stemner holstførster Schnitler de 4 Tjellebøndene for 'ulovlig bordskjørdsel paa Tjelde saud'. I 1712 gav Anders I.Tjelle og Iver K. Tjelle ei fråsegn om at de hadde 'skaaret 200 bord til vore huses forbedring'.Tjellebøndene har vært selveiere, samlet skyld 5 våg 8 mark, og av dette eide bøndene 4 våg. Rød kirke eide 1 pund 8 mark. De resterende eide Reinold von Hoven på midten av 1600-tallet 2 pund. Fra ham gikk de over til svigersønnen Georg von Schuldts. I 1730 står Madame Randulf oppført som eier, året etter Træskovs arvinger. Karsten Gerhard Bang var eier i 1766-1792 da sorenskriver Johan Laursen Bull overtok de to pundene. 16.okt. 1795 skjøter han 2 pund med 12 mark til hver av brukerne.I tillegg til egne bruk eide Tjellebøndene også parter i andre garder, Skjørli, Gamsgrø og Trollmyr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.