Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Ørjan Kvaløy

[#43996] Møinichen

Recommended Posts

Gjest Ørjan Kvaløy

For oss vanlege husmenn er det sjeldan å koma lenger attover i slekta enn ca. 1700, men iblant dukkar det opp personar med utanlandsklingande namn, som tenner ein gnist av håp. Ein av mine forfedre heitte Johannes Jensen Møinichen (17/4 1791 - 10/3 1848)Han budde på plassen Haranes i Kolvereid. (Nærøy Bygdebok II s. 279) Far hans var Jens Olsen Møinichen,1762-1848, Fosnes. Det er vel denne mannen: Lenke På same staden oppheld det seg ei Ane Jensdtr. Møinichen, ei enkje på 74 år, altså født rundt 1727. Dette må vel vera mor til Jens?FamilySearch oppgir mor til Jens å vera Anne Christine Jensdtr. (Møinichen) f. 1727. Far hennar: Jens A. Møinichen f. 1706, gift med Anne Cathrine Heirmann.Så langt, så bra. FamilySearch operarar vidare med ein Jens Eriksen Møinichen f. 1706, gift med Anne Catharina Heirmann, så dette må vel vera same mann? Ein Jens Eriksen Møinichen var prest på Vega, og døydde der i 1790. Så vidt eg har kunna fastslå, var Jens Eriksen Møinichen son av Erik Jensen Bredal Møinichen, f. 1672 i Bodø, og Abel Sofie Lem. Om dette stemmer, er anene deira godt dokumentert, men var Jens Eriksen Møinichen far til Ane Christine Jensdtr. Møinichen, født i 1727 og busett i Fosnes? Kan nokon bekrefte det? Eg finn mykje Møinichen på internett, også her på debattforumet, men ingen kjelder som seier noko om Jens Eriksen Møinichen sine born, ei heller kven som var var til Ane Jensdtr. Møinichen.Vidare kan eg nemne at ein truleg halvbror av Johannes Jensen Møinichen, Peder Bredal Møinichen frå Fosnes slår seg ned i Nærøy. (Nærøy Bygdebok IV s. 434) Hans far oppgis å vera dekorasjonsmaler og handelsmann Jens Møinichen f. 1762. (Må vel vera same Jens Møinichen som over) Her er det interessant å sjå at Peder brukar Bredal i namnet sitt, eit namn som kom inn i slekta midt på 1600-talet. Dette kan vel vara ein indikasjon på at eg ikkje er heilt på villspor.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje E Skrolsvik

Jens Eriksen Møinichen var gift ca 1632 med Anna Catharina Hiermand/Giermand.Har bare en sønn notert etter han :Erich Nicolai f.august 1736 i Bergen døpt i NK 24/8.Mulig Sollieds arkiv har flere barn notert.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

(1:) Den antydede anerekken bekreftes av minst 3-4 ulike bidragsytere til ''DIS-Treff'', selvsagt uten at det innebærer noen form for sannhets-garanti:Erik Bredal Jensen à Møinichen (1672-1729) g.m. Abel Sophie Lem, for. til Jens 1706, Henrich og Ludvig.Jens Eriksen Møinichen f.1706, far til Anne Christine ca.1727. Jens g. ca.1732 m. Anne Catharina Hiermann, for. til Erich Nicolai f. 1736.Christine Jensdatter Møinichen f. ca.1727 (?) (i Bergen ?), g.m. Ole (og to til senere ?), for. til Jens 1762.Jens Olsen Møinichen (1762-1832(ikke 1848)) g.m. Margrethe Jonsdatter Berg (ikke Jensd.) fra Snåsa, for. til Johs. 1791, Erik, Arent, Ane, Adriane, Benedicte, Jeremias (og Peder 1811 ?).Johannes Jensen Møinichen (1791-1848), g.m. Anne Dorthea Abelsdatter (1796-1888) fra Levanger, for. til Jens, Abel, Anna Joh., Simonette Fredr., Joh. Bergitte.Hva er ditt holdepunkt for at Peder Bredal Møinichen (1811-1876) var en halvbror (og ikke ev. en helbror) av Johannes ? (han var vel g.m. Anne Marthe Stephensdatter og far til Johs. Martinus, Peder Mathæus, Johs. Bernhardus).Førstnevnte EBJM med aner (og sønnen Henrich) finnes ''hos meg'' på http://nermo.org/slekt/d0011/g0000027.html#I8657.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

'Hos meg' på (http://nermo.org/slekt/d0032/g0000070.html#I37948) har jeg ført 'Abel Møinichen f.1734' som en 3. kone av Henrich (sønn av Erik Bredal Jensen à Møinichen (1672-1729)), men jeg ser at ''andre'' istedet har henne oppført som Henrich's datter i 1. ekteskap med Beate Lax. Dette siste kan virke riktigere. Abel f.1734 ble såvidt jeg skjønner g.m. en 'Dahl' (ca. 1755 ?) og ble mor til Gertrud Cathrine Dahl, f. rundt 1760, g. Didrich Kruse.Noen som kan kommentere ovenstående ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Åse Kristiansen

Til innlegg 1. Dåpen til Anne Kirstine Møinichen i Bergen: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje E Skrolsvik

Takk for den Åse. Den hadde jeg oversett. Mulig det er denne Anna Kirstine f. august 1734,døpt 20/8 DK i Bergen det her refereres til selv om det er 7 års forskjell.Faren Jens var procurator på Vegø, så mulig det finnes ett skifte med flere opplysninger.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Takkar for alle svar! Det ser ut som det er rimeleg sikkert at Anne Christine var dotter til Jens Erik Møinichen, noko dåpen hennar er eit sikkert prov på. Om dette er same Anne Jensdtr. Møinichen som i FT 1801, veit vi ikkje 100%sikkert, men det er vel svært sannsynleg, sjølv om ho har skrytt på seg 7 år ekstra. Ein del spørsmål er enno opne: Eksempelvis, kven var mannen hennar? Vi kjenner berre ein Ole. Kva meir heitte han, kor kom han frå? Det ser ut som han var ein meir ubetydeleg mann, da etternamnet ser ut til å ha følgt morsida. Kvifor kom Ole og Anne til Fosnes? Nærøy Bygdebok IV s. 434 oppgir at sonen Jens var dekorasjonsmaler og handelsmann, medan FT 1801 opgir at han er ein husmann med jord. Dessutan bur dei på garden Fosnes, prestegarden, medan NBB seier dei budde på Skreddernes. Kor NBB har opplysingane ifrå, veit eg ikkje. Kan det vera ei samanblanding? Er det to ulike Jens Møinichen? Tvilsamt at det budde to Jens Møinichen i Fosnes, og begge er født i 1762.Prestegarden er eit interessant spor, da vi veit at det var mange prestar i Møinichen-slekta. Kunne Anne ha vori gift med ein prest? Og i 1801 bur som enkje på prestegarden, medan sonen er husmann på same stad? Eg har dessverre ingen oversikt frå Fosnes. Om far hennar budde på Vega, er ikkje vegen lang til Fosnes. Ein Bredal var vel også prest i Brønnøy.Så til spørsmålet ang. Peder Bredal Møinichen (1811-1876)Hans far oppgis (NBB) å vera tidlegare nemnte Jens Møinichen, medan mora er Margaretha Johansdatter. (NBB IV s. 434) Medan 'vår' Møinichen, Johannes, har Margrete Johnsdatter til mor (NBB II s. 279). No i eftertid ser eg jo at det truleg berre er snakk om to ulike stavemåtar på same person, ergo er dei heilsøsken. I midlartid er det ein formidabel aldersskilnad på dei to brørne, heile 20 år, dessutan må mora ha vori godt over 40 da ho fekk Peder. Har også notert meg at hennar verkelege namn var Margrethe Jonsdatter Berg frå Snåsa. Hennar opphav hadde eg inga aning om, så det kom som ein ekstra bonus. Nokon som har kjennskap til slekta hennar?Johannes Jensen Møinichen gifta seg som tidlegare nemnt med Anne Dorthea Abelsdatter (1796-1888), men etter mine opplysingar er ho født i Beitstad, og døpt der. Foreldra hennar var frå Levanger, nærmare bestemt Nord-Sandberg i Skogn (om eg ikkje huskar heilt feil) NBB antydar at mor hennar, Sigrid Olsdtr. var frå Foldal. Slekta til Anne Dorthea Abelsdtr. har eg mangelfull oversikt over. Dei hadde ikkje 8 born, men 11. Borna deira var (Etter NBB): 1. Margrethe, 1818 2. Ellen Nikoline, 1822 3. Alberte, 1824 4. Jens, 1827 5. Abel, 1829 6. Anna Johanna, 1832 (som eg stammar frå) 7. Karen Martha, 1835 8. Brede, 1837 9. Simonette Fredrikke, 1841 10. Johanna Bergitte, 1843 11. Ellen Marie, 1843 (tvilling med 10)Som vi kan sjå vart det stor etterslekt her i distriktet, og når vi reknar broren Peder, med 7 born, blir det etter kvart svært mange. Møinichen-namnet lever også i beste velgåande her.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

(7:) I (1) nevnes presten i Vega, Jens Eriksen à Møinichen (1706-1790), og i (7) nevnes procuratoren Jens i Vegø. Hvem er denne siste ? Procuratoren er jo jus-utdannet, ikke prest.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

(8:) Foreldrea til Margrethe Jonsdatter Berg frå Snåsa er så langt eg skjønar Jon Andersson Berg (1745-1789) frå Snåsa og Adriana Jonsdotter Falck, død 1812 i Vemundvik, der dei budde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

(9) Min feil, Jens var ikke prest! Beklager

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

Snakker vi altså om en PROKURATOR på Vegø, Jens Eriksen à Møinichen, f. 1706, død på Vega i 1790 ? Og var denne Jens gift med Anne Catharina Hierman, og var han sønn av Erik Jensen Bredal Møinichen (f.1672 i Bodø) og Abel Sofie Lem ?Hvor kommer informasjonen fra, om at Jens skulle være prest ?Det var altså på en husmannsplass under prestegarden i Fosnes at de omtalte bodde i 1801 (innlegg 8): Den fattige enke Anne Jensdatter Møinichen (74 år) og hennes (antatte) sønn, husmann Jens Møinichen (40 år).Er det fastslått om denne Anne var datter av Jens Eriksen à Møinichen, f. 1706, død på Vega i 1790 ?En annen ting : Kjennes foreldrene til sognepresten på Fosnes (FT1801), Bendix Heide, 61 år, gift for 2. gang med Margrethe Uldricha (66) ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Fekk oversenda litt informasjon som kan kaste nytt lys over Møinichen-diskusjonen:I et hefte (el. bok) som heter 'Møinichen Stamtavle, bygget paa de Møinichenske Slegtebøger', av Johan Schak Moe, utgitt Bergen 1914, kan en bl.a. finne følgende:0? Sixtus von Møinichen, feltoberst, faldt i slaget ved Zangerhausen, Sachsen, Tyskland 1 Claus von Møinichen, Rostock 2 Andreas von Møinichen, g. m. Margarethe 3 Anders von Møinichen, g. m. Anna 4 Sixtus von Møinichen, f. i Rostock 1550, d. 07.03.1613, g. m. Barbara Gøde 5 Morten Sixten von Møinichen, f. 15.05.1599, d. 1677, g. m. Margarethe Dobbelsten 1a Jens Mortensen von Møinichen, f. 09.05.1642, g. m. Magdalena Bredal 2e Erik Bredal a Møinichen, f. 1672, g. m. Abel Sofie Lem, f. 1679, d. 1769 3b Jens a Møinichen, f. 1706, g. m. Anne Catrine Hiermann 4a Anne Christine Jensdtr. Møinichen, f. utenfor ekteskap ca. 1727, hun hadde som pike guttebarnet: 5a Jens Olsen Møinichen, dpt. i Fosnæs 1762Eg har ikkje lest denne boka sjølv, men eg skal bestille henne. Kor truverdig boka er som kjelde, anar eg ingen ting om. Mykje av informasjonen stemmer godt med det vi har skissert før + at Møinichen-slekta er spora eit stykkje lenger attover. Det eg bit meg merke i, er at Anne Christine Møinichen skal vera født utanfor ekteskap ca. 1727. Vår Anne Christine (i Fosnes) er mogeleg også født i 1727. Mitt spørsmål da er: Kan det rett og slett hende at Anne Christine f. utanfor ekteskap i 1727 er ein heilt annan person enn Anna Kirstine døypt i Bergen (innanfor ekteskap) i 1734? Kan nokon bekrefte, eller avkrefte dette? Når Anne Christine er født i 1727, var far hennar berre 21 år, og den antatte mora berre 17, så utenkjeleg er det vel ikkje, at Jens Eriksen Møinichen fekk eit uekte barn i sin ungdom. (Jens og Anne Katharina vart jo ikkje gift før i 1732) Finst det til dømes ein dåp frå 1727, som kan hjelpe oss?Vidare opplysast det om at også Jens Olsen Møinichen, dpt. i Fosnæs 1762, er født utanom ekteskap. Er det nokon som kan kontrollere kyrkjeboka frå Fosnes, og finne dåpen hans? Slik at vi også evt. kan finne fullt namn på hans far?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

Først: Kan det bekreftes at Jens Eriksen à Møinichen var 'procurator i Vegø' ?Dernest: F.året 'ca.1727' for Anne Christine Jensdatter Møinichen er nok tatt fra hennes angitte alder (74 år) i FT 1801, der hun altså bor som fattig enke på en husmannsplass under prestegarden i Fosnes (innlegg 8) sammen med (hennes antatte sønn) husmann Jens Møinichen (40 år).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Har endeleg, etter lang venting, fått tak i boka 'Møinichen stamtavle' av Johan Schak Moe. Som skissert over, er slektskapsforholda langt på veg bekrefta. Boka tek også for seg fleire andre slektsgreiner, og inneheld ei meng namn og data, fleire kjente, og mindre kjente personar i Noreg.Først til Jens Eriksen a Møinichen: f. 1706, skriver i Bergen i 1728, procurator på Vega, viet i Haugs kirke, Hammer, den 11. september 1732 med Cathrine Heirmann. (Nokon som har noko på denne slekta?) Far hennar var sokneprest Heirmann på Hå, det er alt eg veit.Fekk så dottera Anne Christine, truleg i 1734. Mogeleg det einaste barnet dei fekk. (Andre er ikkje oppgitt)Dåpen hennar talar vel også for at fødselsåret 1727 er feil.Fleire sentrale spørsmål står enno opne: - Korleis/kvifor hamna Anne Christine på Jøa? - Kven var Ole, som ho fekk barn med i 1762? (Døypt i Fosnes kyrkje)Her er det vel på tide at jøbyggen kjem på banen?Boka kjem også med ei merkeleg opplysing: Ho oppgir at Jens Olsen Møinichen var handelsmann og dekorasjonasmaler på Skredderneset i 1801. (jmf. NBB, og innlegg 8) medan FT1801 gir eit heilt anna bilde av forholda. (Husmann på Fosnes)Vidare kan ein fritt spekulere litt: Jens Eriksen a Møinichen var frå ei rik og mektig slekt, med ei mengd prestar mm. han var også prokurator. Korleis kunne da (den einaste?) dottera hans synke ned i husmannsstanden? Det må vel finnast eit skifte etter denne mannen? Nokon på Vega som veit noko?Til slutt kan det også opplysast at Anne Christine var gift to gonger. 1. med Jørgen Hildrum i 1772, og 2. med Jacob Hvalholmen. Det ser ikkje ut som ho hadde barn med nokon av dei.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Viser til innlegg 10Eg har prøvd å søkje etter foreldrea til Margrethe Jonsdatter Berg frå Snåsa, da særleg Adriana Jonsdotter Falck, død 1812 i Vemundvik, der dei budde. Finn ikkje henne i FT1801, verken i Snåsa, Vemundvik, eller omkringliggjande områder.Var ho av den meir kjente Falck-slekta?Eit lite notat i tidlegare nemnte slektsbok gir følgjande opplysing om Margrethe: Født Berg, handelsslekten Berg Bomo frå Snåsa.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

(15, 3. avsn.) Jeg stusser på etternavnet 'Heirmann', og mener det må være Hierman (Hiermann/Giermand). I så fall kunne det 'passe bra' om foreldrene var Christopher Jensen Hierman (1660-1712) fra Stavanger (?), død i Haus (Haugs/Hougs), HO, og kona Anna Rasmusdatter Mentz f.1674, som hadde sønnen Jens Christophersen Hierman (1709-1779), gjestegiver i Ulvik, Hardanger, der han drev Kjøile gjestgiveri. Jeg vet dog ikke om Christopher var prest eller om han virket på Hå (Bø, Jæren ?). Hans mor het Anna Cathrine (!) Nilsdatter (død 1690, Stavanger).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

(16:) Herkomsten fra Bomo, Snåsa, skal stemme. Adriana's mann Jon Andersson Berg skal være sønn av Anders Jonson Bomo (1691-1772) og hans 2. kone kone Sara Hallvardsdotter Bøgset (død 1761).Blant de som har denne informasjonen er Sigurd Eliassen (DISTreff). Jeg har sendt ham en e-mail og spurt om kildegrunnlaget, samt hvor Adriana ev. kan finnes i FT 1801. Om hun da ikke er identisk med den 'Adrianna JENSdatter', 50 år, som i 1801 lever i ekteskap (begges første !) med 'Bonde og gaardbruger Knud Nielsen' på Galtnes i Kolvereid, NT. (I så fall må vel Margrethe Jonsdatter Berg være født utenomekteskapelig, ca. 1770). Eldste hjemmeværende barn på Galtnes i 1801 er Niels, f. ca. 1780.Jeg kjenner ikke til hvilken Falck/Falch-selkt Adriana Jonsdotter Falck ev. skulle tilhøre, men det fantes jo flere 'Adrian Falch' i Troms ...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

Adriana Jonsdotter Falck er vel født rundt 1750, og skal altså være død (i Vemundvik ?) i 1812.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

(15:) Kvar er Jøa, og korleis veit vi at Anne Christine (Jensdotter Møinichen) hamna der ? Kva tid budde ho på Jøa, og kven andre budde ho i lag med der ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

(15:) Det var vel ikkje Anne Christine Jensdatter Møinichen sjølv som sokk 'ned i husmannsstanden', men mogelegvis sonen hennar, Jens. Og det kan jo ha fore utforbakke med handelsverksemda, slik at han budde som 'husmand med jord' i 1801. Kanhende var han ein skral, nesten 40 år gamal kar utan anna arbeid i 1801, og kva skal ein kalla ein slik, anna enn 'husmand med jord' ? Han tykte kanhende at han hadde måla i frå seg óg ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Innlegg 17: Etternamnet skal sjølvsagt vera Hiermann. Her har nok dysleksien slått til. Christopher Jensen Hiermann er nok ein god kandidat, da Jens og Anne Catrine vart via i Haugs kyrkje. (Kor Christopher døydde)Anne Catrine skal vera født i 1710, så det kan også stemme med årstala. (Om over nemnte Jens Christophersen Hiermann er hennar bror, f. i 1709)Vidare er mor til Christopher, Anne Cathrine ein god indikasjon, med tanke på oppkalling. Takkar og bukkar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

(20:) Eg ser jo no at det var nett i Jøa sokn, Fosnes, at ho budde i 1801, saman med sonen. At ho i 1801 var enkje etter 1. ekteskap er venteleg feil, om ho då ikkje verkeleg giftar seg for 2. gong med Jacob Hvalholmen først etter 1801 (som eldre enn 67 år).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

(20 og 21:) Jøa er ei nokså stor øy, og utgjer hovuddelen av Fosnes kommune. Der ein blant anna finn kommunesenteret og Fosnes kyrkje. Skulle nok ha heldt meg til 'Fosnes' for ikkje å skape forvirring. Beklager.Elles skal eg seie meg samd i innlegg 21. Skal sjekke opp Galtnes, da eg bur eit par steinkast unna, og har bygdeboka som dekker området.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

(18:) Galtnes er nok eit blindspor, sjølv om det vart drivi handel der. Finn dei heller ikkje att i Nærøy Bygdebok II s.125 (Galtnes), men derimot i same bok s. 152 under garden Oplø. Da med namna Knud Nilsen Lund og Andrea Jonsdatter, med bla. sonen Nils f. i 1780. Andrea sin far oppgis å vera Jon Lund f. 1700. (Lund er ein annan gard i soknet, og det var bla. der Johannes Jensen Møinichen slo seg ned som husmann på plassen Haranes)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.