Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#47559] Giske og Bjarkøy: Miniseminar i Busevika i Ålesund


Recommended Posts

Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg reknar med at Giskeseminaret er under full og heftig planlegging. Sunnmøre Historielag har, så vidt eg kan forstå, tatt på seg ansvaret for avviklinga av dette.Ellers har dataproblema mine vore formidable, og sjølv om eg no har fått haudet over vatnet er eg, på sett og vis, varig skadd. No lagrar eg alt på tre harddiskar, men eg veit ikkje om det er nok...

Gjest Bjørn Jonson Dale

Og Knut: Du skal pinast. Lenge. Til trøyst: Du blir ikkje aleine i denne pina. Lars Løberg skal få smake pina med.Eg 'avslutta' ikkje dette ordskiftet av andre enn tekniske grunnar; datasammenbrotet mitt var så omfattande at eg trudde at eg hadde mista alt. Det var ei fæl oppleving, og enno er eg temmelig sjokkskadd, for eg har jo halde på med 'data' sidan sist på 80-tallet og hadde aldri opplevd noke slikt.Eg kan bli skremt av mykje, men ikkje av kreative tromsøværingar... Dei kan vere fryktelige å sjå til (og høyre på: Pussycats), men greie å vere i lag med.

Gjest Stein Arne Fauske

Eg er lei for at eg ikkje kan kome med nokon dato enno. Stoda er slik: Både Sunnmøre Historielag og HIFO vil ha seminar, men helst eit som femner vidt og trekkjer folk. Det er med andre ord ikkje so stor interesse for eit seminar om arverekkjefølga til Giskegodset, men heller eit seminar som omhandlar fleire aspekt ved historia åt godset. Det let seg sjølvsagt gjere å arrangere eit seminar der ein har ein del for ålmenta og ein annan for dei få. Den største utfordringa ligg i at korkje HIFO eller Sunnmøre Historielag har pengar til å betale reise og opphald for dei som skal halde innlegg.

Gjest Tore H Vigerust

Man kan jo bestemme i utgangspunktet, først som sist, at alle innledere dekker reisen og oppholdet selv. Er det, under en slik forutsetning, mulig å få Sunnmøre Historielag og HIFO Nordvestlandet til å stille med lokale inkl arrangementtekniske finesser ?

Gjest Bjørn Jonson Dale

Stein Arne Fauske er vel den mest sjølvskrevne innleiaren, som forfattar av soga om Giskegodset 1537-1648. Eg, som arbeider med soga om godset i tida 1349-1537 (og for så vidt seinare med) på oppdrag fra m.a Giske kommune, burde kanskje også kunne få eit ord med i laget. Eg stiller gratis, og det reknar eg med at Stein Arne også gjør.Sjølvsagte innleiiarar ellers er Lars Løberg, Jo Rune Ugulen, Tore Vigerust og Tor Weidling. Det er merkelig at ikkje HIFO-Nordvestlandet og Sunnmøre Historielag ikkje skal ha råd til å koste reise og opphald til disse framståande historikarane. Eg har ellers tibydd meg å hyse inntil 11 pesonar i samband med seminaret.Det vil heilt visst vere råd å få ei viss sponsing av eit slikt seminar, t.d fra Sunnmørsposten og Giske kommuneEg veit ellers om nokre andre mulige sponsorar.

Gjest Lars Løberg

Ingenting feil med seminar som favner vidt og trekker folk, men jo videre det skal favne, dessto mindre spesialisert blir temaet. Jeg tror egentlig ikke det kommer særlig mange fler til et seminar om Sunnmøre i eldre og litt nyere tid enn det vil gjøre til et fagmøte om Giske/Bjarkøy-godset. Hensikten var vel egentlig å bistå Bjørn med manuset hans, ikke å drive generell folkeopplysning.Det forundrer meg uansett at de nye arrangørene ennå ikke har tatt kontakt med aktuelle innledere for å forhøre seg om krav til kostnadsdekning. Hadde vi latt det være opp til Bjørn, kunne vi forlengst vært ferdige med seminaret. Annet enn et møtelokale og et overnattingstilbud skulle det ikke være behov for - da med ett unntak. Jeg syns vel arrangørene kan spandere en flybillett på Knut Hansen fra Tromsø.

Gjest Bjørn Jonson Dale

Det er sjølvsagt at Knut Hansen må vere med. Eit miniseminar ville ha hatt ein flat struktur, men dersom det blir eit større seminar må strukturen bli ein annan. Eg er ikkje med i styret korkje til HIFO-Nordvest eller Sunnmøre Historielag, men vil slutte meg til Lars og be om at Knut også blir invitert som innleiar.

Gjest Stein Arne Fauske

Det er greit Lars. Vi treng ikkje ta dette i plenum. Dei som har høve til å betale reisa si sjølv kan sende meg ein epost: steinarnefauske@xi.no Med omsyn til innleg 184. Sjølvsagt skal vi drive folkeopplysning. Og sjølvsagt kjem det folk. Sunnmøringane er svært historieinteresserte må vite.Vi som syslar med sunnmørs-soga må dessutan tenke langsiktig. Her er det ikkje berre snakk om å 'hjelpe Bjørn'. Vi treng større engasjement kring tema som Giskegodset. Den beste måten å gjere det på er auka kunnskap.

Gjest Leiv Magne Apelseth

Tore, har du klart 'manuskript' kring Kårbø, Erling unge, Ragna osv.. til seminaret? Du var (om eg ikkje hugsar heilt feil) lovd ein ny kopi av Bjarnes testamente og. Det er Ragna sin mann, Pål Pålsson, eg er mest interessert i akkurat no. Er han identifisert noko nærmare ?

  • 2 uker senere...
Gjest Stein Arne Fauske

Seminaret er i rute! Sunnmøre Historielag og HIFO tek sikte på å gjennomføre eit seminar med problemstillingar knytt til adel og godsøkonomi i høg- og seinmellomalder, eingong i november. Sjølv om tema er vidt formulert, er det sjølvsagt at Giske/Bjarkøy vert det sentrale emnet. Vi tenkjer oss eit seminar over ei helg, der første delen vil ha form av ei samdrøfting (workshop), og ein del på søndag der resultata vert pressentert for ålmenta. Eg tek gjerne imot forslag til kven som bør/vil ta del i samdrøftinga. Eg kjem attende med ein endeleg dato so fort som råd. Dersom nokon har spørsmål eller kommentarar kan dei sende meg ein epost: steinarnefauske@xi.no

Gjest Knut Hansen

Hei.Ja da var det bare å vente, tvinne tommeltotter og håpe at det kommer mye nytt frem på seminaret. Er det ett lønnlig håp om at det produseres noe før jul fra seminaret?Det blir uansett leeenge å vente.MvhKnut

Gjest Bjørn Jonson Dale

Dersom dei eventuelle resultata fra seminaret skal bli lagt fram på trykk i 2007 bør seminaret flyttast til første halvdelen av novmber, dvs seinast til helga 9-11 november. I så fall kan alle innleiingane og drøftingane i samband med disse komme på trykk i Årbok for Sunnmøre (før Tidsskrift for Sunnmøre Historielag) i desember.Eg er svært glad for at Sunnmøre Historielag vil ta på seg gjennomføringa av eit slikt seminar. På den andre sida: Kven skulle ellers gjøre det, og korfor er det ikkje blitt gjort før?For å kunne publisere ein fullverdig seminarrapport i 2007 må seminaret seinast haldast 9-11 november. Blir det halde seinare vil bare dei tre-fire innleiingane kunne bli publiserte i Årbok for Sunnmøre 2007, innvendingane først eitt år seinare.Eg er viss på at styret i Sunnmøre Historielag forstår kva eg meiner, og at det vil ta konsekvensane av dette. Årbok for Sunnmøre 2007 kan bli ein både regional og nasjonal suksess dersom emnet for årboka blir 'Alt om Giske - så vidt vi veit'.Sidan Giskegodset var, så vidt vi veit, det største privateigde jordegodset i Norden i mellomalderen kan vi ikkje sjå vekk fra at ein samla seminarrapport kan påkalle seg meir enn nasjonal interesse.

  • 4 uker senere...
Gjest Knut Hansen

Hei.Nei, jeg kommer nok ikke på seminaret. Synd at det tar så lang tid til publiseringa.Det kan se ut til at jeg må vente med eventuell publisering av 'Bjarkøy-ætta' for å få nyte godt av publiseringen av seminaret om Giske.Fortsatt god sommerMvhKnut

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.